Medan vi ventar
INNLEGG: Det er ei forenkling å sjå på digitaliseringa av musikken som noe som snur bransjen på hovudet, skriver Olav Opsvik.

Dette innlegget følger opp debatten om selskapene som velger å være tilbakeholdne i forholdet til strømmetjenestene. Debatten startet med Opsviks innlegg "ECM og strømmetenestene", og har siden blitt fulgt opp av flere parter. Red. anm.

Lat meg først få takke Erik Hillestad, Tord Gustavsen og Guttorm Andreasen for gode innspel til denne debatten. I løpet av veka som gjekk har vi fått belyst ulike sider av strømmetenestene og digital distribusjon av musikk, men vi kom oss raskt tilbake til utgangspunktet med Hillestad sitt siste innlegg "Utviklinga mot strømmen".


Les innlegget fra Tord Gustavsen her: "Smertefull skvis". Innlegget fra Guttom Andreasen leser du her: "Husker du hvor stille det var?"


Ros for åpenhet
Hillestad skal først og fremst ha ros for å fortelje om korleis situasjonen er for Kirkelig Kulturverksted, og for å setje fingeren på kvar det kniper. Eg vonar han vil sitte godt planta i platedirektørstolen vidare i debatten!

Visst har vi ei massiv breidde av nyskapande musikk i dag. Internett og digital distribusjon i alle slags former har definitivt hatt stor betydning for utviklinga. Og samme korleis ein opplever utviklinga, er det ei forenkling, og ja, litt historielaust, å sjå på digitale medier som eit heilt nytt fenomen som har snudd bransjen på hovudet.


Har stått på bakbeina
Heilt sidan dei første skjellakkplatene har det vore ei ganske eintydig utvikling mot meir og meir distribusjon, der musikkopptak i tråd med eit meir og meir globalisert verdensbilete har blitt enklare tilgjengeleg for alle verden over.

Det er også ein openbar tendens at innovatørar (piratar?) har kjempa mot ein seig bransje ved framveksten av alle slags teknologiske nyvinningar. Dette har det faktisk blitt skrive fleire bøker om.

Vidare har Hillestad ein nyare, viktig tendens som grunnlag for sin argumentasjon. Bransjen har lenge hausta fruktene av tidlegare produksjonar, gjennom å resirkulere dei når nye format blir etablert. Men sjølv om dette er ein nyare tendens har det ikkje oppstått med strømmetenestene.

For litt over eit år sidan publiserte NRKbeta ein fabelaktig artikkel om nettopp dette. Her kan vi lese at CD-en nådde toppen i '98, altså litt før Napster og liknande tenester fekk sitt gjennombrot, nettopp fordi katalogen var i ferd med å bli tømt.

I mellomtida har bransjen stått på bakbeina, sutra og saksøkt, og eit produkt som var i tråd med den teknologiske utviklinga blei altså ikkje lansert før i 2008, altså strømmetenestene med Spotify i spissen.



Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook



Kan ikkje slutte der
Selskapa som har vore omtalt i denne debatten står naturlegvis litt ukanten av den store 'Bransjen', og det Hillestad trekk fram er viktig fordi det forklarar oss kvifor nisjeselskapa er truga av dei eksisterande modellane. Dette er eit problem vi må ta på alvor.

Men vi kan ikkje la resonnementet slutte der, Hillestad. Spørsmålet er: Kva har du, eller Manfred Eicher for den del, tenkt å gjere med det? Eg tvilar ikkje på at problemma du legg fram er der, men strømmetenestene er om ikkje anna ein del av løysinga, ikkje problemet.


Men kva skal skje?
Tord Gustavsen trekte også i sitt innlegg fram Gubemusic, og dette er ein framifrå teneste.

Problemet er berre at publikum allereie har kjørt inn strømmetenestene, og dei siste tretten åra har publikum heile vegen vore i forkant av bransjen. Det er den utviklinga vi må snu. Med strømmetenestene (som så vidt er i gang med å spreie seg) har vi sett at folk på tross av tretten år med fildeling er meir enn villige til å betale for musikk.

No er jobben dykkar å gi oss kvalitetsmusikk distribuert på ein måte som er verdt pengane. Hillestad har innsett dette, sjølv om han med retorikken han bruker framstiller seg sjølv som bakstrebersk. Likevel er han der, og gjer noko med det.

Men kva skal skje med ECM medan vi ventar?


Olav Opsvik er musikkstudent og skribent.

Av Olav Opsvik Foto/illustrasjon:
Debate, CD Releases, Politics, Streaming