Etterlyser fakta
- Det var naudsynt å auke arrangørstøtta, men å ta midlar frå Rikskonsertane var ingen god idé, seier Thor Olav Fjellhøi frå Norsk Kulturhusnettverk.

I det nye statsbudsjettet vart arrangørstøtteordninga auka med 5 millionar. 3 av desse er omdisponerte frå Rikskonsertane si offentlege konsertverksemd.


Overraska
Kulturdepartementet har teke initiativ til ein gjennomgang av Rikskonsertane si rolle. At midlane vart omdisponerte i forkant av denne, meiner Thor Olav Fjellhøi, dagleg leiar i Norsk Kulturhusnettverk, seier sitt.

- Det overraskar meg at dette kuttet er gjennomført. Med tanke på at det er varsla ein prosess som skal gå gjennom Rikskonsertane si verksemd, er det rart at kuttet vert gjort i forkant av denne. Når det kjem til arrangørstøtta var det naudsynt med ei auking, men det var ingen god idé å ta midlane frå Rikskonsertane. Eg vil seie at dette kuttet sender eit ganske sterkt signal. Om ikkje skjebnen til Rikskonsertane er avgjort allereie, så er det i alle høve varsla endringar.

- Kva forventingar har du til den varsla gjennomgangen?

- No ynskjer eg fakta på bordet. Så langt har dette vore ei mangelvare.


Konsekvens for mangfaldet?
Fjellhøi kan fortelje at 80 % av Rikskonsertane sine arrangement går føre seg i kulturhus. I tillegg til å fylle kulturarenaer landet rundt med innhald, bidreg dette også til å skape sjangermangfald. Minka midlar til Rikskonsertane kan difor by på konsekvensar for Norsk Kulturhusnettverk.

- Dei ulike kulturhusa er ulikt organisert, og dermed avhengige av ulike ting. Nokre stadar er det arrangørar som fyller dei med innhald, andre stadar er det Rikskonsertane. Fakta er likevel at 80 % av Rikskonsertane sine offentlege konsertar forgår i kulturhus. Om det vert kutta for mykje i midlane, vil konsekvensen vere at vi ikkje får tilgang til dei landsdekkjande og sjangeroverskridande arrangementa rikskonsertane tek på seg å formidle.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Concerts, Concert series, Politics, Tours