Utfordringar på Bømlo
Kulturhuset på Bømlo har klart seg utan Rikskonsertane sitt tilbod. Men dei understreker viktigheita av stønad til smale produksjonar.

Denne artikkelen er en del av vår serie om norske kulturhus, red anm.

Bømlo kulturhus vart opna i 2005, og har sidan oppstarten hatt jamlege tilbod innan ei rekkje sjangrar og uttrykksformer. Kommunen har 11 000 innbyggjarar, og tilbodet ved kulturhuset rettar seg mot desse, samt folk frå heile Sunnhordlandsregionen. Huset er ikkje einaste arena i området, fortel kulturhusleiar Hanne Jacobsen.

- Det spesielle her på Bømlo er kanskje at me har nokså mange kulturarenaer i forhold til innbyggjartal. Ved sida av Bømlo kulturhus har ein Langevåg bygdatun, Moster Amfi, fleirbrukshallar og kyrkjene som kulturarrangørar. Utfordringane til oss aktørar vert å finna ulike satsingsområde. Me må vera forsiktige med å leggja store arrangement samstundes, seier ho.

- Veit ein så noko om besøket frå resten av regionen?

- Det er nok enklare for ein bømling å køyra til Stord eller Haugesund enn omvendt. Slik er det på ein liten plass. Men me kan konstatera at me likevel vert særskilt oppsøkt når me har nisjeting.


Vil satsa på dei mellom 20 og 40
Med nisjeting meiner Jacobsen til dømes framsyningar frå Riksteateret, arrangement frå Senioruniversitetet, og konseptet Jazz og Bokbad, som er arrangert dei to siste åra. Det siste finn stad i foajeen, som ein ny arena i huset, og som eit høve til å senka terskelen for å ta huset i bruk.

Elles ligg nivået på 700 kinoframsyningar i året, og kring 3 kulturarrangement per månad. Dette reflekterer både arrangøren og området sin kapasitet, òg med tanke på kva som vert tilbydd elles i regionen.

- Har kulturhuset ein kunstnarleg tankegang?

- Som i mange kulturhus tenkjer me breidde, og programmerer ein kombinasjon av eigne og andre sine initiativ. Mange arrangement er faste, noko eg meiner er viktig for å opparbeida ein stabil publikumsbase. Elles ser me i denne perioden særskilt på korleis me kan nå den yngre garde. I kulturhuset har me programmert relativt mykje som trekkjer til seg eit vakse publikum, eller eit heilt ungt. Dei mellom 20-40 år har det vore lite for. Det er ei vanskelegare gruppe å få ut, men me vil gjerne prøva.


Les også: - Kulturhusene må øke sin kompetanse


30/70-fordeling
Kulturhuset er finansiert av kommunen og av leigetakarar i huset, som kafeen, kulturskulen og NAV. Ein får òg leigeinntekter frå kurs, konferansar og årsmøte, og for dette kan administrasjonen i alt disponera 4,6 stillingar, inkludert reinhald og bygg.

Med åra har det økonomiske blitt stabilt. Rekneskapen har gått i balanse sidan 2009, etter at dei første åra baud på oppstartsvanskar og ein del underskot. Nokre få lokale sponsorar har teke del i spesifikke produksjonar. Elles er det smått med private midlar i kulturhuset.

- Blir det plass til dei smale produksjonane i ein relativt trong økonomi?

- Me må alltid ha ein balanse mellom det kommersielle og det smalare. Eg vil påstå me har ein 30/70-fordeling mellom det som kan kallast smalt og kommersielt, ut frå tanken om at kommersielle prosjekt kan finansiera dei smale, svarer Jacobsen.

- Kva er eit slikt «smalt» prosjekt for dykk?

- For tida har me satsa på dette med litteratur og jazz, med stønad frå Kulturrådet til det siste. Det er eit stort løft for oss. Når det gjeld teater vert me godt dekt gjennom Riksteateret, som har både smalt og breitt. Elles varierer det frå år til år kva som er smalt. Me har hatt klassiske konsertar, dans, andre teatergrupper og meir.


Har klart seg utan Rikskonsertane
Jacobsen meiner ein er rusta til å finna fram til dette smale. Til dømes har ein klart seg utan å nytta Rikskonsertane sitt tilbod. Slik sett har det inga stor betyding for kulturhuset at den offentlege konsertordninga frå organisasjonen snart vil verta nedlagd.

- Me har ikkje hatt produksjonar frå Rikskonsertene her dei siste åra, og eg trur me kan få kontakt med liknande utøvarar sjølve. Men til slike produksjonar er me avhengige av stønad, for det er ofte smale ting. I dette finst det eit demokratiseringsspørsmål. Staten er opptekne av at alle skal kunna få eit breitt tilbod, men dersom det ikkje finst god statleg stønad til slike arrangement, er det lett for at dei vert prioriterte vekk av økonomiske grunnar.


Les også: Omleggingen gir spennende muligheter for arrangører


Skulle gjerne gjort fleire eigenproduksjonar
Kulturhuset oppsøkjer altså ein del produksjonar på eige initiativ, og er opne for dei fleste som ynskjer å leiga. Eigenproduksjonar er det imidlertid lite av. Kvart år produserer kulturhuset framsyninga I manns minne, i høve eldredagen i samarbeid med Bømlo kommune. Ved nokre mindre produksjonar har huset vore medarrangør, men det er ikkje gjort større produksjonar åleine.

- På stader av denne storleiken; kva er kulturhuset si rolle – burde det vore meir eigenproduksjon?

- Det er eit spørsmål om ressursar. Så langt har det ikkje skjedd fordi me manglar midlar. Men ideelt skulle me gjerne gjort fleire eigne produksjonar; sidan dei skapar kompetanseutviking lokalt. I så måte er det nok avgjerande at me samarbeider med fleire aktørar, andre lokale krefter i kommunen, svarer Jacobsen.

Ho meiner at dei lokale aktørane har god innpass i huset, og med nærare halv pris i leigekostnad.

- Dei lokale organisasjonane er svært velkomne hjå oss. Kulturhuset skal vera ein arena der unge får prøvd å stå på ei profesjonell scene. Lokale produksjonar trekkjer folk, og apparatet her lærer. Me har alle nytte av desse produksjonane.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Kommersielle vanskar
Den største utfordringa for kulturhuset handlar om storleiken på huset, meiner Jacobsen. Det er avgrensa kor mange det er plass til, og større aktørar som ynskjer seg fleire publikummarar vil også velja dei større husa. Dermed kan det vera ei utfordring å få dei største, mest kommersielle programma til Bømlo.

Ei anna utfordring handlar om at huset skal få fotfeste.

- Det har teke fem år å få folk flest til å bli kjende med oss. Eg trur me har potensial til å få endå fleire hit. Heile tida er det ei utfordring å finna sin plass på Bømlo, og finna eit program som folk ynskjer seg, samstundes som me òg introduserer nokre nye ting.


Les også: Kulturhuset i Hammerfest - et eventyr


- Kva ser du som den største skilnaden mellom store og små kulturhus?

- Dei store husa har som sagt større forhandlingshøve mot store artistar, og slik får ein ikkje programmert det same i dei små husa som i store. Fordelen vår er at me blir godt kjende med publikummet vårt. Då ein bygde huset var mottoet «Bømlo kulturhus – mitt og ditt». Dette er stadig fokus, at folk skal kjenna seg delaktige og involverte i huset.

- Til sist: Telemarksforsking har undersøkt samanhengen mellom kultur og tilflytting og finn ingen slik samanheng. Korleis tenkjer du rundt det?

- Eg har ikkje sett undersøkinga og kjenner derfor ikkje til kva spørsmål som vart stilt. Sjølv tenkjer eg at folk flyttar der dei finn ein arbeidsplass, dei flyttar heim, eller på grunn av familien. Eg trur ikkje det skal vera kulturhuset si oppgåve å programmera med tanke på at folk kanskje vil flytta hit. Men eg trur at kulturhusa er vesentlege for å skapa trivsel på ein plass. Når me programmerer tenkjer me først og fremst på dei som bur her. At dei skal få eit like godt kulturtilbod som dei kunne fått på andre stader.


Fakta om Bømlo Kulturhus:
Opna i 2005
Hovudscene med 352 seter, mindre sal med 102 seter, foajé og blackbox.
Aktivitet: ca 35 arrangement årleg, kring 700 kinoframsyningar
4, 6 stillingar
Hadde 25 187 besøkande i 2011
Økonomi: Bømlo kulturhus disponerer 6,8 millionar kronar i 2012. Av desse er 1,2 millionar kommunalt tilskot og 1,1 million er kommunale leigeinntekter

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry