Framleis skeiv kjønnsfordeling
Ny statistikk frå Gramo viser at berre 9 av dei 100 mest spelte norske musikarane på radio er kvinner.

I tillegg til å vise at kvinnelege artistar er dårleg representert på norske radiokanalar sine spelelister, viser også statistikken frå Gramo at det har vore ein nedgang på 2% sidan 2006. Den nye statistikken (frå 2009) kan også avsløre at under 16% av utdelt musikkbruksvederlag frå radiospeling går til kvinner.

- Hovudgrunnen er at det dessverre finst færre kvinnelege musikarar enn mannlege i dag. Men denne statistikken bør vere ei oppfordring og utfordring til radiokanalane, inkludert NRK til å spele fleire kvinner, seier leiar i artistorganisasjonen GramArt, Elin Aamodt til NRK.


Oppfordre til bandinstrument
Aamodt får støtte frå Heidi Stavrum. Ho har forska på musikk og likestilling, og kan stadfeste at grunnen til den låge kvinneadelen er at fleire menn enn kvinner vel å verte turne- og studiomusikarar, produsentar, komponistar og låtskrivarar. Dette ser ein også i statistisk samanheng. Om det er eit mål med likestilling i kulturfeltet, trur Stavrum dette er noko ein må ta tak i på eit lågare nivå.

- I det unge folk bestemmer seg for kva instrument dei skal spele, så må ein oppfordre fleire jenter til å spele bandinstrument, seier ho til NRK.


Studiomusikarar på topp
Dorthe Dreier ligg øvst av kvinnene på ein 8. plass. I tillegg til å spele Bratsj i Oslo Filharmonien, har ho jobba som studiomusikar med til dømes A-ha. Morten Harket, Paul Waaktar-Savoy og Magne Furuholmen er også innanfor topp 10 på lista. Neste kvinne ut, er Simone Larsen på 44. plass. Ho seier til NRK at sjølvtillit er eit stikkord for den skeive fordelinga.

- Eg trur at veldig mange jenter har skrive musikken sin berre til seg sjølv. Eller dei vel å framføre andre folk sin musikk, og kanskje ikkje har nok sjølvtillit til eigne ferdigheiter på melodi og tekst.


For komplett liste, sjå NRK.no.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Women