Pirate Bay-saka til topps i rettssystemet
Ein av dei tre dømde i Pirate Bay-saka aksepterer ikkje dommen. No går saka vidare til svensk høgsterett.

Carl Lundström er ein av dei tre dømde Pirate Bay-grunnleggjarane som tidlegare i år vart kjent skuldig i ulovleg fildeling. Lundström opplyser no gjennom sin advokat at han verken aksepterer fengselsstraffa på fire månader, eller erstatninga han er dømd til å betale.

I tillegg til individuelle fengselsstraffer, vart dei tre Pirate Bay-grunnleggjarane dømt til å betale 46 millionar kroner i lagmannsretten. Ein fjerde grunnleggjar vart frikjend.

(Dagbladet)

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Internet, Copyright, Politics