Ei uklar omlegging
INNLEGG: Nok ein gong ser vi at endringar skjer før løysingar er på plass, skriver Frode Rolandsgard fra plateselskapet ta:lik etter at innkjøpsordningen for CDer til bibliotekene forsvinner.

Usikkert av kva grunn har Samstemt og Fono ønskt seg ei endring av Innkjøpsordninga for fonogram til fordel for ei digital innkjøpsordning.

Eg har aldri skjønt kvifor vi skal springe framom utviklinga, når innkjøpsordninga har fungert bra. Truleg har ein del miljø i Fono og IFPI meint at innkjøpsordninga er for smal og har take for mykje omsyn til smale sjangrar og breidda i musikken. Men eg skjønar at denne kampen er tapt.

Nok ein gong ser vi at endringar skjer før løysingar er på plass. No må vi stille krav til den nye ordninga.


Les saken: Ut med CDer, inn med hva?


Biblioteka og utanriksstasjonane

Det er ikkje at det blir lånt ut mindre musikk frå biblioteka som er årsak til nedlegginga. Utlånet av fonogram frå biblioteka har heller ikkje gått mykje ned, i flg tal frå
SSB.

Talet var stabilt fram til 2009, men førebelse tal ser likevel ut til at det er ein svikt i 2010. Bokutlånet har faktisk også gått ein god del ned. Mange bibliotekbrukarar mistar no tilbodet sitt om å låne kvalitetsmusikk. Vidare har innkjøpsordninga distribuert musikk til norske utanriksstasjonar. Det blir borte, utan at nokon har sagt noko om korleis dette skal erstattast.


Eit reelt sal som skapar inntekter

Innkjøpsordninga har vore eit kvalitetsbasert innkjøp av plater - lite byråkrati, eit reelt sal og har kome som eit viktig bidrag for å få overskot i smale cd-prosjekt. For i motsetnad til alle tilskotsordningar er det ok for innkjøpsordninga at plateselskapet faktisk tener pengar på utgjevinga. Alle andre gjev tilskot basert på at at selskapet skal gå i null.


CD-en sel framleis like bra - innanfor dei smale sjangrane

Det fysiske platesalet for dei smale, norske, sjangerselskapa er som før. Nedgangen i fysisk sal er størst innan populærmusikk. Vi som driv i world music og folkemusikk-sjangrane, og mange andre smale sjangrar sel meir plater enn nokon gong - samtidig som det digitale salet aukar gradvis også for oss. Vi har difor vore tilhengarar av ei prøveordning der ein prøver ut nye måtar å stø utgjeving av smal musikk, før ein eventuelt fjernar innkjøpsordninga.

Selskapet vårt driv både med utgjeving av gamle arkivperlar og nye innspelingar. Vi er ikkje redde for økonomien i arkivutgjevingane, desse har relativt små utgifter og gode støtteordningar.


Pengane frå innkjøpsordninga gjer oss i dag derimot i stand til å satse på nyinnspelingar med andre, uprøvde grupper / utøvarar. Eg er redd for at dette får ein bråstopp fordi fleire av prosjekta ikkje vil skape overskot. Konsekvensen er at vi må vera veldig forsiktige med å starte nye prosjekt.


Les også: Ingen nasjonal strømmeplan


Publisering- eller produksjonsstøtte

Ein skal no få noko som truleg kallast publiseringsstøtte, som blant anna skal kunne gå til produksjon, promotering og marknadsføring. For å sitere ein kamerat: "Det er et paradoks at det skal gis støtte til produksjon, promotering og markedsføring, MEN, det skal være basert på ferdig produkt. Høna eller egget, liksom?".


Vi skal altså gjera ferdig eit produkt, fysisk og/ eller digitalt, og deretter søkje om å få pengar til den same produksjonen? Faktum er i alle fall at ingen i dag kan seia kva den nye ordninga skal vera. Men den gamle måtte vekk.



Konstruktive innspel

Eg skjønar at den einaste moglegheita er å vera konstruktiv. Her er våre krav til ei ny ordninga:

1.
Ei vidareføring av formålet i den gamle innkjøpsordninga:
- auke kjennskapen til og spreiinga av musikk frå Noreg, og bidra til å halde oppe ein brei produksjon av kvalitetsutgjevingar.

2.
Eit faktisk kjøp av musikk - i form av ei avgrensa, digital utlånsordning på biblioteka, slik at musikk blir spreidd gratis til sluttbrukar. Dette sikrar også breidde, legitimitet og kvalitetsvurdering i ordninga. Dette må på plass med ein gong. Helst bør den gamle ordninga halde fram inntil dette er på plass.

3.
Ikkje ei tilskotsordning. Det finst allereie spesifikke ordningar for marknadsføringsstøtte (FFLB), og det finst ordningar som stør både fabrikasjons- , produksjons- og marknadsføring (fflb, ffuk m.fl.). La oss sleppe nok ei papirmølletilskotsordning der vi søkjer om det same.

4.
Gje overskot. Selskapet bør sleppe å skrive søknader om tilskot basert på å gå i null, men bør få få betalt for at dei har laga ei god utgjeving, og for at biblioteka får bruke musikken - pengane kan vi deretter bruke på andre utgjevingar, og ikkje minst på drift av smale sjangerselskap.

Dette innlegget er en oppdatert versjon av et lignende innlegg på Folkemusikk.no


Debate, Genre\Folk / Traditional, CD Releases, Politics, Funding