Ultimasjef på grundig leiting
- Globalisering er den største utfordringa for ein festival, seier Luca Francesconi, som er kunstnarleg leiar av Ultima frå 2011.

Den italienske komponisten Luca Francesconi er kjend for sine store musikkdramatiske stykke. Han er òg kjend som stiftar av senteret for musikkteknologi, Agon (i 1990) og som kunstnarleg leiar for Venezia-biennalen.

No er han tilsett som ny kunstnarleg leiar for Ultima, og gler seg til å ta fatt på oppgåva.

- Ultima har etablert seg gjennom dei siste 5-10 åra som ein av dei viktigaste samtidsmusikkfestivalane i Europa. Den har ei særs dynamisk og open profil, og har vorte ein av festivalane der europeiske komponistar ynskjer å vera, seier han.

Prosessen med å finna ein leiar for Ultima har teke tid. Francesconi fanst ikkje mellom dei 38 personane på lista over søkjarar som vart gjort offentleg i desember i fjor, og det har altså teke ytterlegare fem månader før styret kom til ei avgjersle.

- Styret i Ultima nedsatte et ansettelsesutvalg for å fremme en innstilling på kandidat til stillingen som kunstnerisk leder til styret, fortel styreleiar i Ultima, Stein Olav Henrichsen.

- Parallelt med gjennomgangen av søkerne og offentliggjøringen av disse, ba utvalget om innspill til prosessen fra flere sentrale aktører i internasjonalt musikk- og kunstliv. Luca Francesconi kom på blokken tidlig i denne første fasen, og var med i vurderingene praktisk talt fra begynnelsen av våre drøftinger. Vi svært fornøyd med å få en av verdens fremste og mest sentrale kunstnere til å lede festivalen, seier Henrichsen.

Han legg til at styret har ynskt å gje Francesconi høve til å oppretthalda si eiga kunstarlege verksemd. Leiingstrukturen vert dermed todelt, og ei separat stilling som administrativ leiar av festivalen vert snart lyst ut.


Mykje dårleg kunst
Francesconi, som var festivalkomponist under Ultima i 2006, kjenner det skandinaviske musikkmiljøet gjennom stillinga si som professor i komposisjon i Malmø. Den har han hatt sidan 2003. Likevel er ein studie av det nordiske samtidsmusikkmiljøet høgt oppe på lista over gjeremål, når engasjementet til komponisten trer i kraft i 2011.

Ein treng altså ikkje uroa seg for at norsk og nordisk samtidsmusikk vil få mindre plass på festivalen med ein italiensk leiar, hevdar Francesconi.

- Høvet for norske utøvarar og komponistar må sjølvsagt vera vidt. Det er ei forplikting som ligg i festivalen, seier han. – Ein festival av dette formatet er ein balansegang mellom å engasjera folk i festivalen sin nærleik, samstundes som ein legg til rette for at det kjem impulsar og konfrontasjonar utanfrå. Uansett er målet å leita etter god kunst.

- Og det er dette som er den verkelege utfordringa: Når det kjem til samtidskunst, er mykje av det som vert produsert dårleg – dei samtidige uttrykka er ikkje kanoniserte, naturleg nok. Det er sjeldan du finn noko som er verkeleg interessant, og for å finna dette må du gjera ei grundig leiting. Difor er det fyrste eg kjem til å gjera i 2011 å finna eit godt kunstnarleg råd som hjelper meg med dette. Slik har eg arbeidd i Venezia og Agon også, seier han.


Open og kravstor
Kva ynskjer han så å gjera med festivalen?

- Eg ynskjer å opna opp for diskusjonar kring kva musikken kan vera i vår tid, svarer Francesconi.

Han refererer ikkje til debatten etter fjorårets festival, om samtidsmusikken i spagat mellom avantgarde og modernisme. Den kjenner han ikkje til, men konfrontert med innhaldet, svarer Francesconi at det utslagsgjevande for han ikkje nødvendigvis handlar om stil eller estetikk.

- Det er mange måtar å programmera på, og mi innstilling er heilt enkelt at eg vil vera open, seier Francesconi.

- Dette har vore tilnærminga mi til musikk heile tida. Eg studerte på eit musikkonservatorium (i Milano red anm.) og sette meg grundig inn i den vestlege tradisjonen. Parallelt spelte eg rock, musikk for teater, film. Eg har vore oppteken av jazz og mykje anna. For meg var det viktig å gå i djupna på min eigen tradisjon – den europeiske, vestlege. Eg gjorde meg kjend både med ideen om å notera ”teksten” i eit partitur, som eitt av fundamenta i vestleg tradisjon, og sidan alle reaksjonane på dette. Eg er òg interessert i dei fleste andre tradisjonar sin musikk.

- Det eg ikkje likar, er dei i overkant akademiske tilnærmingane; desse som dyrkar ei bestemt form for fastlåst retorikk. Den serielle musikken køyrde seg fast – men det gjorde mange av reaksjonane som følgde òg. Det er kanskje slik med dei fleste uttrykk. Ta for eksempel framføringar av noise-stykke; nokon programmerer dei på ein datamaskin og viser kanskje ein video i tillegg gjennom 50 minutt lange strekk. Desse opplevingane var interessante dei første gongane me høyrde dei, men no har me høyrt dei gjennom tiår. På same måte har eg lite til overs for alt det tilgjorte innan ulike aspekt av kunst – kanskje særleg dei konseptuelle, postmoderne og keisame uttrykka som me har sett ein billion gongar, frå Andy Warhol og John Cage starta desse bølgjene i førre hundreåret.

- Du likar ikkje Warhol eller Cage?

- Jo, eg likar resultata av det dei har laga, men eg likar ikkje at det vert ein ideologi. Eg likar ikkje det som skjer når eit uttrykk vert ein stil, og eg er skeptisk til ideen om at noko er kvalitativt godt eller dårleg avhengig av merkelappen eller sjangeren. Eg meiner ein må vera meir open enn dette – eller like gjerne meir kravstor.

- Kvalitet handlar ikkje så mykje om estetikk eller stil, men om i kva grad dei som står bak uttrykket har noko å seia. Då held det ikkje å kopiera ein annan komponist som du har tru på. Eit kvart uttrykk står i fare for å stagnera dersom det ikkje heile tida konfronterar seg sjølv.


Musikk som metafor
- Du hevdar at Ultima er ein festival der komponistar ynskjer å vera. Meiner du at Ultima er ein festival der komponistar ynskjer å bli framførte – eller er det ein festival der komponistar og andre interesserte kjem for å verta oppdaterte på kva som går føre seg?

- Det er ein interessant diskusjon, og merksemd er nok eit relativt fenomen, svarer Francesconi. - Globalisering er den største utfordringa for ein festival i dag. Me hevdar heile tida at globalisering gjer verda mindre: Teknologien sørgjer for at dette intervjuet kan finna stad, sjølv om det er tusenvis av kilometer mellom oss. Baksida av denne utviklinga er at me krev at avstandar skal vera korte. For mange opplevast det som altfor langt å reisa heilt til for eksempel Wien for å lytta til ein bestemt komponist sin musikk. Me ynskjer at hendingar skal komma til oss, og at dei skal komma raskt. Det er sjeldnare og sjeldnare ein reiser fysisk til eit evenement.

Den gamle ideen om festivalen som internasjonal mønstringsstad er ikkje lenger gjennomførbar, meiner Francesconi.

- I gamle dagar var festivalane som butikkvindauget der du kunne stilla ut dei eksklusive varene dine og folk kom springande for å sjå kva overraskingar du ville gje dei. Denne tida er for lengst passert. For å laga ein festival som skapar ein slik virak i dag, må du vera noko slikt som Shanghai Expo. Då kan du tiltrekkja deg folk frå heile verda. Eg trur ikkje det same nokon gong vil vera mogleg med ein festival som er undersøkande, som utforskar det som ikkje er synleg endå. Difor trur eg at me må finna en ny måte å nytta festivalen på, meir som eit kreativt område, ein permanent workshop, der ein utforskar omgjevnadene sine.

- For omgjevnadene våre er i forandring. Opplevinga vår av tid og stad er annleis, og spørsmålet er kva konsekvensar dette har – og kor stor endringa faktisk er. Ein ting er at me må diskutera korleis ein bør produsera kunstnarlege uttrykk i høve til denne endringa. Ein annan er at me bør forsøka å forstå samtida vår gjennom musikk. Dei aukande katastrofar i omgjevnadene våre – alle varselsignala me får om at noko er annleis – varslar om ikkje anna dette: At noko er i endring, og at me ikkje veit kva konsekvensar det har.

- Dette er samfunnsmessige spørsmål. Samtidsmusikken vert stadig kritisert for å vera for fjern frå samfunnet. Korleis meiner du ein kan diskutera desse emna gjennom musikk?

- Musikk er først av alt undersøkande, og eg meiner at musikk både kan og må bringast attende inn i ein kulturell debatt, mykje meir enn kva som er tilfellet i dag, svarer Francesconi.

- Musikk anno 2010 bør vera noko meir enn uidentifiserte lydobjekt. Det er ei sentral oppgåve å formidla for folk at det komponistane gjer er ein del av den kulturelle refleksjonen, som handlar om balansen mellom kropp og sjel, tenka og gjera, skapa og framføra. Denne balansen er i ferd med å gå tapt, og slik sett kan musikk vera ein metafor for den menneskelege tilstanden. Dette er slik eg ser det årsaka til at denne festivalen er så viktig.


Ingen dommar
Francesconi ser føre seg eit Ultima der mange uttrykk møtest, gjerne i collagar, og der folk i større grad kan velja kvar, kor og når. Han likar ikkje den klassiske konsertforma der menneske sit stille på stolane sine og lyttar høfleg.

- Eg vonar me i så stor grad som mogleg får erstatta det vanlege konseptet med ein meir romleg og heilskapleg form for konsert, der ein presenterer kunst kontinuerleg og publikum kan komma og gå som dei vil, og til einkvar tid bestemma seg for kva dei vil utsetja seg for av inntrykk.

- Eg veit ikkje om det er dette som er oppskrifta; eg utforskar som alle andre. Eg seier ikkje kva som er godt og dårleg, men set ting ved sida av kvarandre, så kan folk få nytta hjernen sin att og velja. Og i mellom dette kan dei få seg ein matbit. Alt som kan gje kjensla av fridom.





Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Contemporary