Motstandens estetikk
Di større kompleksitet, di meir fridom, trur Tanja Orning. Ho framfører komplekse stykke under Ultima sin avslutningskonsert.

På kontoret sitt på Noregs musikkhøgskole har Tanja Orning funne fram eit lite knippe notar for å forklara kva ho held på med i doktorgradsprosjektet sitt, kalla ”Ny musikk – ny cellist?”.

Utøvinga står i fokus; og utan å gå inn på spørsmålet om eit verk kan eksistera utan framføringa, er notematerialet som Orning viser fram inngangen til denne utøvinga; eit materiale som ikkje alltid har klåre svar. Mellom spørsmåla ho har stilt seg er kva kunnskap ein utøvar må ha for å framføra eit utval partiturbaserte samtidsverk for solo cello.


Les også: Siste samtale på plateloftet


Ulike oppfattingar
Cellisten skulle ha dei beste føresetnader for å svara på dette. Dei siste 20 åra har ho arbeidd som utøvar. Først som alternerande solocellist i Stavanger Symfoniorkester, og frå år 2000 som sjølvstendig utøvar av samtidsmusikk i ei lang rekkje konstellasjonar, som til dømes asamisimasa, Boa og Christian Wallumrød Ensemble.

- I alle desse samanhengane arbeider ein jo med framføringspraksis. Når ein arbeider i ensemble, med musikk som krev at ein tek val, og i eit landskap utan etablerte normer for utførsla, opplever ein gjerne at folk kjem med heilt ulike oppfattingar av korleis ein skal løysa det. Til dømes kan det vera avhengig av kva ein har arbeidd med estetisk sett. Dermed er ein nøydd til å diskutera korleis ein skal gjera ting, i fellesskap, seier Orning.


Artikulert taus kunnskap
I prosjektet hennar forsøker ho å bringa somme av røynslene over i ei teoretisk ramme. Ho har avgrensa det til å handla om hennar – og andre cellistar – sitt arbeid, som solistiske utøvarar. Og det å finna omgrep for praksisen er i seg sjølv eit slags sjangeroverskridande prosjekt, medgjev cellisten.

- Den store utfordinga er at utøvarar har mykje taus kunnskap. Utøvinga er i stor grad eit handverk. Ein kan ha gjort den same handlinga tusenvis av gonger, utan eigentleg å ha sett ord på det. Det betyr jo ikkje at ein ikkje tenkjer. Men å artikulera det ein held på med, er noko anna, og involverer eit anna medium. Det har vore befriande å freista orientera seg innanfor dei ulike diskursane og perspektiva i akademia; det gjev det nokre verktøy til å seia noko om det eg alt kan. Slik sett gjer eg ikkje mykje annleis enn før, men eg artikulerer det i skrift, og freistar å gje perspektiv som ikkje berre vert subjektive, seier Orning.


Verk som gjev fridom
Utgangspunktet for forskinga er tre komposisjonar – som alle vert framført under Ultima sin avslutningsdag.

Verka gjev heilt ulike inngangsporter til utøving, og representerer tydelige estetiske retningar etter 1950. Morton Feldman sitt stykke ”Projection 1” (1950) har grafisk partitur, og overlet mange val til utøvaren. Helmut Lachenmann sitt stykke ”Pression” (1969) er basert på ideen hans om musique concrète instrumentale, der han definerer dei klanglege høva i instrumentet han skriv for på nytt. Medan Klaus K. Hübler i stykket ”Opus breve” (1987) arbeider med ein kompleksitet som Orning kallar instrumental polyfoni.

Fellesnemnaren er at verka gjev utøvaren fridom til tolking, hevdar Orning. Ein fridom som skil seg frå arbeidet med mange eldre, kanoniserte verk der ein i større grad kan lesa ut av dei korleis det vil klinga. For i arbeidet med ny musikk vil resultatet gjerne klinga meir ulikt frå utøvar til utøvar, og ein har færre etablerte referansar å halda seg til.

- Ein har ikkje den same transparensen mellom partitur, komponist og utøvar, konstaterer Orning.


Frå deskriptiv til preskriptiv
Men sjølve valfridomen er ulik, hevdar cellisten. Feldman nyttar konvensjonelle speleteknikkar. Han fastset parameter som toneregister, speleteknikk og rytme, men gjev utøvaren fridom i handsaminga av desse. Lachenmann er langt meir detaljert med tanke på kva som skal skje; men utøvaren må til ein viss grad finna ut korleis symbola i partituret skal klinga, sidan det ikkje finst etablerte normer for klangane.

Orning peikar i notematerialet:

- I motsetnad til den vanlege, deskriptive notasjonen, med tonehøgder, rytmikk, og dynamikk, kallar eg dette for ein preskriptiv notasjon, eller action notation. Den fortel deg ikkje korleis musikken vil klinga, berre kva du skal gjera. Det er som ei oppskrift på kor sterkt du skal pressa bogen på strengane, frå du så vidt rører dei, til du pressar heilt ekstremt. Og slik går det: symbola tyder ulike ting ein gjer på celloen. Det er som om Lachenmann freistar vrengjer celloen frå innsida og ut. Sjølv seier han at det å komponera er som å byggja eit nytt instrument, seier Orning.


Helmut Lachenmanns "Pression"-partitur

Ein tredje storleik er verket til Hüber: Eit rimeleg omfattande – for journalisten nær skremmande – notebilete, slik det ser ut når Orning legg det på bordet.

- Her er det igjen snakk om relativt konvensjonelle speleteknikkar, men verket er organisert på tre system med ulike parameter, som bogerytme, strengeovergangane og kva ein skal gjera med venstre hand. Det er så mange musikalske sjikt og nye kombinasjonar av parameter han ynskjer å få fram på likt, seier Orning.


Å kritisera verket
Men dette komplekse, som i første omgang kan opplevast som ei tvangstrøye, er altså det som tilfører fridom i stykket, kanskje meir enn hjå nokon av dei andre, meiner ho.

- Det kan høyrast paradoksalt ut, men materialet medfører at utøvaren må gå inn og kritisera verket og ta val. Målet er å utføra ”alt” i partituret, men det er ikkje mogleg å gjera alt, så ein må finna ut kva som er det viktige. Det gjev utøvaren ei aktiv og undersøkande rolle i høve til sin eigen instrumentalpraksis. Det er ein slags motstandens estetikk, som nødvendigvis må gje andre omgrep for tolking enn dei me kjenner frå klassisk musikk.

- Veit ein så kva tid utøvaren har valt for mykje? Finst det noko slikt som ei feiltolking?

- Det er eit sentralt spørsmål. Me har jo i ryggraden at ein skal vera lojale mot komponistens intensjonar. Og når ein framfører eit verk, bør ein ha ein viss kjennskap til tradisjonen: Kva estetikk komponistane var oppteken av, til dømes. Men så må ein ta val, og kvar grensa så går har ingen fasiten på, ikkje komponisten heller. Eg meiner at dette er noko kvar enkelt utøvar må vita for seg sjølv.


Les også: Høyt og lavt, ute og inne


Opne skott
Det skriftlege i prosjektet vil ein neppe sjå reflektert i konserten hennar laurdag. Men ein får møta ein utøvar med verk som ho verkeleg har under huda, og ein vil møta dei i ein uvanleg konstellasjon; som respons på uttrykket til qinspelar Zeng Xiagong frå Kina.

Dei to møtest for første gong på laurdag, og det er festivalen som har programmert dei to i lag. Orning vonar konserten vil syna både samanhengar og brot mellom klangverdene dei representerer, og trur verka ho forskar på høver godt til det.

- Programmeringa av dykk saman seier noko om at årets festival fokuserer på sjangerblanding – og at du som utøvar gjerne kan stå på programmet ved mange typar av festivalar. Skotta er ikkje lenger like tette som dei ein gong var?

- Nei, eg trur mykje har vore i endring dei siste åra. Den tida der komponistar var spesialiserte og høgst i det musikalske hierarkiet gjeld ikkje like bastant lenger. No er komponistar utøvarar og omvendt. Eg trur eigentleg at dei fleste som held på med
samtidsmusikk i dag har ei brei verksemd relatert til musikken dei arbeider med, seier Orning.

Som på spørsmål om framtida for Ultima vonar at dette trekket vil synast att.

- POING er glitrande døme på den typen av utøvarar eg snakkar om, som ikkje berre er gode handverkarar men også tenkjande og talande vesen. Og eg meiner ein kan sjå det på årets festival, at den er musikantisk tenkt. Dette året møter me gode utøvarar, som spelar god musikk, som dei òg likar å spela. Det likar eg.

- Eg trur Ultima sin vidare gang kan gå i heilt ulike retningar, avhengig av den nye leiaren. Men eg trur i alle fall at korkje utøvarar eller publikum er tru mot grensene lenger. Alt lek inn i kvarandre, som elles i samfunnet.

Tanja Orning held ein av mange konsertar under Ultima sin avslutningsdag 17. september, på Kunsthøgskolen i Oslo. Programmet for dagen finn du her.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary