Hardanger Musikkfest opnar torsdag
Ulike 200-årsjubileum står fremst på dagsorden for festivalen som vert arrangert mellom frukthagar, fjordar og fjell.

Torsdag opnar den 15. Hardanger Musikkfest i Ullensvang. Både nasjonale og lokale utøvarar medverkar – både unge og gamle, i det som først og fremst er ein hyllest til eldre meistrar.

Ole Bull sitt 200-års jubileum vert markert av Arve Tellefsen, saman med Julie Ye på klaver og Lajla Renate Buer Storli på hardingfele. Vidare feirast 200-års jubilantane Frédéric Chopin og Robert Schumann med kvar sine jubileumskonsertar.

Ei rekkje skandinaviske utøvarar er representerte, mellom desse pianisten Roland Pöntinen, fiolinisten Ulf Wallin og klarinettisten Martin Fröst, samt kvartetten Den Danske Strygekvartet.

Mellom yngre deltakarar er det nye, unge kammerorkesteret Ensemble Allegria som har utspring frå Noregs musikkhøgskule.

Konsertane finn stad langs fjorden i store delar av Hardanger under festivalen som har fiolinist Stig Nilsson og sonen, fiolinist Anders Kjellberg Nilsson, som kunstnarlege leiarar.

Ei oversikt over festivalprogrammet finn du her.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Classical