The Snuff Grinders til Jørn Hilme-stemnet 2009
Dans, kappleik, konsertar og kurs på Fagernes denne veka.
The Snuff Grinders (Foto: fordefestival.no) (400x324)

Årets tingingsverk under stemnet er "Tonar til hjarta" med Hemsing-systrene og Kvarts. Denne konserten er eit nyskrive verk for Jørn Hilme-stemnet (på Fagernes) og Den norske folkemusikkveka (Ål). Under Jørn Hilme-stemnet kan verket høyrast i Hedalen stavkyrkje, St. Thomas-kyrkja, Tingnes kyrkje og Bruflat kyrkje.

Festivalartisten i år er hallingdansaren Martin Myhr. Han er instruktør på Strunkeveko under festivalen og produsent for fredagskonserten Den so lea se ette golvé i lag med Stian Roland. Her får de sjå og høyre 40 talentfulle ungdommar frå Oppland og Hallingdal opptre med tradisjonelle og nye uttrykk.

Tett på festivalartisten kjem de i intimkonserten Dø og pine det menner i vart fall jæ. Saman med musikar Atle Lien Jenssen formidlar Myhr dikt og forteljingar, og ikkje minst rått og røte frå livet som tømmerhoggar og –fløtar.

Kvedardronninga Kirsten Bråten Bergstår for Solefallskonserten Sagn og Arv på Jaslangen i lag med Arild Andersen, Bendik Hofset, Georg Wadenius og Paolo Vinaccia.

Festivalen får også besøk av Hallgrim Hansegård og dansekompaniet Frikar med The Snuff Grinders, Valkyrien Allstars, Knut Hamre og mange fleire. Ein av semifinalane i INTRO-folk 2009 er lagt til Jørn Hilme-stemnet. Det er Kim André Rysstad og gruppa Filibuster som skal knive om ein finaleplass. I år rundar vi av festivalen med kongepokalvinnarar frå Valdres i konserten Kongeleg læte på Valdres folkemuseum.

Strunkeveko er eit folkemusikkurs for barn og ungdom som går føre seg på Folkehøgskulen på Leira. I år er det påmeldingsrekord med 118 deltakarar, og instruktørane er blant dei best folkemusikkutøvarane i landet.

Kurs for ungdom og vaksne
I tillegg arrangerer Jørn Hilme-stemnet kurs i gamaldans (gratis), valdresspringar, song, munnharpe, langeleik, gjetarinstrument, Halling, capoeira og breikdans.

Kappleik
Kappleiken går føre seg laurdag og sundag på Kulturhuset i Fagernes.

Det blir fleire gratis barnekonsertar og laurdagsformiddagen kan du vera med å tevje om å bli årets go´kar – den den beste og sprekaste!


Dans, dans, dans
Vi har eit rikt dansetilbod heile veka. Av gamaldansmusikk kan vi nemne Sven Nyhus kvartett, Kvarts med Hemsing-systrene, Skarvemellin, Tørstad og co, Septimlaget, Aurdal trekkspelklubb og Valdreskvelven toradarar. I tillegg kjem ei rekkje gode spelemenn- og kvinner og spelar valdresspringar og andre bygdedansar kvar einaste kveld.

For meir informasjon om tider, prisar, påmelding og billettar: sjå www.hilme.no


Festivals