BMG ”back in business” med EMI
Med Citigroup angjeveleg i ferd med å overta EMI, har potensielle kjøparar meldt si interesse. Overraskande har BMG segla opp som ein leiande kandidat.

Hypebot kan ein lese om BMG si interesse for EMI.

BMG, tidlegare eigar av RCA Records, og seinare partner i Sony BMG, forsvann frå platebransjen ved å selgje sine eigarandelar til Sony. Sidan den tid har BMG investert i ei rekkje katalogar, og ein har trudd at dette også var utgangspunktet for interessa i EMI. No utelukkar likevel ikkje BMG sin konsernsjef Hartwig Masuch andre planar.

- Vi er meir sjølvsikre no; det er ikkje hemmeleg at vi er meir interesserte i retten til masterteipane enn til publisering, seier Masuch til Music Week.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry