Taper vi eigenart?
KRONIKK: - Naturleg nok er alle festivalar opptekne av å utvikle sin eigen profil og eigenart. I nokon mon er festivalane sjølvsagt òg konkurrentar i høve til spanande prosjekt, profilerte kunstnarar, tilskotsytarar, sponsorar og mediemerksemd. Stortingsmeldinga sine ønske om samarbeid og koordinering tek lita høgd for denne røyndomen. Dette skriver Hilde Bjørkum, direktør i Førdefestivalen, i denne kronikken som er hentet fra siste utgave Spelemannsbladet.
Hilde Bjørkum, Førde, 2005 (290x436)




Av Hilde Bjørkum


Kultur- og kyrkjedepartementet har nyleg lagt fram Stortingsmelding 10 om knutepunkt, kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget.


Meldinga
vart vedteken av Stortinget i midten av mars i år. Stortingsmeldinga omhandlar kva oppdraget som knutepunkt skal innebere. Kriteria er mellom anna forankring til stad, festivalaktivitet kvart år, kunstnarleg leiing, koordinering og samarbeid, nasjonal og internasjonal orientering, nyskapande og utviklingsorientert, publikumsutvikling, god ressursutnytting og regional medverknad.


I meldinga
heiter det mellom anna: ”Knutepunkta skal – som leiande innanfor sin sjanger eller sitt verkeområde – ta eit ansvar for koordinering og samarbeid mellom andre festivalar eller festspel innanfor same sjanger. […] På denne måten vil knutepunkta få ei viktig rolle som koordinerings- og samarbeidspartnar i høve til andre festivalar og kulturtiltak innanfor eigen sjanger, samstundes som dei får eit ansvar for utviklinga av feltet utover si eiga verksemd.”


Førdefestivalen
er i dag einaste knutepunktfestival som har folkemusikk som hovudprofil, og som har norsk folkemusikk som eitt av sine hovudsatsingsområde. Som knutepunktfestival for folkemusikk er Førdefestivalen sjølvsagt klar til å ta ansvar, men oppdraget er ikkje uproblematisk. Korleis skal dette gjerast, i praksis? Kva er behova og ønska frå fagmiljøet vi står i? Desse spørsmåla vil det vere interessant å føre eit ordskifte om.


Det norske
folkemusikkfeltet er i stor grad velorganisert gjennom medlemsorganisasjonar, faginstitusjonar, festivalar og anna, som har eigne demokratisk valde styre, eigne føremål og eigen profil. Korleis skal ei koordinerings- og samordningsoppgåve for ein knutepunktfestival i praksis fungere? Eit mandat frå departementet til Førdefestivalen kan og må sjølvsagt ikkje overstyre demokratisk oppbygde einingar som arbeider innanfor same feltet.


Førdefestivalen
har gjennom mange år bidrege med råd og informasjon på musikkfaglege og organisatoriske spørsmål frå festivalar og andre arrangørar både innanfor folkemusikkfeltet og andre sjangrar, og det vil vi sjølvsagt halde fram med.

 
Dei siste
par åra har festivalen også hatt eit godt samarbeid med Landslaget for Spelemenn, Folkelarm og Norsk Folkemusikkformidling om profilering og presentasjon av norsk folkemusikk til utanlandske journalistar og arrangørar. Førdefestivalen sitt internasjonale nettverk er sjølvsagt viktig og er ein positiv faktor i dette arbeidet. I eit mylder av kjøparar og seljarar er nettverk og personlege kontaktar ofte avgjerande for å oppnå resultat. Festivalen har òg samarbeidd med Sogn og Fjordane Teater, Rikskonsertane og andre festivalar om å få fram nye produksjonar i skjeringspunktet mellom musikk- og scenekunst med norsk folkemusikk og -dans som utgangspunkt.


Dette
er døme på nokre tiltak, men er det fleire spørsmål og problemstillingar som burde setjast på dagsorden?


I Spelemannsbladet
8-07 vert fleire festivalleiarar intervjua om knutepunktordninga. Ikkje alle er udelt positive til idear om samarbeid om og ”gjenkjøp” av produksjonar. Fleire av dei intervjua er opptekne av å utvikle eigen profil og eigne prosjekt heller enn å samarbeide med andre. Store kostnader ved å setje opp att tidlegare produksjonar er ei anna årsak som vert framheva.


Naturleg
nok er alle festivalar opptekne av å utvikle sin eigen profil og eigenart. I nokon mon er festivalane sjølvsagt òg konkurrentar i høve til spanande prosjekt, profilerte kunstnarar, tilskotsytarar, sponsorar og mediemerksemd. Stortingsmeldinga sine ønske om samarbeid og koordinering tek lita høgd for denne røyndomen. Ingen er heller tent med at festivalane vert meir og meir like kvarandre og taper eigenart. Folkemusikkfestivalane i Noreg blir drivne av dyktige og engasjerte folk med eigne ambisjonar, ønske og mål. Det er sjølvsagt naturleg og ein styrke for utvikling på feltet.


Likevel
er det grunnlag for større samarbeid og koordinering i framtida, også på produksjonssida. I dag yter staten gjennom Norsk Kulturråd og andre tilskotsytarar forholdsvis store midlar til nyproduksjonar, tingingsverk, utviklingstiltak innanfor alle sjangrar. Dette er prisverdig nok. Men mange av desse tiltaka vert produserte av éin festival og vert kanskje framført berre ein eller to gonger. Er det føremålstenleg å stille store offentlege midlar til rådvelde for produksjonar for berre nokre få hundre publikummarar på éin festival?


Her burde
det vere grunnlag for å gå i forpliktande samarbeid mellom to eller fleire festivalar, slik at dei medverkande fekk meir ut av innsatsen og det kunstnarlege resultatet kunne opplevast av fleire. På bakgrunn av dette meiner eg det bør vere sterkare støtteordningar for å setje opp att produksjonane. Slik unngår ein uoverkommeleg økonomisk lyft for nye arrangørar. Dette kan ein gjere utan at det går ut over eigenarten til festivalane; ein samarbeidsproduksjon vil jo i alle høve vere berre eit av mange konserttilbod under festivalen. Dessutan er det opp til festivalane sjølve kor høgt samproduksjonen skal profilerast.


Men kanskje
kan ein knutepunktfestival innanfor folkemusikk spele ei minst like viktig rolle andsynes dei som står utanfor det sjangerspesifikke miljøet. Å tale folkemusikkens sak utanfor eige fagmiljø, å nå nytt publikum for folkemusikken, å ha storleik, tyngd og kraft nok til å bli synlege i mediebildet og i kulturfeltet generelt, er kanskje vel så viktig som å ta på seg ei koordinerande rolle i eit oppegåande fagmiljø?


Førdefestivalen
har teke mange kampar og opplevd nokre sigrar på folkemusikkens vegner i fora der kunnskapen er heller låg og arrogansen faretruande høg…. Det kan gjelde både andsynes offentlege styresmakter, media, næringsliv og musikkmiljø.


Mitt inntrykk
er at pressedekninga av folkemusikken er aukande, og det er bra. Likevel er kompetansen på og interessa for sjangeren heller låg i mange redaksjonar. Sjølv om talet på platemeldingar med folkemusikkutgjevingar har hatt eit gledeleg hopp i større media dei siste par åra, vert ofte omtale av folkemusikkonsertar reduserte til ”og alle var samde om at det var ein triveleg kveld”-nivået, eller oftare - dei vert ikkje omtalte i det heile. Seriøse konsertmeldingar av folkemusikkonsertar er diverre enno mangelvare. Men kanskje må folkemusikkmiljøet sjølve ta skulda for dette? Godt pressearbeid er vel ikkje det folkemusikkmiljøet er mest kjent for….


Media
og presse er berre eitt av tiltak som folkemusikkarrangørar kunne samarbeide om. Eller vil ein også her kome i konflikt mellom samarbeidsønske og vern av eigenart?


Hilde Bjørkum er direktør for Førdefestivalen. Kronikken er hentet fra Spelemannsbladet, nr. 3/08, og er gjengitt på Ballade med velvillighet fra Bjørkum og Spelemannsbladet.

Av Carl Kristian Johansen Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional