Lydleg satsing i Bergen
Bergen kommune ynskjer å dobla aktivitetsnivået innan elektronisk kunst i Bergen. Om budsjettforslaget vert vedteke, er Lydgalleriet, Ekko og BEK mellom dei som får auka tilskot neste år. Satsinga er spenstig, meiner leiar av Lydgalleriet, Jørgen Larsson.
Jørgen Larsson (nossral.org) (300x461)

Av Ida Habbestad

Medan Oslo kommune denne hausten i budsjettet sitt har sett av 12 millionar mindre til kultur (sjå denne artikkelen på NRK) har byrådet i Bergen lagt fram eit budsjett med motsett innhald (last ned budsjettforslaget her).

Her aukast innsatsen på kulturfeltet med heile 15 millionar kroner, og mellom institusjonane som får påplussing er dei som held på med kunst og teknologi. I følgje kommunen er målet å dobla aktivitetsnivået på feltet.

- Bergen kommune satser på elektronisk kunst. Både BEK (Bergen senter for elektronisk kunst, red. anm.), Lydgalleriet og Ekko får sannsynligvis økte bevilgninger. Det er skikkelig spenstig, seier ein godt nøgd Jørgen Larsson.

Han er leiar for Lydgalleriet, og søkte saman med Ekko om nye 300 000 kroner årleg for å drifta huset i Øvre Skostredet som Lydgalleriet har disponert sidan 2006 (tidlegare intervju med Larsson her). Dersom budsjettforslaget vert innvilga, får dei to institusjonane beløpet, øyremerka driftskostnader og med samarbeid mellom organisasjonane som føresetnad.


Oppjustert galleri
Midla vil komma godt med, hevdar Larsson.

- Det er ikke nytt at vi har benyttet hele huset, det har vi gjort i flere utstillinger. Men vi trenger å disponere det på permanent basis. Hvis vi ikke hadde kunnet overta hele huset måtte Lydgalleriet gått inn i en mye mindre form eller flyttet. Med disse pengene som grunnlag, er de kjedelige, grunnleggende utgiftene tatt hånd om, seier han.

Dermed er det rom for å konsentrera seg om vidare satsingar. Mellom desse er ei oppussing av huset, også dette i samarbeid med Ekko. Huset skal bli brannsikkert, det skal bli lagt inn vatn, toalett og andre praktiske ting som til no har vore provisorisk løyst.

Dessutan ynskjer ein ei ombyggjing for å få betre plass.

- Lydgalleriet trenger egentlig ganske mye plass. Slår vi sammen to av rommene til ett, får vi et høyt rom på 5 meter, som kan brukes til konserter og utstillingslokaler på en gunstigere måte enn i dag. Det er uansett et nokså intimt lokale, seier Larsson.

Midla til oppussing vil bli søkt frå Kulturrådet og sjølv om Larsson vonar at ei oppussing kan vera i gong alt til våren, understrekar han at det er uklårt kva tid galleriet i sin nye form står ferdig.

- Ting tar tid. Men nå har vi har et ganske godt utgangspunkt, seier han.


Breidare program
Løyvinga har òg konsekvensar for det kunstnarlege innhaldet i Øvre Skostredet. Når Lydgalleriet og Ekko (forening som arrangerer årleg festival for elektronisk kunst, samt enkeltkonsertar gjennom året) no programmerer alternerande – vil ein få med seg ei god blanding av det institusjonane kvar for seg har drive med.

- Ekko har jo hovedsakelig produsert konserter mens Lydgalleriet hovedsakelig har laget utstillinger. I tillegg kommer er et stort område der Ekko og Lydgalleriet overlapper hverandre, produksjoner som det er naturlig at begge driver med, seier Larsson.

Programmet vil altså utvidast både i omfang og form. I tillegg vonar ein å kunne invitera inn andre produsentar til å setja saman program i lokala.

Larsson er glad for utviklinga i det som er det einaste lydgalleriet i Norden.

- For oss som sitter i sentrumet av der lydkunst jevnlig vises frem, synes vi det er utrolig spennende. Det skjer hele tiden nye ting, vi får viktigere og viktigere kunsterne som vil stille ut hos oss, seier han.

Få byar i verda har satsa på lydkunst per dags dato. På spørsmål om kvifor Lydgalleriet har havna nettopp i Bergen, svarer Larsson at mykje handlar om enkeltpersonar; at mange av dei som er interesserte i å produsera lydkunstutstillingar på fast basis har tilhald i Bergen.


Men han roser òg kulturforvaltinga i Bergen Kommune, som tek tak i den nye kunstnen.

- Bergen kommune bruker 3 prosent av budsjettet sitt på kultur. Det gir resultater. De har jobbet veldig planmessig de siste 10 årene, og har ikke bare laget planer men også fulgt dem opp. Jeg mener at man i kommunen er eksepsjonelt gode til å ta opp signaler fra kunstnere og kulturarbeidere om hvilke behov som finnes – og å få mye av det gjennom politisk. Både Henning Warloe (avtroppande kulturbyråd, red. anm) har gjort en fantastisk jobb, men også administrasjonen som har vært tilstede gjennom mange år, og som i lang tid har jobbet med dette, seier Larsson.


Neste utstilling på Lydgalleriet opnar fredag. Kunstnarane Martin Riches og Erwin Stache vert utstilt for første gong i Noreg, mellom anna med den klassiske "Talking Machine" frå 1990, samt ”Apparatus”.


Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: