- Dei fleste musikarar vil jo spela
Pianist og kunstarleg leier Christian Ihle Hadland meiner en må ha tiltru til dei lokale arrangørane, og at omlegginga av Rikskonsertane ikkje er ein tragedie for det klassiske feltet.

Christian Ihle Hadland spelar under Festspillene i Bergen 3. juni.

Han er mellom lovande pianistar i sin generasjon, har bak seg ei rekkje innspelingar, konserterer hyppig, og er kunstnarleg leiar for Kammermusikkfestivalen i Stavanger. Han meiner kammermusikk burde vera eit heilårsfenomen, og ikkje berre noko som skjer under festivalar.

- Problemet med Noreg er at miljøet er lite. Det gjev seg fleire utslag, mellom anna manglar ein kammerkonserttilbod. Der dei store orkestra held konsertar kvar veke i dei største byane, er kammermusikk stort sett konsentrert til festivalar. Her burde ein hatt fleire scener, eit meir jamleg arbeid, gjennom lokale engasjerte.


Tiltru til lokale arrangørar
Hadland har ikkje så gode erfaringar med Rikskonsertane.

- Dersom ein ser det ut frå det klassiske feltet, har eg dei beste røynslene frå konsertar med lokale arrangørar i biletet. Eg har berre vore på ein Rikskonsertturné, og den fungerte ærleg tala ikkje så bra. Same året var eg på turne med Musikkens Venner, som sette i gang jungeltelegrafen mellom sine eigne, noko som gjorde at det kom bra med folk på konsertane. Eg trur ein skal ha tiltru til dei lokale arrangørane.


Vil spela
I debatten etter omlegginga av Rikskonsertane blei gjort kjend, uttalte kultursjefen i Mo i Rana at han aldri kunne fått til ein konsert med Hadland, dersom det ikkje hadde vore for Rikskonsertane.

- Eg trur ikkje det er tilfellet. Hadde han gått saman med Bodø og Harstad for det same programmet, hadde eg gjerne teke turen. Eg hadde ikkje blitt fornærma om han kontakta meg. Dei fleste musikarar vil jo ut til folk – og spela.

Hadland tenkjer seg om, og legg til:

- På det klassiske feltet – som er det einaste eg kan uttala meg om – har Rikskonsertane gjort eit godt arbeid for norsk musikkliv. Men eg trur altså ikkje at omlegginga er ein tragedie for det klassiske feltet. Snarare trur eg ein er avhengig av at lokale arrangørar visar guts og snakkar saman.


Her speler Hadland Robert Schumanns "Marchenbilder op. 113" sammen med Tabea Zimmermann. Fra Kammermusikkfestivalen i Stavanger 2010.



Gode opplevingar
Kvar startar eit musikarliv som Hadland sitt?

Sjølvsagt i barndomen, påpeikar pianisten, som i arbeidet med publikum ved festivalen i Stavanger set fokus på barnehagar, etter modell frå kollegaen i Risør. Eit utval barnehagar får tilsendt ein CD med korte klassiske stykke. Borna får stemma over kva stykke dei likar best, og vert inviterte til konsert med stykka som er valde ut.

- Det skal ikkje meir til enn at dei veit at denne musikken finst og får ein eller to gode opplevingar med den. Då er det sjanse for at ein vil venda attende til musikken seinare i livet, seier Hadland.

Hans eigen barndom med pianoet opplevdest ikkje som det harde, einsame arbeidet ein tenkjer skal til for å seda ein god utøvar. Hadland skildrar den musikalske oppfostringa si som like delar speling, brus og teikneseriar – då han frå åtte års alder vart undervist av Ingeborg Songe-Møller.

- Desse timane var prega av uavgrensa tid. Dei kunne byrja med at eg sette meg med Donald, medan Ingeborg ordna i huset. Så rota eg meg gjennom notehyllene hennar, fann fram til noko eg hadde lyst til å spela, og så sette me i gong. Slik heldt me på i fire år. Det var strukturert arbeid, men framfor alt var det ein fantastisk tilgang til ulikt repertoar, prøving og feiling – ja ei open verd, fortel Hadland.


Retoriske forløp
Pianisten kan visa til storhende på CV-en, særeigne augneblikk, som første gongen han var solist med Oslo-Filharmonien, og då han spelte med Renée Fleming. Eller då han i 2009 mottok Statoils talentstipend og vart utnemnd til kunstnarleg leiar i Stavanger.

Slike augneblikk er viktige, meiner Hadland. Men i det enorme fokuset på talent og målinga av slike, er ikkje konkurransen i seg nokon interessant storleik. Konkurransen som arena gjev høve til å henta inspirasjon frå andre musikarar,
få gode råd frå ein jury – og å få øvd inn eit repertoar.

Og eit stort repertoar, det har denne utøvaren. For tida er han oppteken av å snevra inn; gå i djupna: i kvar enkelt av dei musikalske verdene han nærmar seg.

- Eg arbeider aller mest med klang. Eg høyrer stadig fleire ting i musikken, og til det arbeidet trengst tid. Det er ikkje så mystisk, snarare meir ein klisjé, at eg arbeider med å finna ut kva som er historia i musikken. Ikkje i form av konkrete hendingar – eg leitar etter det retoriske forløpet, seier han.


Eterisk og jordnær
Det siste er særleg aktuelt for repertoaret han gjer under solokonserten sin i Bergen. Her står far og son Bach på programmet, begge gjenstand for musikkvitskaplege undersøkingar av retoriske verkemiddel.

- Likevel er dei svært forskjellige. På eit banalt plan kan ein seia at Johann Sebastian er eterisk medan Carl Phillipp Emanuel bidrar til å dra folk ned på jorda. Som komponist veit C.P.E. kva verkemiddel han skal nytta for å få folk på kroken. Og han kan gjera fantastiske ting, som å byggja opp ein heil sonatesats frå heilt små motiv. Likevel er han jordnær i den grad at det ikkje alltid fungerer. J.S. sin musikk er nesten for god til å vera sann, og ein vert meir audmjuk som utøvar. Det gjeld å forstå at Bach er den komponisten som er lengst frå å vera ein likemann. Ein eg ikkje kunne gått på kafé med.

- Du målar komponistar etter om du kunne gått på kafé med dei?

- Tja i gode musikalske augneblikk likar eg å sjå føre meg at Mozart sit på andre sida av kafébordet, og at me har ein god samtale gåande. Det handlar nok om at eg opplever Mozart som ein ekstremt menneskeleg komponist. Slik tenkjer eg ikkje om Bach. Eg trur det var Rudolf Steiner som sa at når englane spelar for kvarandre spelar dei Mozart, men når dei trer fram for Gud så spelar dei Bach. Det er kanskje den beste skildringa eg har høyrt av skilnaden mellom desse. Ingen av dei er av denne jorda, men Bach er enorm. Eg oppnår ikkje den same nærleiken til han, og det gjer han meir mystisk for meg enn Mozart.

- Samstundes er handverket hans svært konkret?

- Ja, det er ekstremt konkret, og på mange måtar meir strukturert enn hjå Mozart, sjølv om det naturligvis er feil at sistnemnde skreiv ned alt på intuisjon. Begge har arbeida hardt, men Bach er så perfekt på eit vis. Eg har spelt musikken hans i nesten 20 år og forstår framleis ikkje korleis det er mogleg å skriva slik.


Programmering i a-moll
Festspela legg i år vekt på at dei har ein konsertserie som er kuratert. Finst det nokon skilnad mellom det å kurera og det å setja saman eit konsertprogram, slik ein gjer det til vanleg? Hadland fortel at programmet hans i Bergen byggjer på ein klår tanke, der to komponistar sjåast i samanheng, og der kvar halvdel av konserten har kvar sin toneart.


Les også: Intervju med festspillkurator Henrik Hellstenius


- Det er kanskje en primitiv tankegang, men erfaringsmessig kan toneartshopp vera øydeleggjande. Her unngår ein dei, og særleg den andre halvdelen, der alle verka går i a-moll, er spanande. Verka i denne delen syner korleis komponistane har klart å gjera den same tonearten både lys og ekstremt dunkel.

Også i kammermusikkfestivalen er programarbeidet viktig – og vanskeleg, meiner Hadland.

- Det å finna ut kva samanstillingar som fungerer, er ikkje lett, heilt enkelt fordi det som er ein god idé står til forventninga i røynda. Ein lærdom frå i fjor er til dømes at me skal gjera færre, og gjerne lenger stykke på kvar konsert, så folk kan få søkkja djupare inn i kvart stykke.

Resultata av denne tankegangen kan opplevast under festivalen i Stavanger i august.


Musikk som loddar djupt
Pianisten ynskjer seg eit musikkliv som tek tak, på mange område. Og samstundes: stoda for den klassiske musikken uroar han ikkje så veldig.

- Er det ikkje paradoksalt at ein har ein så stor tilvekst av unge, dyktige musikarar, når deira jamgamle ikkje finst i publikum? Må ein velja mellom å vera utøvar sjølv eller å vera uinteressert?

- Nok ein gong trur eg det handlar om kva du vert utsett for når du er ung. Sjølv har eg måtta høyra Mahler sine symfoniar 10-12 gongar før eg har forstått kva som føregår, seier Hadland.

- Det å lytta til klassisk musikk krev ofte ein viss innsats. Musikken loddar djupt, og den tek ikkje minst tid. I eit samfunn som ikkje nødvendigvis dyrkar ettertanken, er det ikkje rart at ein ikkje når gjennom hjå unge. Og kanskje skal ein ikkje forlanga det. Kanskje endrar folk seg, og held merksemda lenger enn 2 minutt og 45 sekund, når dei vert eldre. Ein er kanskje ikkje lenger like oppteken av dei raske løysingane då.

Christian Ihle Hadland held konsert under Festspillene i Bergen 3. juni

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Classical, Genre\Classical\Classical, Interviews, Concerts, Politics, Funding