Spesialsending på Folkemusikktimen
NRK P2 presenterer eit innblikk i Nordiska mesterskapen i folkmusik

Høgfjellshotellet i Sälen i Sverige var fylt til randen av spelemenn og folkemusikk sist helg, då det vart konkurrert i tre kategoriar; solist, grupper og spelemannslag. Skal ein tru NRK P2, utmerka norske krefter seg. Søndag 28. november, samt i reprisetida tysdag 30. november, kan ein høyre musikalske høgdepunkt frå storscena på Sälen Høgfjellshotell. Her var det kvalifiseringsspel og finalerundar frå kl. 09.00 om morgonen, til langt på kveld.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Competitions