UDs tilskotsordning fordelt
UDs tilskotsordning for musikkfeltet er no ferdigbehandla av MICs fagutval.

Reisestøtta til profesjonelle musikarars konsertar i utlandet, samt prosjekttilskot til kulturveksling med land i sør, vert forvalta av MIC Norsk musikkinformasjon. Støtta vert fordelt fire gongar i året, og frå søknadar på samanlagt 3 782 956 kr, vart det i denne runda innvilga 747 800 kr.

Fagutvalet består av Claes Olsen, Erica Berthelsen, Ola K. Berge, Maja Ratkje og Martin Revheim, samt to observatørar frå UD. Dei største enkeltsummane denne gongen gjekk til Social Suicide og Trondheim Jazz Orchestra. Begge desse mottok 30 000 kr.

Fullstendig liste kan ein sjå her.

MIC er eier og utgiver av Ballade.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Funding, Outside Norway