Omstrukturering i Risør
Henning Kraggerud overtek etter Leif Ove Andsnes som kunstnarleg leder for Risør Kammermusikkfest etter festivalen i 2010. Kraggerud ynskjer å ta musikkhistoria opp til vurdering.

- Brahms spurte en gang: Hvem er vel jeg i forhold til Mozart og Viotti? Det var hans favorittkomponister på den tiden, men i dag er det få som kjenner til Viotti, seier fiolinisten Henning Kraggerud.

Saman med bratsjist Lars Anders Tomter, som har vore kunstnarleg leiar i 20 år, skal Kraggerud stå for den kunstneriske vidareføringa av festivalen, etter at det i dag vart kjent at Leif Ove Andsnes sluttar som kunstnarleg leiar i Risør.

Og mellom interesser som Kraggerud held fram som vesentlege, er altså ynskjet om å gå dei gamle musikkhistorikarane etter i saumane.

- På 1800-tallet bestemte musikkforskerne hvilke verker som var de gode og ikke. Det var ikke alltid de hadde rett, og noe av det jeg vil gjøre i Risør, er å oppspore uhørt musikk: Jeg vil finne fram gamle, ukjente verker, for å se dem i lys av mer kjente komposisjoner, seier Kraggerud.


Festivalen sitt ry i seg
Leif Ove Andsnes var ikkje til stades på pressekonferansen i dag, men rapporterer gjennom ei pressemelding at han ynskjer å prioritera tida si annleis. Det vart understreka at der ikkje ligg nokon dramatiske tilhøve bak at pianisten gjev seg etter 18 somrar i Risør, og Andsnes ynskjer stadig å stå til disposisjon for festivalen som del av det kunstnarlege rådet.

Òg på spørsmål om ein er bekymra for at festivalen vil tapa prestisje utan den verdskjende utøvaren, var den komande leiinga roleg.

- Risør har oppnådd et godt befestet rykte ute i verden, som også er uavhengig av den kunstneriske ledelsen, svarte Kraggerud


Administrativ samanslåing
Andsnes er imidlertid ikkje den einaste som prioriterer annleis i det komande. Også Turid Birkeland sluttar som festivalsjef etter årets festival og haustturné, og etterlet stafettpinna til direktør for Det Norske Kammerorkester, Per Erik Kise Larsen.

Larsen vert dermed leiar for begge organisasjonar, noko som tyder eit tettare samarbeid. Frå 2011 vil Det Norske Kammerorkester vera festivalen sitt faste orkester, og dei to administrasjonane leggjast saman til ein.

- Med tanke på størrelsen på Det Norske Kammerorkester og Risør Kammermusikkfestival vil en sammenslåing av de administrative kreftene være til beste for oss begge, sa Larsen, som la vekt på at arbeidet mot å nå eit stadig større publikum vil vera mellom hans viktigaste fokus.

Korleis vil så festivalen arbeida for å nå eit yngre publikum?

- Vi kommer til å se på ulike måter å kommunisere mot publikum og andre mulige konsertformer. Men dette er et langt lerret å bleke. Det er få andre kunstarter som skiller så mye på publikummets alder som musikken. Det er ikke bare å endre en slik tendens over natta – og vi ser heller ikke noe galt i å lage en festival for et voksent publikum: Det er ingen som spør Hove hva de gjør for å tiltrekke seg de eldre. Vi aksepterer hvordan verden ser ut. Men vi skal jobbe der hvor vi kan fornye oss, sa Larsen.


Med samanslåinga er den felles administrasjonen utvida med ein halv stilling og vil med det utgjera fire årsverk. Også Turid Birkeland vil vera med i festivalen i det vidare, som styremedlem i Risør Kammermusikkfest etter 2010. Kammermusikkfesten finn stad 22.-27.juni, les meir på heimesidene deira.



Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: