Notorisk nysgjerrig
Det er fantastisk å ha heile verda å ta av, meiner Hilde Bjørkum. Denne veka ynskjer direktøren velkommen til ny festival.

Mange av Førdefestivalens programpostar får sitt utgangspunkt medan Hilde Bjørkum går tur i fjellet. Vestlandsnaturen kring byen midt i Sogn og Fjordane gjev rom for tanken. Det trengst i eit programmeringsarbeid der fleire år vert forma parallelt.

Bjørkum byrjar å få ei viss erfaring. Festivalen oppsto som ein idé i 1989, frå ein framsynt fylkeskultursjef og eit sterkt folkemusikkmiljø, med utøvarar som besøkte internasjonale folke- og verdsmusikkfestivalar. Ein ville lage tilsvarande i Noreg, og fann støtte hjå politikarane.

– Ideen var å gje publikum kunnskap om det rike musikkmangfaldet i verda gjennom å gjere Førde til ein møteplass for musikarar frå alle verdshjørne, fortel Bjørkum.

Torsdag 5. juli opnar årets festival.


Siste nytt fra Musikk-Norge rett i innboksen: Ballades nyhetsbrev


Kulturutveksling som floskel
Direktøren har vore med heile vegen; i høgdepunkt, som då festivalen fekk knutepunktstatus i 2005, men òg i utfordringar. Til dømes har visumsøknadene vore mange. Ambassadar og konsulat har gjeve Bjørkum og artistane hovudbry.

– Når ein høyrer korleis somme artistar vert møtt når dei søkjer visum, kan det vere pinleg å vere norsk. Det kjennest som dei fine orda om det positive med kulturutveksling og globalisering berre er flosklar til bruk i festtalar. Eg har brukt uforholdsmessig mykje tid på dette byråkratiet gjennom åra, seier Bjørkum.

Det er ikkje altså berre enkelt å drive festival. Når arbeidstoppane har vore på det verste, har det tidvis røyna på. Men økonomisk har festivalen alltid vore stø, og entusiasmen like sterk, frå publikum og administrasjon. Vinsten er klår, meiner Bjørkum, som minnest stadfestinga av dette alt i 1990, då ei folkemusikkgruppe frå Albania opna den aller første festivalen.

– Det var då det smalt på Balkan og krigen der starta. Det var eit under at musikarane verkeleg kom seg til Førde og sto på scena med den fantastisk sterke og flotte musikken sin. Då sto eg bak i salen med klump i halsen, seier ho.


Les også: En A er ikke bare en A


Sameksistens til alle tider
Slik sett kunne årets tema, sameksistens, vore overskrift for alle festivalar. Meir spesifikt ynskjer ein dette året å vise at innvandring og fleirkulturelle utfordringar ikkje er nye fenomen, men at folk har flytta til alle tider. Mange musikktradisjonar har oppstått nettopp i møte mellom kulturar.

Programmessig vert det sett fokus på tradisjonar som er resultat av slike møte. Anoushka Shankar viser samanhengar mellom den indiske musikken og spansk flamenco. Verdsmusikkstjerna Yasmin Levy representerer ladino, ein spansk-jødisk musikk som kom til då kristne, jødar og muslimar budde saman i Spania. Utøvarane frå sju land i The Other Europeans spelar klezmer- og sigøynarmusikk. Desse rike kulturgruppene levde tett ilag i det som no er Moldova.

Globaliseringa medfører at endringar og møte skjer raskare i dag. Tek de omsyn til dette temposkiftet i programmet?

– Me har fleire døme på møte som har funne stad i nyare tid. Eitt er trioen med Ellika, Solo og Rafael, frå Sverige, Senegal og Mexico. Dei er resultat av det fleirkulturelle samfunnet av i dag. Slike som Nordic Fiddlers Block viser at musikarar i stor grad vert kjende med kvarandre på tvers av landegrenser, svarer Bjørkum.


Ikkje ufarleg
Tidlegare år har tema vore kvinner, fridom og undertrykking. For ein verdsmusikkfestival vert samfunnsengasjementet naturleg, meiner direktøren.

– Me forsøker ikkje å gje svar på alle ting. Men musikarar er individ som lever i samfunnet. Korleis samfunnet er utforma, påverkar mellom anna høva deira til å reise og jobbe som artistar.

Det er store, opne tema. Kunne det vore aktuelt å spisse dei meir?

– Me må hugse at me står i internasjonal kontekst. Eit tema som ikkje er kontroversielt i Noreg kan vere problematisk og jamvel farleg i andre land. Då me tematiserte fridom og undertrykking var fleire artistar bekymra for reaksjonar frå heimlandet. Då me hadde kvinner som tema, var det med mange artistar som har opplevd på kroppen at likestilling ikkje er sjølvsagt. Det er heller ikkje så lenge sidan stoda var annleis i Noreg. Me må ha historia med oss, og sjå at temaa ikkje er uaktuelle, og heller ikkje ufarlege.


Les også: Norske folketoner i jazz


Ynskjer fleire eigenproduksjonar
Årleg kjem om lag 20 utanlandske presse- og bransjefolk til Førde. Fiona Talkington i BBC er mellom desse. Ho meiner festivalen si evne til å vere tru mot det opphavlege ved musikken, framfor dei kommersielle omsyn, er ein sentral suksessfaktor. Bjørkum ynskjer å styrke dette fundamentet ytterlegare.

– Festivalen har heile tida halde på tanken om å presentere det ikkje alle andre har. Då me fekk knutepunktstatus gjorde den økonomiske plattforma at me kunne auke kvaliteten på program, eigenproduksjonar og administrasjon i alle ledd. Stadig ynskjer me å gjere fleire eigenproduksjonar. Ein knutepunktfestival bør gå framføre og gjere nye ting, få skrive ny musikk og skape nye konstellasjonar, meiner Bjørkum.

Mange åremålsstillingar fører til ei utskifting før eller sidan. Kva motiverer deg til å halde fram; og kva fordelar er det ved at same person står i posisjonen lenge?

– Eg har ein fantastisk spennande jobb der eg har lært mykje på mange område. Eg vert motivert av gode tilbakemeldingar frå publikum og artistar, og at det stadig er musikk der ute eg ikkje har fått presentert for publikummet vårt. Det faglege nettverket mitt både nasjonalt og internasjonalt er òg viktig , pluss dei mange frivillige og den flotte staben her på festivalen. Sjølvsagt kan det vere fare for å stagnere kunstnarleg. Men mottoet mitt er at vi aldri skal kvile på våre laurbær. Fordelen med å vere lenge på ein plass, er nok elles at ein opparbeider stor kunnskap og røynsle over tid som kjem saka og organisasjonen til gode. Føresetnaden er at ein samstundes har endringsvilje – og er notorisk musikalsk nysgjerrig, svarer direktøren.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Festivals, Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Ethnic, Genre\Folk / Traditional\Norwegian Dance Music, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Genre\Folk / Traditional\Vocal, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover, Interviews