Oslo-basert kulturjournalistikk?
På debatt i Bergen med spørsmålet ”Kva er god kulturjournalistikk” kunne ein få inntrykk av at den beste journalistikken er den som er produsert utanfor hovudstaden.

Av Ida Habbestad

Organisasjonen Proscen (produsentenhet for scenekunst), Norske Scenekunstprodusenter og Ny Musikk inviterte i går til debatt for å diskutera kva som er god kulturjournalistikk, og korleis tilhøvet mellom journalister og informasjonsrådgjevarar på scenekunstfeltet bør vera.

Panelet var breidt. Karl Knapskog (medievitar UiB), IdaLou Larsen (frilans scenekunstjournalist), Jan Landro (kulturredaktør BT), Ole Klemsdal (informasjonssjef DNS), Andreas Langenes (informasjonsansvarleg, BIT Teatergarasjen) og Ole Jan Larsen (kanalsjef NRK P2) hadde alle møtt opp for å presentera sine syn kring emnet.

Den nye kanalsjefen i det riksdekkjande NRK P2 var altså til stades, men fekk sitta underleg mykje i fred. Det var kulturredaktøren i BT som vart introdusert som ”kongen av kultur”, og det var til han dei fleste spørsmåla vart retta undervegs. Slik vart det meir enn tydeleg at debatten fann stad i Bergen.


Fråverande nasjonal merksemd
Kan henda seier dette aller mest om avstanden som tydeligvis eksisterer mellom dei Oslo-baserte mediene og øvrige byar i landet. Håkon Thuestad, tidlegare politisk rådgjevar til bergenspolitikar, no stortingsrepresentant Henning Warloe, hadde i forkant av seminaret gjort ei rask undersøking. Den sa at der er 10 gonger så mange kulturoppslag frå Oslo som frå Bergen – eit tal som ikkje står i høve til byane sin storleik.

- Dette betyr at vi må tenke nytt, og fortelle resten av landet hvorfor institusjonene våre ikke bare kan måle seg nasjonalt, men også på et internasjonalt nivå, sa han som ei oppmuntring til forsamlinga.

I kva grad Thuestad si undersøking er haldbar, veit eg ikkje. Men skal ein dømma etter utsegna til dei to representantane frå det utøvande kunstfeltet i panelet; informasjonssjefane i høvevis Den Nasjonale Scene (DNS) og BIT Teatergarasjen, er høvet Bergens-institusjonane har for å vinna merksemd utanfor byen uansett ikkje særleg gode.

Særleg frå DNS vart det uttrykt bekymring over at den eine av landet sine tre nasjonale scener er lite framheva framfor dei to tilsvarande i hovudstaden. Aftenposten, som tidlegare dekka store deler av DNS sitt program, har gjort ei einaste melding frå DNS denne hausten, medan medier som NRK, Klassekampen og Morgenbladet er totalt fråverande, fortalte Klemsdal.


Moralsk og sosialt ansvar?
Men på spørsmålet om mediene har noko moralsk ansvar for å fremja kunst og kultur og vera ein kanal som skapar aukar kjennskap til det som går føre seg av kulturelle aktivitetar, var imidlertid svaret eit tydeleg nei frå to av mediefolka i panelet.

Frilanskritikar og tidlegare kulturredaktør i mellom anna Nationen, IdaLou Larsen, svarte at ho meiner ho har eit annan type ansvar:

- Jeg føler ikke et moralsk ansvar for å fremme kunst og kultur, men et ansvar for, etter beste evne, å veilede leserene når det gjelder verdien av kunst og kulturuttrykk, sa ho.

Både Larsen og BT sin kulturredaktør Jan Landro erklærte seg skeptiske til lanseringsjournalistikk i form av forhåndsomtale.

- Når det gjelder teater er det ikke så mye fornuftig å si om det før du har sett det, sa Larsen.

- Det er kanskje ikke så lett å si hva som er god kulturjournalistikk, men det er dårlig kulturjournalistikk når journalisten opptrer som talerør for kunstnerne eller arrangørene, sa Landro, som samstundes inviterte kulturinstitusjonane til ein tettare dialog om meir spanande presentasjonar av prosjekta sine.

Medan Andreas Langenes i BIT Teatergarasjen hevda sitt syn om at avisene bør ha eit sosialt ansvar som fordrar at dei ikkje berre gjev lesarane kva dei vil ha, men òg eit høve til å oppdaga nye uttrykk. Langenes peika vidare på sjølvmotseiinga det tykkjest vera hjå redaktørane som ikkje ynskjer vera talerør for aktørane, samstundes som dei leverer kjendisjournalistikk som ofte finn stad på kjendisane sine premiss.


Ingen passert gullalder
Medievitar Karl Knapskog synte til at denne diskusjonen langt på veg er ei repetisjonsøving – der aktørane på kvar side truleg vil halda fram med å meina det same.

Han synte til boka ”Kulturjournalistikk – pressen og den kulturelle offentligheten”, utgiven i 2008, som nettopp tek føre seg kulturjournalistikken si doble oppgåve, som formidlar frå og om kulturfeltet og som arena for kritikk og debatt. Talmateriale herifrå avkrefter myten om at alt var betre før.

- Det er ikkje slik at det har vore ein gullalder i kulturjournalistikken som no er over, hevda Knapskog.

I staden er antalet kulturjournalistar i norske medier oppløftande, hevda han: Antalet journalistar er 12% av den totale mengda journalistar – dobbelt så mange som antalet sportsjournalistar. Antalet artiklar på kulturfeltet er vidare dobla sidan 1964 – og kvart femte oppslag på kultursidene var i 2005 ein kritikk.


Kvantitet og kvalitet
Knapskog presenterte imidlertid ikkje oversikt over geografiske tilhøve, og moderator for debatten, informasjonssjef i Festspillene i Bergen, Silje Gripsrud, kunne understreka tendensen til konsentrasjon kring Oslo, ved å peika på årets dekkjing av festspela. Den var prega av eit stort antal internasjonale journalistar, medan færre nasjonale medier fann vegen. Dei norske journalistane som kom tilbrakte kortare tid enn før i byen.

I eit slikt perspektiv var det truleg kanalsjef i NRK P2, Ole Jan Larsen, som hadde dei mest oppsiktsvekkjande utsegna. Han uttalte ein klår ambisjon om at mediehusa bør vera forplikta til å levera kritikk av store kunstnarlege institusjonar sine produksjonar, og at NRK burde vera på fleire scener enn dei i Oslo:

- NRK har i dag ingen egen scenekunstkritikker. Det er for få som kan spille opp til debatt, her må vi ta selvkritikk – og se at vi har en stor utfordring i å få knyttet til oss kompetente kritikere, sa han.


Kva er så god kulturjournalistikk?
Etter ein debatt som rørte seg mykje om antalet oppslag – er det å vona at den neste runden kan fokusera meir på innhald.


Debatt USF- Verftet, onsdag 28. oktober.

”Kulturjournalistikk” er utgiven på Scandinavian academic press, med redaktørar Karl Knapskog og Leif Ove Larsen.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Debate, Press