Nytt kulturråd er oppnevnt
Regissør Bentein Baardson er leiar og Queendom-medlem Asta Busingye Lydersen nestleiar for eit mindre og meir utøvar-basert Norsk Kulturråd. Samansetjinga vart presentert under ein pressekonferanse i dag.
Bentein Baardson/Foto: Marius Hauge (370x463)

Av Ida Habbestad

- Det er en seier for kulturlivet at rådet nå har et flertall av utøvende kunstnere, sa Bentein Baardson, ny leiar i Norsk kulturråd, over telefon frå Grimstad.

Både han og Trond Giske påpeikte at dette kan skapa eit meir kunstnarvenleg kulturråd.

Både det utøvar-sterke rådet, samt den nye strukturen for oppnemninga av rådet, vil vera ei god sikring av prinsippet om armlengdes avstand hevda dei vidare.

- Med 60% utøvende kunstnere vil man være uavhengig av både institusjonelle interesser i feltet og myndighetene, sa Baardson.


Mindre råd
Tidlegare kulturråd har hatt 13 medlem. Fire av dei har vore oppnemnde av Stortinget, medan ni er oppnemnt av departementet, medan kunstnarorganisasjonane har hatt høve til å komma med forslag.

Den nye strukturen, vedteken i Stortinget 16 juni, kom til etter forslag frå Løken-utvalet sin sluttrapport. (For detaljerte skildringar av dette sjå her. Løken-utvalet ynskte seg m.a. eit kulturråd på 7-9 medlem)

Med den nye strukturen har kulturrådet 10 medlem. Samtlege vert utnemnte av Kongen i Statsråd, etter forslag frå Kirke og kulturdepartementet.

På spørsmål frå salen om korleis ein kan finna medlem som er kritiske til regjeringa – når det er regjeringa som utnemner – svarte kulturministeren at rådet si viktigaste oppgåve er å utøva fagleg skjønn.

- Jeg vet knapt hvor medlemmene står politisk. Først og fremst er jeg opptatt av at de har kunstnerisk engasjement og innsikt, sa Giske.

Han understreka òg skilnaden mellom kulturpolitikk i form av løyvingar – som kulturpolitikarane skal halda på med – og dei meir detaljbaserte faglege vurderingane, som politikarane overlet til kulturrådet.

- Rådet vil som tidligere fungere uavhengig av departementet og regjeringen. Regjeringen legger rammer i form av bevilgningen, men det er også alt. Om jeg eller kommende kulturministre skulle forsøke å instruere rådet, ville det nok virke mot sin hensikt.


Faktisk mangfald
Det nye kulturrådet speglar mangfaldet både demografisk og geografisk, med representantar frå heile landet og med ulik bakgrunn.

- Det har vært viktig å få representert det faktiske mangfoldet i Norge. Det burde være en selvfølge, og det er aldri vanskelig å finne personer som er gode nok til å fylle plassene, sa Giske i presentasjonen av det nye utvalet.

Nytt av året er òg prinsippet for skifte av råd, meint for å skapa større kontinuitet. Framfor å skifta ut heile styret kvart fjerde år, vil ein no skifta halve styret annakvart år. Som ei overgangsordning er halvparten av det nye kulturrådet utnemnt berre fram til nyttår, medan dei resterande er utnemnde for 2,5 år. Etter valet til hausten, vil den nye Regjeringa ta stilling til om utavclet vert fornya eller held fram i si noverande form.

Kva gjeld antal varamedlem er dei redusert til fire, og styremedlemene har ikkje lenger personlege varaer. Dette tyder at første person på vara-lista, Frøydis Moberg, vil møta nokså ofte – også det for å sikra kontinuitet.

- En hovedmålsetning er minst mulig byråkrati, sa Giske.

Det nye rådet vil komma saman så snart som mogleg for å sjå på organisering og fordeling av arbeidsoppgåver.


Medlemene er som følgjer:

1. juli 2009 til 31. desember 2011:

Bentein Baardson, (f. 1953), leder, skuespiller og regissør, bosatt i Oslo.
Asta Busingye Lydersen (f. 1970), nestleder, skuespiller, sanger og journalist, medlem av revygruppen Queendom. Bosatt i Oslo
Aslaug Juliussen (f. 1953). bildekunster og kunsthåndverker og er bosatt i Tromsø.
Vegar Snøfugl (f. 1971), musiker, bosatt i Trondheim, daglig leder for Trondheim kammermusikkfestival.
Arnfinn Bjerkestrand (f. 1960), musiker og bosatt i Oslo, har vært forbundsleder i Musikernes fellesorganisasjon

1. juli 2009 til 31. desember 2009:
Ivar Roger Hansen (f. 1955), daglig leder av Petter Dass- museet på Alstadhaug
Ottar Grepstad (f. 1953), forfatter og leder av Nynorsk Kultursentrum, bosatt i Volda
Ingrid Lorentzen, (f. 1972), danser i Nasjonalballetten ved Den norske opera og ballett
Solveig Øvstebø (f. 1973), kunsthistoriker, kurator og intendant for Bergen Kunsthall.
Erik Fosnes Hansen (f. 1965), forfatter, bosatt i Oslo.

Varamedlemmer:

Frøydis Moberg (f. 1979), artist, bosatt i Bergen, er daglig leder for BRAK (Bergens Rockaktører).
Corinne Lyche Campos (f. 1968), bosatt i Oslo, pedagogisk utdannelse fra Den Norske Balletthøyskole og er flamencopedagog.
Eivind Falk (f. 1964) bosatt på Lillehammer, daglig leder for Norsk Handverksutvikling
Harald Solberg (f. 1954), kunsthåndverker, bosatt i Lillesand og direktør for Bomuldsfabrikken Kunsthall i Arendal.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon: