Politisk festivalarbeid
Det å halda på med samtidsmusikk kan i seg sjølv sjåast som ein politisk aktivitet, meiner Rolf-Erik Nystrøm, som er mellom dei kunstnarlege leiarane for Ultima.

Tidleg i mars vart trioen POING introduserte som kunstnarlege leiarar for Ultima 2011, saman med Luca Francesconi. Frå november i fjor har Sverre Gunnar Haga vore på plass i stillinga som administrerande direktør, og det skulle altså vera mange vituge hjernar i sving ved førebuinga til årets festival.

Då Francesconi vart tilsett som kunstnarleg leiar for eitt år sidan, fortalte han at han er i mot i overkant akademiske tilnærmingar til musikk; altså den musikken som dyrkar ein bestemt estetikk for estetikken sin eigen del. Kvalitet er ikkje avhengig av sjanger, sa han, men av at den som står bak uttrykket har noko på hjarta.

- Sverre Gunnar Haga og Rolf-Erik Nystrøm: Kva vil de seia med denne festivalen?

- Det er ikkje slik at me har éin bestemt ting me ynskjer å seia, svarer Nystrøm - Men slik eg ser det, har Ultimafestivalen – og samtidsmusikken generelt – ei viktig rolle i det å stilla spørsmål. Me ynskjer å gjera publikum til noko meir enn berre mottakarar. På Ultima skal ein aktivisera lyttarane, og gjera dei til medspelarar i problematiseringar av dei tinga me ser på som uforanderlige.

- Slik sett vert utviklinga ein har sett ved festivalen dei siste åra vidareført. Me ynskjer å opna opp dei snevre sjangerinndelingane, gå i fleire retningar enn kva samtidsmusikken tradisjonelt har gjort, og søkja nye løysingar, seier Haga.

- POING møter utøvarar innan ei rekkje ulike uttrykk, det vera seg folkemusikk, pop og rock. Og sjølv om utøvarar ofte har ei sjangertilhøyrsle, er det mange som gjennom uttrykka sine ikkje eigentleg er nokon opplagt del av miljøet dei høyrer til. Slike spørsmål ynskjer me å følgja opp, seier Nystrøm.


Umerkeleg endring
Rammene for programmet er klare. Men programmet vert ikkje lansert før 15. juni, og dei to ynskjer derfor ikkje å oppgje detaljar frå innhaldet. Dei kan likevel fortelja at omgrepet morphing” har vore ei overskrift i planleggingsarbeidet: Metamorfosen, som er ei gradvis omforming eller hamskifte.

- Min versjon av dette er at menneske på fleire plan er inne i ein prosess der me umerkeleg endrar oss, forklarer Nystrøm. - Det er som om me vert muterte av det tilveret me sjølve har skapt, og blir til noko anna enn kva me trur me er. Kanskje kan ein trekkja det så langt som til å seia at me blir monster, i den forstand at me utviklar oss i retning av noko me eigentleg er redde for. Me mistar kontakten med omgjevnadene våre og kulturen vår. Med festivalen ynskjer me å sjå nærare på tida me lever i, og setja desse små og gradvise endringane under lupa, seier han.


Sjenerøse medlem
Den ytre ramma for dette er offentleg. Opninga, Prima, finn stad i Operaen, med arrangement på taket og i fojaeen, i tillegg til operaen ”War Sum Up” som spelast på scene 2. Avslutninga, Exit, er ein dag på Kunsthøgskolen i Oslo, tenkt som ei vandring for publikum. Dette i tråd med Francesconi sitt arbeid under Veneziabiennalen, og i slektskap med det verket som vart gjort i Oslo Rådhus i fjor, hevdar Nystrøm.

Vidare vil det bli program for og med unge, Det blir urframføringar av norske komponistar. 16 av dei 18 medlemsinstitusjonane bidrar med sine program til festivalen, i tråd med festivalen sin organisasjonsstruktur.

- I kor stor grad har de hatt påverknad på programmeringa av medlemskonsertane?

- Dette er eit overgangsår, og somme planar vart lagde tidlig på hausten i fjor, svarer Haga. - Men me har vore i samtalar med dei aller fleste. Medlemma er sjenerøse og let oss setja eigne spor i dei aller fleste medlemskonsertane, seier Haga.


Mange referansar og kulturar
Slike spor kan mellom anna handla om å presentera mangfald av sjangrar og utøvarar, fortel Nystrøm.

- Det viktig for oss at desse uttrykka, som ofte kan bli vel intellektualiserte, vert gjevne eit filter. På dette punktet ynskjer me å vidareføra Luca sine idear ved å blanda inn mange ulike kulturar og referansar, både musikalske og filosofiske slike.

- Tyder dette at det vert lite av den tyngre, modernistiske partiturmusikken?

- Det vil nok vera nokre få konsertar der berre eitt ensemble deltar, eller der musikk av berre ein komponist blir spelt. Poenget er vel at ein heile tida forsøker, også når det er eit større verk av ein bestemt komponist, å tilføra noko som set dette verket i perspektiv. Svært ofte vil konsertane ha eit variert innhald, der uttrykksformer stillast opp mot kvarandre, for nettopp å sjå korleis dei fungerer mot kvarandre, svarer Nystrøm.


Topptungt?
Festivalen har pr i dag fem leiarar. Fire av desse er kunstnarlege leiarar. Strukturen kan sjåast som topptung.

- Kva fordelar ser de sjølve med denne ordninga?

- Det er viktig å understreka at dette er eit etableringsår for Luca, og at det derfor var nødvendig for oss med eit oppgradert kunstnarleg råd, seier Haga.

- POING var i utgangspunktet det kunstnarlege rådet, og me valde å gje dei statusen som kunstnarlege leiarar fordi dei står godt planta i den norske marknaden, fordi dei har ein sterk intern historie, og ikkje minst sidan Rolf-Erik har ein tett kjennskap til Luca frå tidlegare samarbeid. Slik utfyller dei kvarandre godt.

- Me har mange samanfallande interesser, samstundes som alle fire arbeider med ulike estetikkar, seier Nystrøm.

- Dette gjev oss mykje å arbeida ut frå. Men det hadde nok ikkje fungert om ikkje alle var villige til å kjempa for sitt syn.


Fordeling av ansvar
Det kan vere noko uklårt korleis festivalen har fordelt programmering og signatur. Kven har ansvaret for kva?

- Alle fire har ansvar, seier Haga.

- Og sjølv om ein har fordelt programmeringa av konsertar, har Luca vore involvert i POING sine konsertar. Så eg ser ikkje dette som noko problematisk spørsmål. Snarare ser me frå administrasjonen at fristane blir haldne. Ein må hugsa at festivalplanlegging er mykje arbeid. Mange institusjonar er involverte, mange samtalar skal gjennomførast. Slik sett kan det vera ein fordel at fleire deler det mellom seg. Å planleggja festival medfører eit hav av kompromiss, men det har likevel vore ein fredeleg prosess.

- Me var usikre på korleis me skulle gjera dette før me byrja, om me til dømes skulle skriva under på kven som kuraterte kva konsert. Men det vart ikkje slik; Luca stolar på oss, og me stolar på kvarandre internt i POING. Me har ei felles interesse i å setja spor etter oss som kuratorar og som artists in residence, seier Nystrøm.

- Ja, er de eigentleg kunstnarlege leiarar, eller er de artists in residence?

- Eg meiner me er begge deler, sjølv om somme har reagert på dette. POING er musikarar først og fremst, og når me vart spurde om å vera med på å kuratera festival, var det naturleg for oss å bidra gjennom å spela. Slik er det òg ved ei rekkje kammermusikkfestivalar; ingen klagar på at Leif Ove Andsnes bidrar kunstnarleg ved festivalen i Risør. Me forsøker for så vidt å halda oss sjølve i øyro. Men om ein er på jakt etter eit tema for denne festivalen, er det ein tematikk i at POING som musikarar bidrar gjennom det heile, svarer Nystrøm.

- Me meiner det er spanande å nytta POING på denne måten, seier Haga.

- Ensemblet har ein 10 år lang historie i å operera innan ulike sjangrar, og dette var noko me medvite ynska å ha inn i festivalen, som del av det kunstnarlege uttrykket.

- I tillegg er dette eit fint høve for oss til å syna fram somme av kontaktane våre frå ulike samtidssegment rundt om i verda; slike utøvarar og komponistar som nok ikkje hadde blitt presenterte på festivalen elles, seier Nystrøm.

Kvardagslege spørsmål
Avslutningsvis: Francesconi har uttalt at han er oppteken korleis samfunnet og omgjevnadene våre er i endring – derav temaet morphing. Han har òg sagt at han meiner musikken bør ta samfunnsmessige spørsmål opp i seg, i større grad enn før.

- Har de døme på korleis desse synspunkta kjem til uttrykk i årets festival?

- Dette vil ein sjå att under festivalen på mange plan, seier Nystrøm. - Somme gonger reint tematisk. Men eg meiner òg at det å halda på med samtidsmusikk i seg sjølv kan sjåast som ei politisk aktivitet.

- Francesconi er inne på dette: Han seier at han ser festivalarbeidet som ei politisk forlenging av komponistgjerninga si, seier Haga.

- Det ein problematiserer treng ikkje alltid vera eit politisk spørsmål. Gode samtidskunstnarar kan like gjerne stilla kvardagslege spørsmål, om korleis menneske absorberer og stiller seg til omgjevnadene sine. Den gode samtidskunsten treff deg med noko som gjer at du ser røynda på ein annan måte, seier Nystrøm.

Journalisten var manager for POING i 2005 - 2006.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Electro Acoustic, Genre\Classical\Contemporary, Interviews, Concerts