Kunsten å styra festivalane
Er kunsten å styra kunsten først og fremst eit spørsmål om å handtera risiko? Og kva er ein kvalitativt god festival?
Randi Wenche Haugen-08/Foto: Olavsfestdagene (370x421)

Av Ida Habbestad, Bodø

Når 70 representantar frå festival-Noreg møttest under Norske Festivaler sin årskonferanse i Bodø denne veka, sto ei rekkje spørsmål på dagsordnen.

Som førsteamanuensis i økonomi, Beate Elstad, påpeikte i dette intervjuet, er der mange utfordringar i landskapet. Festivalfeltet som ein gong var ildsjel-basert verksemd, er i dag i ferd med å utgjera ei betydeleg næring. Kan henda ikkje så rart at institusjonane møter motstand?

Styreleiar i Norske Festivaler, Øivind Pedersen, skisserte innleiingsvis situasjonen: Den kostnadseffektive festivalen med ein (ør)liten administrasjon skal handtera kunstnarlege spørsmål så vel som produksjon, økonomi og media – i konkurranse med stadig fleire.

Festivalverksemda vert stadig meir risikabel, slo Larsen fast, og la med det grunn for eit spørsmål som låg under mykje av den vidare debatten: Korleis berekna risiko?


Kompetente styre?
To diskusjonar kan vera verd å ta med vidare.

Den første, om styret si rolle i festivalane, vart brakt på banen i foredraget til direktør i Olavsfestdagene, Randi Wenche Haugen. Ho kunne fortelja om sitt nokså dramatiske møte med institusjonen. Frå deltakinga ved ein velstrukturert festival – med eit spanande program og med publikumsrekord – til ho i sine første veker i arbeid kunne avdekkja eit underskot på 6,8 millionar kroner.

For å forstå korleis dette kunne skje – utan at nokon ante uråd – ligg ein nøkkel i manglande strukturar. I ein hardtarbeidande administrasjon – som Haugen ikkje kunne få fullrost nok – var det ikkje frå leiarhald nedfelt strukturar for rutiner og rapportering av kunnskap.

- Finst der ikkje struktur i organisasjonen ligg kompetansen hjå enkeltpersonar. Då kan organisasjonen kollapsa om ein fjernar berre ein person, sa Haugen.

Styret som var ansvarlege for dette (i stiftingsforma står styret personleg til ansvar) tok for gitt at strukturane fanst. Dei hadde med andre ord for dårleg innsikt i arbeidet som var gjort, og må ha stilt feil eller for få spørsmål. Slik kunne festivalen dømevis operera med eit budsjett for 2008 som faktisk ikkje var vedteke av styret.

- Er der ein god nok sikring av kompetanse når ein utnemner styremedlemmer i festival-Noreg, spurte Haugen.


Kunstnarleg risiko = økonomisk risiko
Ei beslekta form for risikovurdering vart påpeikt av forfattar Stig Sæterbakken. Den tidlegare kunstnarlege leiaren for Norsk litteraturfestival fortalde historia om det kontroversielle programmeringsvalet; invitasjonen av forfattar David Irving til Lillehammer.

Irving er kjend for å ha fornekta Holocaust, og då namnet hans vart assosiert med festivalen, oppsto så sterke reaksjonar at invitasjonen til slutt måtte trekkjast. Sæterbakken forlet stillinga som kunstnarleg leiar.

Men Sæterbakken, som stadig meiner programmeringstanken var viktig i høve festivaltemaet sanning, understreka at om administrasjonen hadde motteke motforestillingar internt frå sitt styre før invitasjonen var sendt, ville den ha forhalde seg til desse.

Innbakt i dette altså eit spørsmål om kven som har ansvar for vurderinga av risikoen i det kunstnarlege programmet – som potensielt har store økonomiske konsekvensar – på førehand.


Kunst versus byråkrati
Den andre vesentlege diskusjonen, også den vedkomande risiko, vart tydeleg i paneldebatten til slutt ved konferansen.

Der deltok Roger Ingebrigtsen, politikar i Ap og styreleiar i Tromsø Symfoniorkester. Han gav uttrykk for at ein med Arbeidarpartiet ved makta kan venta seg auka løyvingar, men òg høgna krav til profesjonalisering. Ap vil arbeida for det gamle mantraet: meir til kunsten og mindre til administrasjon, hevda Ingebrigtsen.

Er denne haldninga god handtering av risiko, undra direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, som peikte på røynslene frå Olavsfestdagene. Ho stilte spørsmål ved om ikkje ein administrasjon med stadig større arbeidsmengde nærast påkallar ildsjel-ånda – noko som i ytterste konsekvens kan svekka profesjonaliteten.

Bjørkum vart støtta av Haugen:

- Der næringslivet arbeider aktivt med organisasjonsbyggjing, sidan ein meiner det har utbytte for det økonomiske resultatet, er det farleg å nedprioritera det same på kulturfeltet, åtvara Haugen.


Kva er ein vellukka festival?
- Ein skal ikkje ha ein for liten administrasjon, ein skal ha nok administrasjon, konkluderte Ingebrigtsen.

Då står ein attende ved spørsmålet om i kor stor grad det offentlege kan styra festivalane: Kven avgjer når ein administrasjon er stor nok; kven har ansvaret for om eit styre er kompetent eller ikkje, og kor sterke kan offentlege føringar vera?

Eit siste viktig aspekt under konferansen kom i form av ei etterlysing. Fleire festivalleiarar ytra ynskje til det offentlege om at ikkje berre kvantitative kriterie ligg til grunn i vurderinga av arbeidet deira.

Størst er ikkje nødvendigvis best, vart det hevda, og Bjørkum lanserte eit ynskje om at kvalitative mål vart vekta høgare. Dømevis kan ein sjå på om festivalen lukkast skilja seg frå andre festivalar, gjennom ein eigen profil og stemme – snarare enn å konkurrera om dei same artistane som alle andre, hevda direktøren, som konkluderte:

- Eg vågar å påstå at festivalane i Noreg er blitt likare. Dét er eit tap for publikum.


Trondheim kommunerevisjon sine konklusjonar kring underskotet i Olavsfestdagene kan lesast i denne rapporten.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals