-Utkonkurrerer seg sjølv
Erik Hillestad, dagleg leiar i Kirkelig Kulturverksted, går til åtak på Eidsvåg og Kyrkjebøs COOP-avtaler.

Artistane Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø har inngått ei stor avtale med butikkjeda COOP, og sel her dei siste platene sine til 99 kr.

Dette har provosert Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverkstad. Utan å nemne namnet på dei to har Hillestad uttrykt si misnøye på Kirkelig Kulturverksted sine nettsider.

- Å selge plata si frå første dag for 99 kroner er det same som å si at ’dette er noe dritt’. Det er ikke stort mer verdt enn plasten og pappen det er pakket i, skriver Hillestad.


Desperate etter nye salgstiltak
Hillestad skriv og at medan det er ille at folk stel musikk på nettet, er det verre at artistar og plateselskap sjølv let musikken gå til så låg pris. Han legg til at plateaktuelle artistar er vortne desperate etter å komme på nye salgstiltak. Hillestad skriv at han og Kirkelig Kulturverksted nektar å gje opp sjølv om platebransjen slit.


Lite solidarisk
Ballade spurde Hillestad om 99 kr verkeleg er ein så låg pris, og om han ikkje trur artistane førespeglar seg økonomisk vinning.

- Det er for lågt. Om ein byrjar å sjå på kven som får pengar att for platesalet, blir det stort sett ikkje meir enn 20 kr til artist og plateselskap. COOP skal sjølvsagt også ha sin del av inntektene. Med alle utgiftsledd skal ein selje mykje. Problemet med dette er at det er kortsiktig tenkt. Økonomien kan godt gå rundt på ei plate, men det er ikkje sikkert det er same artisten som får stå i hylla på Rema neste gong. Då har ein undergrave sin eigen musikk og sin eigen marknad. Ein konkurrerer ut seg sjølv, og det er lite solidarisk.

- Kjem ikkje Kirkelig Kulturverkstad til å innføre salgsfremjande tiltak for å takle den vanskelege platemarknaden?

- Jo sjølvsagt, men ikkje på denne måten. Vi kjem ikkje til å sage av greina vi sit på, nemleg platebutikken. Vi er også somme tider avhengig av å selje musikk andre stader enn i platebutikkane, men då kostar produkta det same så vi ikkje lagar konkurranse, seier Hillestad.


Svar frå Eidsvåg
Eidsvåg la onsdag ut eit svar til Hillestad. "Erik Hillestad og Kirkelig Kulturverksted kan lage gode plater, men det kan være de har noe å lære når det gjelder å selge dem", skriv han på Twitter. Eidsvåg poengterer også at han ikkje er så oppteken av eigen vinning som Hillestad vil ha det til.

- Erik Hillestad sier at jeg kun tenker på egen lommebok, da vil jeg minne han på da jeg frasa meg royalties fordi at KKV skulle overleve, skriv Eidsvåg.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Popular Music, CD Releases