Låg norskandel ved Musikkhøgskolen
Berre 16% av komposisjonane framførd i klassiske utøvarfag ved NMH i 2010 var norske. Er dette tilfredsstillande for NMH som statleg institusjon?

Ballade har sett nærare på det offentlege konserttilbodet ved Noregs musikkhøgskole (NMH).

Nærare bestemt er det konsertane knytt til dei klassiske utøvarstudia i 2010 som er studert (sjå talmateriale og avgrensingar her). Grovt talt vart det funne 1410 framføringar av noterte verk dette året. Blant desse var 232 av komposisjonane norske, noko som utgjer om lag 16%.

50 av dei norske stykka er laga av skulen sine eigne komposisjonsstudentar, medan dei resterande 182 verka utgjorde kring 13% av verksemda.

Til samanlikning er NRK pålagd å spela 35% norsk musikk.


Opptekne av bredde
Er dette talet høgt eller lågt? Kjell Tore Innervik, leiar av Formidlingsutvalet ved NMH, meiner det er lite fruktbart å ta stilling til kva som er ei høveleg mengd norsk musikk.

- Me er opptekne av breidde i dette studiet. Studiet er ein større heilskap der elevane har eit stort repertoar dei skal gjennom, seier han.

Denne breidda er truleg grunngjevinga for fjorårets tal, 13-16%, meiner Innervik, som presiserer at skulen har eit ansvar for å ta vare på norsk musikk.

- Det er viktig at ein nasjonal institusjon bidrar til å ta vare på sin eigen kultur. Derfor forsøker me å leggja til rette for dei som er interesserte. Eg meiner det er nokså gode høve for å få spela norsk musikk ved NMH, seier han.


Fleire tiltak
For å gjera elevane kjende med norsk musikk, har NMH fleire tiltak. Mellom anna har dei eigne prosjekt og konsertar knytt til Ultimafestivalen. Dei arrangerer Vinterlydfestivalen, der ein i programmeringa har fokus på nytt og norsk. Gjennom ei årrekkje har MIC Norsk musikkinformasjon stilt ut norske komposisjonar for spesifikke instrumentgrupper på NMH, så studentane skal få oversikt over eksisterande norsk musikk (MIC er utgjevar av Ballade.no, red. anm). Komposisjonsstudentane ved skulen har sin eigen konsertserie, der dei får framført eigne komposisjonar. Og i det nyleg initierte Musikkarv- prosjektet er meininga å gjera eldre norsk musikk tilgjengeleg for bruk.

- Me skulle gjerne ha tinga fleire nye norske verk, seier Innervik.

- Men sidan NMH får grunnløyving frå staten, kan me ikkje søkja stønad til dette eller til å arrangera enkeltprosjekt frå Norsk kulturråd. Det er ei problemstilling som er med på å gjera denne typen satsingar vanskeleg for oss.


Mindre norsk på masternivå
Trass tiltaka for å gje kunnskap om det norske, er talet norske verk på master- og diplomstudentane sine konsertar lågt. Av 370 spelte komposisjonar, fann me 28 norske verk, altså 7,5 %. Dei 28 verka var fordelt på få personar. Dei som først hadde programmert norske stykke på konserten sin, framførte gjerne to eller fleire norske verk. Dette betyr igjen at svært mange masterstudentar ikkje programmerte norsk i det heile.

- Er dette tilfredsstillande for NMH som statleg institusjon?

- Problemstillinga er samansett. For det første kan ein presisera at fenomenet er særeige for utøvarane på det klassiske studiet. På folkemusikkstudiet framfører studentane naturleg nok norsk musikk, og jazzmusikarane spelar ofte materiale dei har laga sjølve. Den klassiske arbeidsmarknaden og repertoaret for utøvarstudentane våre er internasjonalt, og spenner over mange hundreår. I dette biletet utgjer ikkje norsk musikk nokon stor prosent, svarer Innervik.

- Likevel burde vel desse studentane, som er på veg ut i arbeidslivet, oppmodast til å ta ansvar for norsk musikk?

- Det burde dei nok, men nettopp på masternivået vert det stilt som krav til studentane at dei skal kunna handsama ei breidd av sjangrar og epokar. Masterkonsertane skal vurderast av internasjonale sensorar, og derfor vil studentane gjerne velja vekk det norske repertoaret. Enkelte stykke – internasjonale klassikarar – går mykje att, rett og slett av di studentane kjenner seg sikre på at verka tilfredsstiller dei ulike vurderingskriteria, seier Innervik.


Meir enn nettsidene
Han meiner at studentane generelt arbeider meir med norsk musikk enn det som kjem fram på nettsidene til NMH. Mellom anna vil ein finna at masterstudentar spelar norsk i kammermusikkgrupperingar, og gjennom valfag som gjev høve for fordjuping i norsk musikk. I tillegg er det satsingar på andre studienivå.

- Studentane på jazz- og folkemusikk gjer fleire av konsertane sine utanfor skulen, og no gjer også fleire av dei klassisk-orienterte studentane dette. Desse konsertane har me i liten grad gjort synlege på nettsidene våre. I tillegg kjem konsertane i lågare grads studiar. Desse reknast ikkje som offentlege konsertar, og er dermed ikkje presenterte på nettsidene. Eg trur det er større rom for å eksperimentera på bachelornivå, der det er så høge krav til fordjuping. Vi ser på bachelorprogrammet vårt som eit breiddestudium der me i fellesfaga freistar å inkludera norsk musikk, og masterprogrammet som eit høve til fordjuping, tettare på den enkelte studenten sitt karriereval.

Lærarar spelar norsk
Det er tydeleg at norsk musikk er av verdi på NMH. Fleire av høgskulen sine tilsette forskar på ny musikk, noko som resulterer i jamlege kollegakonsertar med norsk musikk på programmet. Desse konsertane har vore med på å heva prosenttalet for norske verk hjå NMH i 2010.

Det kan altså sjå ut som om lærarane tek seg av ein stor bit av den norske musikken ved konsertfronten, medan masterstudentane spelar lite. Er ikkje dette eit paradoks?

- Ein kunne gjerne ynskt at studentane spelte meir, samstundes meiner me jo at dette er eit sentralt tiltak for å få til dette: Dette arbeidet kan i neste omgang påverka studentane.


Eit stort samfunnsansvar
Ei siste årsak til at masterstudentar prioriterer vekk det norske, er at studentane på masternivå førebuar prøvespel i orkester. Og orkestra har sjeldan norsk repertoar som obligatoriske stykke, seier Innervik. Likevel meiner han ikkje at ballen skal skyvast over på andre institusjonar.

- NMH har eit stort samfunnsansvar når det gjeld å gjera studentane kjende med det norske, som me må ta hand om, slik alle institusjonane skal gjera. Og dette forsøker me altså å gjera, gjennom festivalar, konsertar og fokusområde.

- Vil det vera aktuelt å leggja meir tydelege føringar for å få studentane til å spela norsk?

- Masterstudiet er lagt opp slik at studentane i så stor grad som mogleg sjølve skal velja kva dei vil fordjupa seg i. Eg meiner dette bør halda fram. Det NMH kan og skal halda fram med, er å arbeida med haldningane, gjennom til dømes at faglærarane er oppmoda til å fordjupa seg i norsk musikk. Faglærarane har jo ei viss påverknad på kva elevane til slutt framfører. Men eg har altså større tru på at det vil skje ting dersom elevane får oppleva musikken og bli inspirert av den, enn om me trer musikken over hovudet på dei, seier Innervik.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Concerts, Concert series, Printed Music News, Politics, Education