Musikkfest Oslo: Musikarane si gåve til byen
Om du tenkjer å opphalde deg i hovudstaden laurdag 5. juni, skal det etter alt å døme godt gjerast å unngå tonane frå 29 scener rundt om i byen. Tida er nemleg atter ein gong komen for det årlege arrangementet Musikkfest Oslo, som i år har vorte endå større enn tidlegare. Men veit du kva det beste er? Alt er heilt gratis!

Av Sigrun Åland

Musikkfest, som har vorte arrangert i Oslo sidan 1992, er faktisk verdas største internasjonale musikkfestival. Konseptet såg fyrste gong dagens lys i Frankrike i 1982 under namnet Fête de la Musique. Musikkfest arrangerast no i over 100 land på verdsbasis, og ein fellesnemnar for alle desse er at artistar stillar opp og spelar gratis. Som følgje av dette treng heller ikkje publikum å betale noko for ein heil dag med musikalske inntrykk i utallege variasjonar. I år arrangerast Musikkfest Oslo for nittande år på rad, og festivalen har berre vorten større og meir populær for kvart år som har gått. Fyrstkomande laurdag kan arrangørane friste med 29 scener, 341 artistar, matservering, god stemning, og til og med godt vær. I alle høve om ein skal tru på værmeldingane. Ein kan jo ta seg sjølv i å lure på korleis eit så omfattande arrangement i det heile er gjennomførbart. Dette kan arrangør Malin Kulseth svare på.

- Det er ikkje mange dagane att no, så ein kan trygt seie at vi er noko stressa. Heldigvis styrer prosjektleiar Øystein heile musikkfest med jarnhand, så han har stålkontroll på det meste. Musikkfest er også lagt opp slik at alle scenene styrer seg sjølve. Dei har sine tema eller sjangarar, og så bookar dei band dei sjølv tykkjer passar inn i konseptet.


Noko for ein kvar smak
Med tydleg engasjement, kan Malin fortelje at musikkfest er eit ganske unikt arrangement. Det skjer nemleg noko overalt, og alle vert inkludert. Ho fortel også at ho ser på musikkfest som eit feelgood og upretansiøst konsept, som er særs viktig for Oslo.

- Alle har lyst til å vere med på musikkfest! Det er ikkje så mange lignande arrangement som inkluderer alle i ein by. Medan dei fleste andre festivalar rettar seg inn mot ei spesifik målgruppe, har musikkfest noko i dei fleste sjangarar. Kven som helst kan bare slå seg ned ein stad å høyre på den musikken dei likar. I tillegg er musikkfest ein fin arena for ukjende band. Mange band som knapt har spelt konsertar tidlegare får moglegheit både til å spele på ei stor scene, og til å bli oppdaga av eit større publikum.


View Musikkfest Oslo 2010 in a larger map



Stalltips frå sjefen
Når 341 konsertar går av stabelen i løpet av 12 timar, er det omlag uråd å luke ut kva ein må, og kva ein ikkje treng å få med seg. Då er det greit å få nokre tips frå ein som i alle høve har full oversikt over programmet. På spørsmål om kva ho vil anbefale under årets musikkfest, vert Malin likevel ganske betenkt.

- Det er omlag uråd å velgje spesifike favorittar, men eg har då nokre gode tips. På Blå er det noko som heiter TMG, eller trio med gjestar. Ingen veit heilt kva denne konserten eigentleg er samansett av, men ein kan i alle høve vente seg nokre overraskingar. Eg vil også anbefale ei spesiell scene, nemleg «Morra di-scena» som i år held til på kontraskjæret. Denne scena fokuserer på ungdom som har det vanskeleg, og dette er noko eg verkeleg brenn for. Det siste tipset mitt må vere å stikke innom scena på rådhusplassen. Her er det mange kule indieband som spelar, så eg trur dette kan vere ein bra stad å hauste gode musikkopplevingar.

Om du framleis ikkje er sikker på kva som er verdt å få med seg under Musikkfest Oslo, kan du klikke deg inn på nettsidene deira for eit utskriftvenleg program med oversikt over både scener og klokkeslett. Sett vekk i frå dette er det berre å ynskje alle lukke til i jakta på den perfekte konsertopplevinga, samt krysse fingrane for at finværet kjem som bestilt.