Fleksibel opera
Den største krisa for opera er at ein svært sjeldan ser god operalibretto, seier Mary Miller.

Det nyleg framlagte sesongprogrammet til Den Nye Opera er det første operasjef Mary Miller har ansvaret for. Seks produksjonar står for tur, til saman femner dei ei stor estetisk og framføringsmessig breidde. Miller vonar då òg at programmet vil bli motteke breitt.

- Etter Festspillene i Bergen har det oppstått ein diskusjon her i Bergen som handlar om skilnaden mellom «oss» og «dei». Me anerkjenner sjølvsagt at det finst ulike publikum der ute, men eg trur ikkje det er så konstruktivt å tenkja i desse termane. Snarare er det ei rekkje ulike «oss», som gjev ulike behov i publikum. Me har laga ei sesong som me trur kan femna somme av desse aspekta, seier ho.

- Som til dømes?

- Me freistar til dømes å ta omsyn til at somme føretrekk det relativt kjende, medan andre er meir interesserte i nye verk. Atter andre er interesserte i å sjå noko på ein ny måte, på ein annan stad. Slike ting arbeider me med. Og me arbeider med ulike lokale. Ikkje alt skal framførast med fullt orkester på hovudscena i Grieghallen. I år har me prosjekt på Logen og i Peer Gynt-salen og kan i framtida tenkja oss fleire lokale. Me har lansert pop-up opera, der opera skal ut på byen. I vår stilte utøvarar, i vanlege klede, på eitt av kjøpesentra i Bergen og opptredde, heilt uvarsla. Interesserte skal kunna finna ut kvar og når våre pop-up skal skje, men meininga er først og fremst å få nå ut til dei som aldri ville funne på å oppsøka operaforma, i Bergen og i nærområda våre.


Les også: - Naturlig for Curran å gå fra Operaen


I og utanom kanon
I sesongen framførast både verk som inngår i, og som er utanom kanonen, men felles for storparten av produksjonane er at dei i liten grad er gjort i Noreg. Emmanuel Chabrier sitt «L’étoile» er godt kjent i Frankrike, men slett ikkje her til lands. Både Debussy sitt «Pélleas og Mélisande» og Wagner sitt «Siegfried» er monumentale – og diametralt ulike – verk i tradisjonen, men likeeins lite oppført. Prinsippet gjeld òg Handel-operaen «Xerxes», som opnar festspela neste år, medan årets sommaropera vert Rossinis livlege «Askepott».



Fra "L'Etoile". FOTO: Carol Rosegg, New York City Opera


Først ut er Mozart sitt «Rekviem», som ikkje er nokon opera i det heile, men som er tenkt i ei operatisk ramme.

- I rekviemet er kormusikken teken vekk, elles er musikken den same. Men det er komme til ein ny og utfordrande tekst, som handlar om omgjevnadene våre. Eg vonar framsyninga kan nå inn til eit yngre publikum, me har innleia eit samarbeid med universitetet om dette, seier Miller.


Librettokrise
Valet av verk er i seg viktig, meiner operasjefen, men like viktig er sjølve produksjonen og måten ein arbeider med verket. Prinsippet bør gjelda både eigenproduksjonar og dei som er kjøpte inn eller laga i samarbeid med andre.

- Apropos eigenproduksjonar; både i Bergen og Oslo har institusjonane vorte kritiserte for å presentera for få slike. Korleis ser du på dette?

- Det er viktig at ein gjer sine eigne produksjonar, men tanken bak er det viktigaste, ikkje kva som ser fint ut på papir. Ein skal med andre ord ikkje gjera eigenproduksjonane for sin eigen del, men fordi ein har ein tilstrekkeleg god idé. Om det å gå inn i ein koproduksjon gjev publikummet i Bergen sjansen til å sjå noko svært bra, som ein elles ikkje fekk sett, har eg ingen problem med å programmera det.

Det er uansett essensielt at ein gjer noko for tilfanget av ny musikk, seier Miller.

- Me samarbeider med norske komponistar, og det vil komma nye norske verk. Og det er initiert samarbeid med Dramatikkens hus i Oslo om utviklinga av librettoar. Personleg meiner eg at den største krisa for opera ligg her: Det er svært sjeldan ein ser god operalibretto.


Forsiktig budsjett
Miller er usikker på når ein vil sjå verk av norske komponistar.

- Det er farleg å lova noko på vegner av komponistane, men 3-4 år meiner eg er ei realistisk ramme. Når me snakkar om institusjonen sitt ansvar, kan eg òg nemna ansvaret me har for songarane. Me samarbeider med regissørar og utøvarar frå utlandet. Somme gonger heile grupper som kjem til Bergen for enkeltproduksjonar som så turnerer vidare. Eit viktig poeng er då at unge norske songarar er med. Slik byggjer ein internasjonale nettverk også for desse, seier Miller, som kan avsløra at songaren Rita Therese Ziem er mellom songarane det vert satsa på i år.

Og – som då ho tiltredde stillinga si – snart vart konfrontert med at operaen hadde eit underskot i vente, mellom anna på grunn av at de mista ein viktig sponsor.

- Det har vore ei utfordring, seier Miller. - Somme prosjekt har måtta bli mindre i omfang. Årets sommarproduksjon er avlyst og me gjer ein mindre, innandørs variant av «Hans og Grete» i staden. Generelt er me forsiktige, og har tru på at me kjem i land så snart som råd. Ambisjonen vår er uansett at alt me gjer held høgste kvalitet.


Oppbygging over tid
- Som institusjon arbeider de lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det same gjer opera nummer ein i Noreg, Den Norske Opera & Ballett. Kva vil du seia er den største skilnaden mellom desse to institusjonane?

- Det er heilt klårt store skilnader. Me har eit godt samarbeid med Nasjonaloperaen, men situasjon vår er altså heilt annleis deira, kva gjeld økonomi og lokale. Ein kan sjå fordelar ved desse premissa: Me treng ikkje ta ansvar for eit nytt hus, har fleksibilitet til å variera val av lokale og me har kortare planhorisont. I eit 10-15 års perspektiv ville det vera fantastisk om me fekk vårt eige hus. I mellomtida kan me byggja opp eit kompani som verkeleg fortener huset.

- Gjennom tida di i Den Nye Opera har det vore mykje oppstyr kring Den Norske Opera & Ballett. No til sist har Paul Curran sagt opp stillinga si som operasjef. Kva tankar gjer du deg om dette, og kva slags person meiner du Den Norske Opera & Ballett bør sjå etter?

- Først og fremst vil eg seia at eg ikkje unnar Den Norske Opera & Ballett alt oppstyret. Eg unnar dei tid til å konsentrera seg om oppdraget sitt, å setja opp gode produksjonar og gjera Noreg til eit skinande døme i utlandet kva gjeld opera. Når det gjeld tilsetjinga, er det viktig i alle organisasjonar at ensemblet ser i same retning, at det finst ein felles identitet i huset. Eg vonar altså dei finn ein person som både har stor kunstnarleg kapasitet, men som òg ser verdien av å byggja identitet til huset.


Tøft og einsamt
NRK hevdar i ein artikkel at utanlandske kulturleiarar slit i Noreg. Her kjem det fram ein teori om at dette kan handla om deira vanskar med å forstå norsk arbeidskultur.

- Kjenner du deg att i denne problematikken?

- Eg trur ikkje dette har så mykje med nasjonalitet å gjera. I artikkelen du referer til, er eg sjølv oppgjeven som ein som har slutta. Faktum er at eg sto i stillinga heile tida eg hadde kontrakt, tilfellet mitt er eigentleg omvendt, sier Miller.


Les også: Overraskende unnskyldning fra Curran


Ho meiner ho er “ein av svært få kulturbydirektørar som vart verande i jobben gjennom heile perioden”.

- Så, eg trur meir dette handlar om personlege eigenskapar. Leiarjobbar i kulturlivet kan vera tøffe og einsame, med kvar sine utfordringar. Det er ikkje heilt uvanleg at somme er betre til å starta prosjekt enn å fullføra dei. Når det er sagt, er det banalt å tru at dei kulturelle skilnadene ikkje eksisterer. For å lukkast, er det essensielt at ein leiar set seg inn i kulturen i landet ein er i, og ser at det er eit privilegium å få arbeida i nokon andre sin kultur, seier Miller.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Genre\Classical\Opera / Stage Music, Interviews