Kvalitativt intermezzo
KONSERTMELDING: To sparsommeleg programmerte festspeldagar baud likevel på kvalitativt gode opplevingar. Bergen Filharmoniske Orkester tolka Wagner på imponerande vis, og Julian Rachlin briljerte med sin versjon av Beethoven-sonatar. - Kjensla av deja vu var definitivt der i møte med Rachlin i Logen, samstundes som ein sjølvsagt verdset hans briljante spel, skriv Ballades melder i denne artikkelen.
Bergen Filharmoniske Orkester (Foto: Hans Jørgen Brun) (330x)




Av Ida Habbestad


Byrjinga av den nye festspelveka vart roleg. Utan formiddagskonsertar, utan store nysatsingar, med mindre oppbod av presse samt færre tilreisande gjestar, framsto dei to første dagane som eit stille pust før stormen.


Med avlysninga av (den siste) framsyninga av ”Brand” – vart faktisk Bergen Filharmoniske Orkesters (repeterte) framføring av ”Valkyrien” (1. akt) einaste tilbod til festspelpublikummet mandag.


Ikkje fullt så sparsommeleg programmert var tirsdagen – der me på den klassiske fronten fann to konsertar. Det var den første i Rachlins serie av Beethoven-sonatar, og det var prosjektet ”Siwan” der Bjarte Eike og Barokksolistene opptredde i samarbeid med jazz- og folkemusikarar. Imidlertid måtte ein velga mellom desse – sidan begge konsertar gjekk av stabelen på likt.



Imponerande orkester


Det tyder ikkje at ikkje framsyningane heldt høg kvalitet.


Først i Grieghallen, der me fekk stifta nærare kjennskap til intriger og underlege slektstilhøve i Wagner-operaen ”Valkyrien”. Dei er det mange av. Hovudpersonen Siegmund er til dømes på same tid bror til si kone Sieglinde, svigerfar til sin halvsøster Brünnhïlde, svoger til sonen Siegfrid – og så bortetter, i ledd etter ledd.


Bergen-orkestret sin faste dirigent, Andrew Litton, forsøkte på humoristisk vis å setja oss inn i desse tilhøva ved konsertstart – og dessutan i dei mange musikalske ledemotiva. Det var eit vellukka pedagogisk grep, og ein god variasjon til dei mange konsertar der så stor del av kommunikasjonen går gjennom andre medie enn det verbale.


Eit stort Bergen Filharmoniske Orkester gjorde dessutan imponerande innsats. Dei spelte med presisjon og klårleik i samtlege stemmegrupper, og med ein varm, fyldig orkesterklang som høver Wagner sin svulmande, langstrakte musikk.


Med seg hadde dei dessutan tre dyktige songarar; sopranen Päivi Nisula, tenoren Stephen Gould samt bassen Ain Anger. Best figur gjorde sistnemnde, trass i at han hadde minst å gjera. For gjennom heilt enkelt å framføra sine parti utanat, tydeleggjorde han korleis formidlinga kan løftast mange hakk. I det same synte han òg det store spennet mellom konsertale og regisserte versjonar av denne musikken. For sjølv om den står seg godt åleine, er den konsertale versjonen samstundes ei slags sjølvmotseiing, Wagners tankar om gesamtkunstverket tatt i betraktning.



Gjentakne opplevingar


Tirsdag kveld sto Julian Rachlin, saman med pianist Itmar Golan, for den første av tre konsertar, der Beethovens fiolinsonatar skal framførast.


Det vart nok ei suveren framsyning frå Rachlin si side – og han hadde glimrande følgje av Golan, som trass heftig samspel ikkje har fått plass på salgsplakaten ”Rachlin spiller Beethoven”.


Dét seier noko om Rachlin sin posisjon ved festivalen, som elles nokså sympatisk namngjer konsertane med namnet åt begge utøvarar der dei berre er to: Truls Mørk & Katheryn Stott, Andsnes & Tetzlaff, Tellefsen & Gimse og vidare.


Framfor alt er det gledeleg at utøvarnamnet sikrar publikum, at ein gjennom fleire år får følgja utøvarar, som Rachlin og hans dyktige medspelarar. Festspeldirektøren argumenterer dessutan godt når han grunngjev dei gjentekne møte med Calixto Bieito: Festspela vil følgja opp enkeltpersonar, og gjennom fleire møte leggja grunn for utviklinga av noko særeige.


På andre sida vert ein etterkvar nyfiken på om ikkje det finst andre fiolinistar der ute som både Bergenspublikummet og tilreisande kunne hatt glede av å få oppleva.


For ein stad går grensa mellom omgrep som utvikling, oppfølgjing og noko meir negativt som tomgang og repetisjonar; det føreseiielege. Kjensla av deja vu var definitivt der i møte med Rachlin i Logen, samstundes som ein sjølvsagt verdset hans briljante spel.


Men så er det også der festspela befinn seg – i skjæringspunktet mellom tradisjon og nyskaping.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical