Syngjande klokker i hovudstaden
INTERVJU: Torsdag byrjar Oslo internasjonale klokkespillfestival, som byd på konsertar fram til søndag 3. august. Det er fjerde gong festivalen vert arrangert, og klokkenist Vegar Sandholt fortel om ei eidgamal historie og sitt visjonære forsøk på å skapa ei levande kultur for klokkespelskonsertar i landet. - Klokkene er stemningsskapende – men noe av meningen er også at de skal speile det som skjer i bybildet, seier Sandholt til Ballade.
Vegar Sandholt08/Foto:Simen Kjellin (370x555)

Av Ida Habbestad

På sett og vis er det paradoksalt at ikkje fleire kjenner til instrumentet som omgjev så mange av oss i det daglege. Dei fleste som rører seg nær sentrum i dei større byane høyrer instrumentet når det varslar tida kvar einaste dag, og likevel er det få av oss som tenkjer på det som noko eigentleg instrument.

For til tross for si lange historie, er ikkje klokkespelet eit særleg kjent konsertinstrument. Kanskje ikkje så rart, med tanke på lite mobilt eit 20 tonn tungt instrument må vera, for ikkje å snakka om avstanden mellom eit publikum nede på bakken og ein utøvar oppe i eit høgt tårn.

Men konsertering på klokkespelet er altså fullt mogleg, og klokkenist og initiativtakar til festivalen, Vegar Sandholt, peikar på ei aukande interesse sidan han og tre andre var dei første norske utøvarane som utdanna seg til klokkenistar i Danmark i 2000-2001.

I dag er talet på utøvande i Noreg komme opp i fem, og festivalen er altså i gang på fjerde året.

- Målet er å etablere en levende kultur for konserter på klokkespill her i Norge, fortel Sandholt om utgangspunktet.

- I Norge fikk vi det første instrumentet i 1922, i Stavanger domkirke. På kontinentet har tradisjonen eksistert i 500 år, og jeg synes at Norge burde være med på å videreføre tradisjonen.


Mange og store instrument

Og me har gode høve til det, hevdar klokkenisten. Gjennom århundret har det komme til fleire klokkespel i kyrkjer og i rådhus, og sett i høve til populasjonen har Noreg relativt mange instrument – ein fjerdeplass på verdsbasis, i følgje Sandholt. Klokkespelet i Oslo rådhus er mellom dei verkeleg store i verda.

- Vi ligger absolutt godt an når det gjelder å ha instrumenter. Men poenget med instrumentene er jo at de skal synge, seier Sandholt, som sidan endt utdanning har arbeidd som klokkenist i rådhuset, bygd opp heimesida carillon.no og leia den årlege festivalen.

I 2004 valde World Carillon Federation å leggja sin verdskongress for klokkespel i Oslo, og Dronning Sonja stilte som beskyttar. Engasjementet hennar betydde mykje, seier Sandholt, som fortel at kongressen vekte merksemd internasjonalt. Og Sandholt passar på å invitera utanlandske utøvarar til kvar festival.

I år er dei gjestande klokkenistane Jan Bezuijen frå Nederland og Karel Keldermans fra USA, frå to ulike tradisjonar – om det ikkje nødvendigvis høyrest direktet i spelet til dei to utøvarane.

For sjølv om det var i Nederland at konsertklokkespelet vart utvikla frå dei automatiske urspela for om lag 500 år sidan, har ein som i Europa halde fast på det automatiske klokkespelet i tillegg. I USA har utviklinga vore annleis.

- Amerikanerne er etter det jeg forstår ikke så fan av det automatiske spillet, det som vi her i Europa hører hver time som angiver av tiden, forklarer Sandholt.

- Enkelte er motstandere av denne bruken av instrumentet, fordi de mener at klokkespillet skal spilles av et menneske. Det er klart – man ønsker jo at folk skal høre forskjell på når menneskene spiller på instrumentet og på når instumentet spiller selv. Men her hvor vi har hatt klokkespillet som tidsangivere siden 1200-tallet, er det plass for begge deler. Det automatiske instrumentet er dessuten også spennede; komponister har dessuten til alle tider vært interesserte i å skrive for automatiske instrumenter, seier han.


Tradisjon og aktualitet

Ei av utfordringane med konsertar på klokkespel er den store avstanden mellom musikarane og publikum. Sandholt skisserer ulike løysingar på dette.

- I rådhuset åpner vi tårnet og inviterer publikum helt inn til klaviaturet. På sikt arbeider vi med det vi har fått til i Uranienborg, hvor vi har et kamera i kabinene, og en prosjektor plassert litt lenger ned i tårnet. Uansett inviterer vi publikum på omvisning i etterkant – det er viktig at folk kan få mulighet til å stille spørsmål og se hvordan instrumentet betjenes, seier klokkenisten.

For klokkene har altså levd med menneska i generasjonar. I følgje carillon.no vart dei første klokkene av bronse ein kjenner til, støypt i Austen for omlag 5000 år sidan. Frå Kina vandra dei til Europa via India og Egypt, og ein finn instrumentet i Hellas og Syd-Italia frå omlag 500 år e Kr. Frå 1300-tallet har mange europeiske byar hatt urverk og klokkespel som angjevarar av tida.

Stadig har dei denne posisjonen, men kan òg vera dagsaktuelle i bybiletet, meiner klokkenisten,

- Klokkespillet fungerer som symbol for byene og smykker dem klanglig sett, seier Sandholt.

- På den ene siden er de som klanglige skulpturer – som annen kunst i det offentlige rom. I tillegg gjør de også noe med mlijøet. De er stemningsskapende – men noe av meningen er også at de skal speile det som skjer i bybildet. Om det så er feiringen av Wergeland, Ibsen eller Grieg – eller av det nye operahuset; klokkene kan være en musikalsk kommentar i byen.

Og, bedyrar han, konsertane vert ikkje einsklingande slik mange trur.

- Klokkespillet er verdens største instrument, og mange blir overrasket over at man kan spille så musikalsk på det. Instrumentet ser tungt og brutalt ut, men du har alle muligheter til å nyansere, fra det helt svake og til det rakt motsatte. Man må kanskje høre det for å tro på det?

I tillegg til dei tilreisande klokkenistane, spelar Vegar Sandholt og Laura Marie L. Rueslåtten under festivalen. Meir informasjon finst på www.carillon.no

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals