Norske folkemusikere til Filipinene
I dag opnar International Young People´s Music Festival (NAMCYA) på Filippinane. Festivalen er ein manifestasjon av vinnarar av nasjonale konkurransar innan klassisk musikk og folkemusikk. I tillegg opptrer inviterte utanlandske unge utøvarar. I år er Noreg invitert til å delta, og Norsk Folkemusikk- og Danselag har plukka ut Gro Marie Svidal og Solbjørg Tveiten til å representere Noreg under festivalen.

Gro Marie Svidal (23) kjem frå Jølster i Song og Fjordane og spelar både hardingfele og fele. Sidan ho var 5 år har ho gått i lære hos kjende spelemenn som Sigmund Eikås, Leif Rygg, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Største del av repertoaret hennar femnar om slåttemusikken i Hordaland og Sogn og Fjordane. Svært ung markerte ho seg som ein lovande musikar og har fleire junior-NM-titlar i både spel og dans. 15 år gamal blei ho plukka ut til eit internasjonalt folkemusikkprosjekt (Talent`95) arrangert av Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Rikskonsertene og NORAD. Seinare har ho samarbeidd med musikarar også frå andre sjangrar. I dag er ho ein ettertrakta elitespelemann med konsertar i inn og utland. Ho underviser på hardingfele samstundes som ho er student ved Ole Bull Akademiet, fortel Norsk Folkemusikk- og Danselag.

Solbjørg Tveiten (25) er kvedar, og har i fleire år jobba med folkesong mellom anna på kvedarskulen ved Ole Bull Akademiet og ved Norges Musikkhøgskole. Ho har hovudsakleg konsentrert seg om tradisjonar frå Hardanger og Sogn, og har med dette som utgangspunkt samarbeidd med musikarar frå ullike sjangrar og tradisjonar. Hennes viktigaste inspirasjonskjelder og læremeistrar i folkesong er Olav Steffen Eide, Åsne Valland, Ragnhild Furholt og Berit Opheim.

NFD, landslaget for slåttespel, kveding og bygdedans, er eit frittståande nasjonalt lag som vart skipa i 1987 for å fremje dei eldste norske folkemusikkformene med dei tilhøyrande bygdedansane. Laget legg vekt på å ta vare på og byggje vidare på dei ubrotne munnlege tradisjonane og dei genuine kvalitetane dette gjev norsk slåttespel, kveding og dans. Laget kjenner eit særleg ansvar for å formidle desse kunstformene til eit breiare publikum, og er samstundes ope for nyskaping og eksperimentering inspirert av dei gamle folkemusikkformene.

NFD arrangerer konsertar, kurs og seminar, aleine eller i samarbeid med andre lag og organisasjonar. Laget legg også stor vekt på aktivt kulturpolitisk arbeid for å styrke folkemusikken og dansen sin stilling som kunstform og syte for fleire arbeidsoppdrag for utøvarane.

Den norske deltakinga ved NAMCYA er støtta av Lindemans Legat. Meir informasjon om festivalen finner du på http://www.namcya.org.ph.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals\Outside Norway, Genre\Folk / Traditional, Concerts\Outside Norway