- Skeptisk til kvotering
Men studentane burde framføra minst eitt større norsk verk ved ein av mastergradskonsertane sine, meiner Asbjørn Schaathun i Norsk Komponistforening.

Ballade har sett nærare på konserttilbodet ved Noregs musikkhøgskule, og funne at masterstudentane på dei klassiske utøvarstudia framfører kring 7,5% norsk musikk. Det offentlege tilbodet ved dei det klassiske utøvarstudiet generelt ligg kring 16%.

Styreleiar i Norsk Komponistforeining, Asbjørn Schaathun, meiner talet er lite. Men han tykkjer ikkje ein bør påleggja studentane noka prosentvis fordeling av repertoar.

- Dette er for oss eit høgst aktuelt tema. Me meiner det er viktig at studentane spelar norsk. Og me meiner det er viktig at studentane og institusjonen – også i praksis – forstår det nødvendige i å spela norsk musikk. Men eg er skeptisk til å innføra noka streng kvotering. Dersom ein tek til med tvang, risikerer ein at studentane får eit dårleg forhold til dette repertoaret, seier han.


Les også: Låg norskandel ved Musikkhøgskolen


Ein vond sirkel
Schaathun meiner at dagens situasjonen er problematisk med tanke på framtida for norsk musikk.

- Årsaka til at studentane spelar lite, kan liggja i at dei i dag er så yrkesretta at dei ikkje finn det meiningsfullt å spela norsk musikk. Orkestra krev lite norsk ved opptak, og framfører heller ikkje overveldande mykje norsk. Når masterstudentane som spelar lite norsk musikk ender opp i dei norske orkestra, vert det ein vond sirkel, seier han.


Eit generasjonsspørsmål?
I følgje NMH sine eigne utsegn arbeider ein aktivt med å få opp studentane si merksemd kring det norske repertoaret. Mellom anna framfører lærarane mykje norsk, noko som løftar den totale mengda framført norsk musikk.

- Er ikkje dette ein god start?

- Det er det, men det er problematisk om lærarane må stå for ei stor del av framføringane av det norske. Det kan vera fleire årsaker til at det er slik enn den eg alt har nemnt. Kan henda er det snakk om eit generasjonsspørsmål; at dagens studentar ikkje kjenner seg like nært tilknytt den norske kulturarven? Somme vil sikkert seia at mengda repertoar er for lite – men eg er overtydd om at det er mykje stoff som kunne vore framført mykje meir. Ei rekkje av Fartein Valen sine komposisjonar, til dømes, burde ha ein sjølvsagt plass på standardrepertoaret.


Les også: Internasjonale ambisjonar kan vera årsaker til at masterstudentar spelar lite norsk


Kunne like gjerne vore norske verk
Andre vil snakka om det internasjonale nivået, som motivasjon for ikkje å spela norsk, meiner Schaathun.

- Men det vittige i denne situasjonen er at ein i undervisningsrepertoaret vil finna mykje internasjonalt repertoar som ikkje nødvendigvis held ein høg kunstnarleg kvalitet. Ein del av dette repertoaret kunne like gjerne vore bytta ut med norske verk, hevdar han.

- Når vil du seia at studentane spelar nok norsk musikk?

- Her er det vanskeleg å vera bastant – men talet kunne gjerne liggja kring 20% i eit lite land som Noreg. Eg trur at ein er oppe i dette talet i Finland. Nok ein gong meiner eg at det ikkje er optimalt å kvotera. Men ein kunne tenkt seg eit pålegg i studieplanen for masterstudiet at studentane, ved ein av masterkonsertane sine, skulle spela minst eit større verk som var norsk, filosoferer Schaathun.


Kjennskap til norsk er viktig
Han meiner vidare at kjennskap til musikken er eit viktig tillegg til praksis.

- Om du er masterstudent, skal du halda eit høgt nivå, og innbakt i dette høge nivået ligg kunnskap om norske verk. Det å ha kunnskap om kva som finst, er essensielt for at du sidan skal velja å framføra noko av dette. Og kva elevane har faktisk kunnskap om er vanskeleg å telja. Uansett opplever eg det som eit danningsproblem når studentane ikkje kjenner til den norske musikken.

- Kvifor er det så viktig at studentane spelar norsk?

- Dette er eit større kulturpolitisk spørsmål, men det handlar om identitet og det å oppretthalda næringskjeda i sitt eige land. Dei ulike landa og tradisjonane snakkar jo gjerne om kulturen sin, kulturlivet sitt, sin felles personlegdom. Dette kan ein sjølvsagt diskutera verdien av. Det kan godt henda at kinesisk folkemusikk skulle vera like naturleg pensum på NMH som den norske musikken. Men så lenge ein har ideen om nasjonar, er det eit poeng at ein har noko eige. Institusjonane har eit ansvar for å laga ein sunn økologi i kulturlivet i nasjonen, konkluderer Schaathun.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Classical, Genre\Classical\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Interviews, Politics, Education