Tradisjon og fusjon
KONSERTMELDING: Telemarksfestivalen opna i går, og under opningskonserten i Gullbring kulturanlegg vart smakebitar av festivalinnhaldet presentert. Eit imponerande antal utøvarar deltok, og synte den fullsette salen eit glimt av folkemusikken sine mange nyansar. - Under opningstalane var omgrep som internasjonale samarbeid, tradisjon og fusjon sentrale, og tilhøva mellom desse vart godt belyst gjennom konserten, skriv Ballades meldar om opningsarrangementet.
Telemarkfestivalen 07, opningskonsert, Foto: Nils Røyne (328x219)

Av Ida Habbestad

- Festivalen har blitt myndig, konstaterte styreleiar Hilde Pedersen i si opningstale ved gårsdagens konsert. Styreleiaren peikte på korleis festivalen gjennom sine 18 år har hatt som hovudfokus på å presentera nye retningar innan folkemusikken, og uttalte at det òg har vore viktig å skapa ein internasjonal møteplass i Telemark.

Desse grunntankane var tydelege gjennom festivalens opningskonsert, og spennet mellom dei gamle og nyare norske tradisjonane (under opningskonserten stort sett representert ved høvevis unge utøvarar) fann plass side om side med palestinsk, marokkansk og samisk musikk – alt i meir eller mindre mindre moderniserte utgåver.

Tradisjon og fusjon

Det heile opna på tradisjonelt vis, med Spelemannslaget Bøheringen og Bø Juniorspelemannslag. Saman med Bø Dansarring sette dei standarden med solid spelte – og vakkert dansa – slåttar.

Dinest kom svensk-samiske Lars-Ánte Kuhmunen på scena, han teikna eit tydeleg bilete frå heimstaden Kiruna som han hadde reist frå tidleg same morgon, før han framførte to joikar; ”Det går bra; det går veldig bra” og ”I den samiske verden”.

Under sistnemnde akkompangerte han seg sjølv på gitar. For som han sa, ”vi måste ju modernisera lite”. Med det illustrerte han i praksis eitt av poenga i talen til forfattar og festivalopnar Eldrid Lunden.

Lunden tok utgangspunkt i Arne Garborg sitt omgrep ’umbrøyte tider’, og peikte på at omskiftande tider langt frå er noko nytt.

- Tradisjonalist og fusjonalist er eit omgrepspar som er mykje nytta i folkemusikken sa Lunden, men la vekt på at fusjonar har funne stad til alle tider; ikkje berre mellom musikalske uttrykk, men òg mellom musikk og tekst.

- Så kan ein òg fundera på kor særnorsk den norske tradisjonen er, la ho til, og minna om korleis Myllarguten, som mange opplever som ein representant for det norskaste norske, nok var mellom dei spelemennene i si tid som opplevde størst internasjonal påverknad.

- Tradisjon og fusjon må truleg sjåast som to sider av same sak, meinte Lunden.

Beslekta uttrykk

Eit anna døme på ei slik fusjon fekk ein med palestinske Rim Banna, som er kjend for å arbeida med moderne palestinsk musikk, men som likevel arbeider for at den gamle palestinske tradisjonen ikkje skal døy ut.

Tilsvarande var det spanande å oppleva korleis det i den marokkanske folkemusikken finst røter å spora til den norske. Til dels gjennom bruk av beslekta instrument, og dels gjennom element som ein underliggjande kvint eller andre tonale aspekt. Desse var tydelege – samstundes som medlemmer frå gruppa Tassili presenterte eit heilt særeige uttrykk gjennom utdrag frå sin marokkansk-inspirerte folkemusikk, eller like gjerne kamelhårsjazz.

Aa gjev du batt meg…

Etter dette internasjonale utsvinget var det tid for utdelinga av Eckboprisen. Denne går for 7. gong til ein utøvar under 18 år som har bidratt til ei auka merksemd kring sitt uttrykk. Fjorårets prisvinnar, Tor Hoslemo frå Setesdal, innleiia årets seanse ved å framføra ein hardingfeleslått, før lausdansar Gjermund Bråten frå Ål i Hallingdal vart kalla fram for å motta årets pris (sjå juryen sin grunngjevnad her).

Ein gamal fordom mot folkemusikarar er at dei ikkje alltid er like utettervende, men kveldens to siste innslag var døme på det motsette.

Annbjørg Lien og Bruce Molsky hadde valt ein norsk og ein amerikansk tone dei framførte i lag, og spelte like mykje med teikn seg i mellom som på sine instrument. Ein kuriositet var det då Molsky i ”Fykerudens farvel til Amerika” spela hardingfele for første gong – men kanskje vel så sterkt inntrykk gjorde Molsky sin song under ”Train on the Island” frå dei sørlege appalachianske fjella.

Scenetekke hadde definitivt òg kveldens siste gruppe ut; Valkyrien All Stars. Tuva Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid spelar alle hardingfele og tek utgangspunkt i den norske tradisjonsmusiken, men har skapt sitt eige uttrykk med referansar til ei heil rekkje stilartar. Eitt av kveldens høgdepunkt var då dei framførte ”Aa gjev du batt meg med Bast og Bende; aa gjev du batt meg so Bandi brende! Aa gjev du drog meg so fast til deg, at heile Verdi kom burt for meg!” – sensuelt, rått og med stort driv.

Valkyrien All Stars avslutta kvelden med å spela opp til lausdans, der dei to kurshaldarane Anders Åsberg og Hallgrim Hansegård imponerte stort, mot slutten godt hjelpne av Eckbo-vinnar Gjermund Bråten.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Reviews\Concerts, Festivals, Genre\Folk / Traditional