Vinneren av Eckbo Legaters Folkemusikkpris
Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007 går til den 16 år gamle dansaren Gjermund Bråten frå Ål i Hallingdal.
Gjermund Bråten_2007 (350x290)

Gjermund Bråten har i fleire år utmerka seg som ein framifrå dansar. Han vann c-klassa i lausdans suverent på Landskappleiken på Geilo tidlegare i sommar, der han også hadde suksess som sentral dansar og skodespelar i opningsprogrammet.

Juryens uttale:
Gjermund Bråten (16) frå Ål i Hallingdal, er ein framifrå ung dansar som, trass sin unge alder, har utmerka seg i mange ulike samanhengar gjennom fleire år. Gjermund har dansa laus sidan 1996 da han begynte på kurs på Torpo hos dansaren Martin Myhr. Han utmerka seg tidleg som ein svært talentfull utøvar, og er i dag eit førebilete for mange unge i miljøet.

Gjermund Bråten har markert seg på ulike stemne og kappleikar, og har dei siste åra hevda seg heilt i toppen i juniorklassa i lausdans på Landskappleiken. Han stiller også opp og gjer det godt i lagdans junior og i pardans saman med Tonje Risdal. Gjermund har også deltatt i fleire ulike danseprosjekt og forestillingar både nasjonalt og internasjonalt; i 2006 var han t.d.med i den nyskapande og kritikarroste forestillinga "Laus" av Hallgrim Hansegard.

Gjermund er ferdig med første året på Toppidrettsgymnaset på Geilo, og i tillegg til å vere ein dyktig fotballspelar, syner han også fram talent som ein lovande snøbrettkøyrar.

Gjermund Bråten er ein flott og talentfull representant for unge folkemusikkutøvarar, og for norsk folkedans spesielt. Han er ein verdig vinnar av Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007. Prisen er eit diplom og kr 15.000,-.

På vegner av juryen for Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvere 2007
Bø i Telemark 29. juni 2007

Prisutdelinga finn stad under Telemarkfestivalens opningskonsert i Gullbring kulturhus i Bø 19. juli kl. 19.00.

Dette i følgje ei pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Folk / Traditional, Awards