- Vi er en internasjonal festival
Hovefestivalens Toffen Gunnufsen er ikkje sikker på om det er forsvarleg å booke dei største norske banda.

I veka som var vart Hovefestivalen arrangert for fjerde år på rad på Tromøya utanfor Arendal. I tillegg til å vere eit av noregs vakraste festivaleventyr, har også Hovefestivalen rykte på seg for å vere ein stad ein kan utforske ny og spanande musikk, både frå Noreg og resten av verda. Musikkprofilen til Hove er likevel noko endra frå tidlegare år. Kva som har vorte lagt vekt på i årets bookingprosess, kan bookingsjef Toffen Gunnufsen svare på.

- Det er mange ting som spelar inn! Fyrst må vi danne oss eit bilete av kva band som er tilgjengelege og ute på vegen, det er det viktigaste. Vi ser etter ei blanding mellom store, mellomstore og små band. Sjølv om eg gjerne skulle fokusert meir på dei små, sel vi diverre ikkje nok billettar berre på desse.


Lågare alder enn tidlegare?
Ettersom musikkprofilen til Hovefestivalen er i endring, endrar også målgruppa seg. Gunnufsen medgjev at Hovepublikumet i hovudsak er ei ung nedslagsgruppe.

- Målgruppa er på sånn ca. 20-22 år, men det er også mange yngre heilt ned i 16 års alderen. Ein undersøkelse som vart gjort av agderforskning i fjor, viste at 55% av festivaldeltakarane var under 20 år, og at 20% var over 30. Når det kjem til å rette oss inn mot denne målgruppa freistar vi ein kombinasjon, men hovudprogrammet rettar seg mot ungdom, eller nermare bestemt dei som bur i telt på campen. Dei fleste over 25 år bur sannsynlegvis ikkje i telt. Vi freistar å spegle alle slags sjangrar, men i år vart det mest pop, rock og indie. Tidlegare har vi hatt meir av ytterkantane, som hardcore og hip hop.

- Andelen norske mot internasjonale grupper er litt skeiv, i alle høve om ein ser på størrelsen. Korleis passar norske band inn på festivalen?

- Dei store norske gruppene turnerar overalt, så ein kan jo spørje seg om det er forsvarleg å setje dei opp. Sannsynet er stort for at dei ikkje kjem til å selje like mykje billettar.

- Er dei små norske gruppene på programmet valgde utifrå kven de trur har størst moglegheit for kommersiell suksess?

- Vi vel jo gruppene fordi vi tykkjer dei er bra. Bra musikk og bra liveshow er viktigast. Vi vil heller booke ei ny og spanande gruppe som Kvelertak, framfor ei etablert gruppe som turnerer overalt. Vi har ingen forpliktelsar til å booke Dum Dum Boys. Det er jo klart at det er mykje bra norsk musikk der ute, men vi er ein internasjonal festival. Vårt fokus er eigentleg ikkje å booke flest mogleg norske band. Det er det mange andre festivalar som tek seg av.


Vanskeleg økonomi
Trass i høg popularitet og mange festivaldeltakarar har Hovefestivalen tidlegare gått med store underskot. Etter at festivalen gjekk konkurs i 2008, vart den kjøpt opp av det store britiske selskapet Festival Republic, leda av Melvin Benn. Dette gjorde til at fjorårets underskot vart mykje mindre. Sjølv om Gunnufsen har fått nye sjefar og samarbeidspartnarar, meinar han at bookingoppgåva er mykje den same som tidlegare.

- For det fyrste er jo Festival Republic eit veldig solid selskap med lang erfaring og mykje kompetanse, så det har vore veldig bra for oss. Dei har også gode faktureringssystem som dei fleste festivalar kan lære noko av. Når det kjem til bookinga er det eg og Melvin som gjer den saman. Vi har eit budsjett, og så diskuterer vi kor mykje vi skal betale. Det er omlag det same eg gjorde før, berre ein litt annan måte å jobbe på.

- Som vi allereie har vore inne på, har musikkprofilen til Hovefestivalen endra seg litt frå tidlegare år. Kva skal til for at Hove ikkje skal lide ein kommersiell død slik som til dømes Quarten?

- Som sagt er programmet litt i mellomskiktet i år, utan dei ekstreme ytterpunktene. Vi får berre få desse gruppene attende neste år, det er nemleg også ekstremvariantane som ligg mitt hjarte nermast.

Av Sigrun Sæbu Åland Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Popular Music, Interviews