Årboka 2006 presentert på Árinn
I årbok for folkemusikk 2006 presenterer redaktør Tore Skaug tekstar av Klaus Egge, Reidun Horvei, Stein Villa, Vidar Lande, Olav Gurvin og fleire. Dessutan har han sjølv skrive eit portrett med Harald Knutsen, nyengasjert prosjektleiar for Bø i Telemark. Årboka vart presentert under Árinn '06, som fann stad i Setesdal og Kristiansand forrige helg. Her kunne publikum mellom anna få høyre tonar av Unni Løvlid, Ånon Egeland, Knut Buen, Birgit Rike Lund, Per Anders Buen Garnås og Ragnhild Furebotten.

I årets utgåve av Årbok for norsk folkemusikk får lesaren eit innblikk i folkemusikktradisjonane på begge sider av Mjøsa. Stein Villa gjer oss kjende med det grundige innsamlingsarbeidet som læraren Agmund Hole i Vardal, landdistriktet rundt Gjøvik, utførte først på 1900-talet. På den andre sida av landets største innsjø, i Stange, har Gjermund Kolltveit og Frode Myrheim kome over ei gamal felekasse som det blir spennande folkemusikkhistorie av.

Også Romedal høyrer i dag til Stange kommune, og der er musikken etter Bakstad-gutane ein viktig del i folkemusikktradisjonen. Om Bakstad-gutane skriv Thor Ola Engen, professor ved Høgskulen i Hedmark.

I år er det 100 år sidan komponisten og organisasjonsmannen Klaus Egge blei født. Han hadde eit nært forhold til norsk folkemusikk, og i opptrykk får vi Egges artikkel om "Folketonen, hardingfela og norsk komposisjon" frå 1935. Årboka gir også glimt frå Egges liv og virke.

Hovudartikkelen i årboka er Vidar Landes grundige dokumentasjon av "Frøysaatradisjonen" - om brørne Torleiv og Olaf Frøysaa, spelemenn og felemakarar frå Iveland. Frøysaa-instrumenta er mellom dei fremste i landet vårt, skriv Lande, professor i tradisjonskunst ved folkekunststudiet på Rauland i Telemark.

I årbok-redaktør Tore Skaugs intervju med hallingdalsspelemannen Harald Knutsen lyfter intervjuobjektet ein varsam peikefinger mot historieløyse i folkemusikkmiljøet.

- Skaff deg kunnskapar om tradisjonen og oppsøk dei eldre kjeldene og pust i den same lufta som dei, er Knutsens råd til yngre utøvarar.

Som eit handfast utspel mot mogleg historieløyse gir årboka att professor Olav Gurvins artikkel i festskriftet til O.M.Sandviks 75-årsjubileum om "Norsk programmatisk folkemusikk".

Turid Askjem, bibliotekleiar ved Riksarkivet, har som vanleg forsynt årboka med bibliografi og diskografi om norsk folkemusikk, denne gongen frå året 2004.

Knut Buen, Ånon Egeland, Gunhild Tømmerås, Per Anders Buen Garnås, Ragnhild Furebotten og Unni Løvlid stod for bestillingsverk-konserten med heilt nye verk dette året.

Per Anders Buen Garnås og Åse Teigland hadde laurdag kveld ein særs vellukka dobbeltkonsert med hardingfelespel, medan konserten "Agder møter Pontos" vart ei internasjon oppleving fredag kveld, med Gunhild Tømmerås, Ånon Egeland, Matthaios og Konstantinos Tsahourides i hovudrollane. Stev og slått, byzantinske melodier og svingende rytmer er nokre av stikkorda.

I overkant av 80 frammøtte fekk og høyre Unni Løvlid og Birgit Rike Lund halde ein vakker og stemningsfull konsert i Hylestad kyrkje torsdag kveld.

Du finn fleire artiklar om Árinn 2006 på www.arinn.no.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Genre\Folk / Traditional\World / Crossover, Conferences / Seminars, Concerts, Organizations