- Eg er ein harpist som likar utfordringar
Om det framleis finnast fordommar mot harpa, tek Sunniva Rødland Wettre og Mark Adderley sikte på å motbevise desse i verket «All plans last only until the first shot».

«Dette verket er ingen idyllisk fremvisning av harpens nusselige, bedårende og søte vesen, men heller en tildels syrlig og konfliktfylt konfrontasjon mellom harpen og et robust og kompromissløst ensemble. Her aksepteres ingen unnskyldninger og det tas ikke hensyn».


Urframføring
Med desse orda beskriv komponist Mark Adderley stykket «All plans last only until the first shot», som har urframføring under Ultimafestivalen måndag 13. september. Stykket, som er ein konsert for harpe og sinfonietta, vart bestilt av harpist Sunniva Rødland Wettre og Ensemble Ernst i samband med Rødland Wettre sitt forskingsprosjekt «La harpa klinge! Å fremme harpens klang og kunstneriske rolle i norsk samtidsmusikk» ved Noregs musikkhøgskule. I dette prosjektet ser Rødland Wettre nærmare på harpa sine mange moglegheiter som eit moderne instrument, og kanskje særskilt innanfor samtidsmusikk-sjangeren.

Ein del av prosjektet går også på å undersøkje korleis harpistar kommuniserer med komponistar, og det endelege målet er å aktualisere harpa som eit fleksibelt instrument i norsk samtidsmusikk. Med dette i bakhovudet er det ikkje så overraskande å finne ut at komponist og utøvar i periodar har møtt kvarandre fleire gongar i veka for å dele tankar om den ferske komposisjonen som snart skal få eit publikum. Ein slik komposisjonsprosess kan kanskje verke særleg uvanleg innanfor kunstmusikalske kretsar, men Rødland Wettre understrekar at den har ført med seg mykje positivt.

- Eg er ein harpist som likar utfordringar og sånn sett er Mark den rette komponisten å spørje. I tillegg likar eg veldig godt tøffe, rytmiske, aggressive uttrykk, og her har eg fått endå eit slikt stykke på repertoaret. Men sjølv om Mark har skrive utfordrande, så har han nytta harpa veldig effektivt, og harpestemma er særs gjennomtenkt. Dette gjer at det faktisk har vore kjekt både å øve inn og å spele verket, og det er ikkje nokon sjølvfølgje, seier Rødland Wettre.


Eit instrument med mange moglegheiter
Trass i at harpa er eit instrument som i følgje wikipedia veg 36 kg, er 1,8 meter høgt og har 47 strengar, verkar ikkje storleiken avskrekkande på unge lovande harpistar. Rødland Wettre kan faktisk avsløre at talet på harpistar har auka drastisk dei siste åra, og ho viser også til ei aukande interesse for samtidsmusikk blant utøvarane. Trass i dette er framleis harpa eit undervurdert instrument.

- Eg arbeider jo mykje med kva rolle harpa kan ha i samtidsmusikken. Harpa er eit instrument med mange moglegheiter, men som likevel er veldig undervurdert. I ensemblesamanheng til dømes, vert harpa brukt særs lite, og teknikkane er gjerne dei same og ikkje særskilt utfordrande.

- Trur du harpa kan etablere seg utanfor kunst- og samtidsmusikalske kretsar? Til dømes som med el-gitaren, med forsterkar og vreng?

- Det meiner eg faktisk allereie har skjedd. Særskilt i pop, filmmusikk, indie og liknande. Desse sjangrane er i ferd med å kuppe harpa. Den vert meir og meir nytta. Ein har nytta harpe i dansemusikk verda over lengre enn ein har nytta den i klassisk musikk, så utviklinga er vel kanskje ikkje så unaturleg. Elektroniske verkemiddel som el-harpe i kombinasjon med elektronikk vil vere interessant å utforske vidare. Samstundes er den akustiske harpa, slik eg ser det, framleis full av uutnytta potensial.


Sterkare status internasjonalt
På spørsmål om harpa står sterkare internasjonalt enn i Noreg, er Rødland Wettre sikker i si sak, og nemner også at dette er ein særskild tendens innanfor samtidsmusikken. Berre det å få tak i komposisjonane kan vere ei utfordring.

- Det finnast mange komposisjonar som er utfordrande og nyskapande på harpe, men dei er lite tilgjengelege i Noreg. Dette er stykke som kanskje ikkje vert oppført så mykje, så det vert vanskeleg å i det heile vite at dei finnast. Nokre norske komponistar skriv veldig bra for harpe, men samstundes trur eg terskelen på å angripe dette instrumentet er høg, grunna begrensa tilgang.

Sunniva Rødland Wettre og Anat Spiegel framfører stykket Dasein in Fieri i Grottebadet i Harstad, juni 2009.


- Kva må eigentleg til for å gi harpa eit gjennombrot i samtidsmusikken?

- Eg trur auka kunnskap om utviklinga som skjer i utlandet og harpistar som er ivrige og bevisste i forhold til sine eigne kunstnariske val er særs viktig. Eg veit ikkje om vi kan håpe på eit gjennombrot, men personleg vonar eg at eg får tilgang til fleire musikalsk solide stykke, samt moglegheit til å framføre dei. Samtidsmusikkfeltet er utruleg komplekst og forholdet mellom musikar og komponist har ikkje naudsynleg ein bestemt form. Difor meiner eg at det er viktig at harpistar, og musikarar generelt er medvitne på si eiga rolle og kunstnariske preferansar, samstundes som dei byggjer på ein brei estetisk kunnskap om feltet. Når det gjeld komponistar sitt forhold til harpa, så vonar eg at fleire og fleire oppsøkjer ei breiare erfaring, og tileigner seg meir kunnskap om instrumentet si moderne utvikling og nyare repertoar.

Urframføringa skjer under Ultimafestivalen i Den Gamle Logen, 13.september kl 21.00.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Interviews, Concerts, World Premieres