Ekstrem, men optimistisk festival
INTERVJU: Det er klart for Borealis i Bergen, og me har snakka med festivalsjef Nicholas H. Møllerhaug for å få eit innblikk i årets program. - Festivaltematikken krinsar kring ekstrem tradisjon som motstand, ut frå ein vestlandsk ikonologi, seier Møllerhaug i dette intervjuet.
Nicholas Møllerhaug 2006 (Foto: www.borealisfestival.no) (330x440)

Av Ida Habbestad

- Om ein tenkjer metafysisk eller poetisk, ligg skilnaden mellom årets festival og den førre i at årets program er vendt oppover, fortel festivalsjef i Borealis, Nicholas H. Møllerhaug.

Han peiker på programmessige skilnader mellom det mørke, mystiske og det lysare stemde, og utdjupar:

- I 2007 var mykje knytta til Kaijas Saariaho sitt romantiske men innådvende univers; til Nono sin klisjémelankolske musikk, eller uttrykket under Sunn O))) sin konsert i domkyrkja. Det var eit nedtona og litt mørksindig program – medan det i år er meir optimistisme. Til dømes urframførast verk av dei norske komponistane Magne Hegdal, Lene Grenager og John Hegre, som på kvar sin måte arbeider med ein raffinert form for munterhet.

Med det har Møllerhaug skissert éin mogleg innfallsvinkel til årets program, der òg festivalkomponist Mattias Spahlinger inngår.

- Spahlinger vert ofte tolka som ein vanskeleg komponist, ikkje minst for utøvaren. Men bortanfor den tunge teknikken finst ei virtuos speleglede, meiner festivalsjefen.

Han har mellom anna invitert medlemmer av Ensemble Recherche og asamisimasa – begge habile Spahlingertolkarar – for å presentera den tyske komponisten.


Ekstrem tradisjon

Men om optimisme er ein innfallsvinkel, er motstand ein annan, fortel festivalsjefen.

- Festivaltematikken krinsar kring ekstrem tradisjon som motstand, ut frå ein vestlandsk ikonologi, seier han.

I festivalprogrammet utdjupar han tematikken, og skriv mellom anna om korleis denne ekstreme tradisjonen på Vestlandet heng saman med vértilhøva. Til dømes i utøvinga av folkemusikk der dårleg vér kunne ha direkte konsekvensar for resultatet, og festivalsjefen viser særleg til hardingfelespelarar som skyssa folk i båt på veg til og frå brudlaup. ”Vanlegvis var det vind og regn som gjorde at rytmen blei hakka opp av bølgene, og fela blei våt. Det vart dermed vanskelegare å treffa tonane – alt blei ute av takt og surt”, skriv han.

Det er altså noko av denne tematikken som er utgangspunkt for Nils Økland sitt bestillingsverk, ”Scordatura” som vert framført på opningsdagen. Her spelar Økland i eit nedstemt stille, kalt ’kolagut’. Tematikken vert så følgt opp vidare gjennom folkemusikkensemblet GamaltNymalt samt Tokyo-bandet Boris, som begge har konsertar i Teatergarasjen fredag.

- Begge ensembla jobbar med ei vidareføring av blikket mot nedstemmingstradisjonen. Dei syner på ein måte scordaturaen i moderne setting; anten det er verka av Spahlinger eller det er Boris frå Japan som spelar, for både Spahlinger og Boris stemmer ned og om på strengane, seier Møllerhaug.


Kortare festival – men mange arrangement

Festivalperioden er korta ned. Møllerhaug fortel at det handlar om kapasitet – men at antalet arrangement ikkje er vesentleg mindre enn før.

- Frå festivalen starta og fram til no har me operert med ulike tidsrammer. Me har vore oppe i 7-8 dagar, no er det fem, utan at det er særleg færre arrangement. Poenget er vel å laga eit program som ikkje er logistisk uhandterleg for administrasjonen. Sjølv om me har medlemmer som bidrar, står me for mesteparten av produksjonen sjølv, og 90 arrangement på fem dagar er mykje, seier han.

- Når det er sagt, er festivalen heilt avhengig av dei gode samarbeida med medlemsorganisasjonane og innehavarane av lokala me nyttar under festivalen. Utan dei hadde det ikkje gått.


Gratis på biblioteket

Nytt av året er den hyppige aktiviteten ved Bergen Offentlege Bibliotek. Tidlegare har ein arrangert Kino Borealis på biblioteket, i år er det òg enkelte konsertar. Kino-programmet er dessutan meir omfattande enn før.

- I år har me kunna leggja programmet tidlegare, og dermed har det vore enklare å tangera det med eit sideprogram. Før har kinodelen gjerne komme på plass etter at programkatalogen var ferdig, medan det i år er med i katalogen og framstår meir tydeleg, seier Møllerhaug.

Kvifor har de valt biblioteket som arena?

- Biblioteket er ein stad der me kan møta folk som har interesse for musikk og kultur, og som kan vera interesserte i Borealis sjølv om dei ikkje utan vidare ville oppsøkt konsertane våre. Dessutan har me opplevd at biblioteket har synt stor interesse for programmet vårt, og det har vore inspirerande, svarer Møllerhaug.


Fredag eit høgdepunkt

Han kan òg fortelja om meir føreseielege produksjonsforhold for Borealis. Adminstrasjonen består av halvannan person, men mot festivalen har dei eit mannskap på 15 personar. Mange av dei har vore med gjennom fleire år, og opparbeida verdefull røynsle.

- Det er sjølvsagt alltid eit forbetringspotensiale. Bemanninga kunne gjerne vore høgere i forhold til aktiviteten, men me trur at musikarane og publikum vil oppleva at administrasjonen fungerer godt, seier Møllerhaug.

Og når me avslutningsvis spør om årets høgdepunkt, får me følgjande svar:

- Fredagskvelden i festivalveka! Der speler dei norske Spahlinger-ekspertane asamisimasa; Forsvarets Musikkorps Vestlandet framfører Grenager, Takemitsu og Messiaen; festivalprofil John Hegre og Metal Music Machine opptrer, før Hardingfeletrioen GamaltNymalt – og det legendariske støyrockbandet Boris. Til slutt er det nattklubb med franske Black Devil Disco.

- Og alle desse prosjekta har eit viktig element til felles: dei gjenspeglar nedstemming og omstemming på diametrale måtar, seier Møllerhaug.

Borealis finn stad i periden 26. Februar til 1 .mars.
Det fullstendige programmet finn du på heimesidene deira.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Popular Music, Interviews