Øivind Bergs minnepris til Jan Beitohaugen Granli
Landslaget for spelemenn har bestemt at Øivind Bergs minnepris for 2005 skal gå til Jan Beitohaugen Granli. Prisen på 20 000 kroner blir delt ut 12. august i samarbeid med Per Gynt-stemnet på Vinstra.

Av Frode Rolandsgard, Landslaget for Spelemenn

Øivind Berghs minnepris vart innstifta av dirigentens enke Rigmor i 1989. Prisen går til unge lovande fiolinistar, helst med bakgrunn i folkemusikken.

Jan Beitohaugen Granli har i ung alder klart å etablere seg som ein av landets beste spelemenn, og han er i dag den fremste eksponenten for valdrestradisjonen på hardingfele. Både i fjor og i 2002 vann han Landskappleiken på hardingfele. I 2003 vart han nummer to. I 2003 og 2004 vann han Fanitullkåringa på Den norske Folkemusikkveka på Ål.

Jan har særleg dyrka dansespelet, og han er ein etterspurt spelemann alle stader der folk skal danse. Han har eit drivande og intenst spel som lokkar alle dansarar ut på golvet.

Han har også deltake som skodespelar og spelemann i kortfilmen «Kristofferrengja», som vann kortfilmfestivalen Zoomin i 2003. Vinteren 2004 vart han nominert til Spelemannsprisen for cd-en «Lite nemmar», som kom ut på Landskappleiken 2003.

"Beitohaugen sin musikk har ein makelaus evne til å halde deg vaken og oppegåande, det blir aldri likegyldig. Kva han gjer veit eg ikkje, veit berre at han har laga ei plate som vil bli ståande, lenge", skreiv Kjell Bitustøyl i Spelemannsbladet.

Jan har no fullført meisterstudiet ved Ole Bull-akademiet, er aktiv medlem av Øystre Slidre spel- og dansarlag, frilans musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.

Artikkelen er hentet fra nettsidene til LfS, og kan leses i sin originale kontekst her.

Av Frode Rolandsgard Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Awards