Nytt og typisk
Håkon Thelin har funne det han kallar "kontrabassen sin folkemusikk".

I norsk samanheng har Håkon Thelin gjort noko heilt unikt. No er han aktuell både med platelansering og med fullført kunststipendiat ved NMH.

- Eg har funne mitt musikalske språk. Prosjektet viser kven eg er som utøvar, og det er ingen norske klassiske kontrabassistar som har gjort dette før meg, seier Thelin om den ferske utgjevnaden «Light».

Sidan hausten 2007 har kontrabassist Thelin, som nok er mest kjend frå POING, gruppa som i år er kunstneriske leiarar for Ultimafestivalen, vore kunststipendiat ved Noregs Musikkhøgskule. Med fokus på det kunstnariske er kunststipendiatet er ein utøvande parallell til doktorgradsutdanninga. I samband med dette prosjektet har Thelin undersøkt og vidareutvikla speleteknikkar på kontrabassen samt utvikla heilt nye teknikkar.

Han har også komponert eigen musikk, og no er han aktuell med plata «Light» som i norsk samanheng er den fyrste kontrabassutgjevnaden med eigenkomponerte verk frå ein utøvar innanfor den klassiske tradisjonen.

Thelin har tidligere gitt ut albumet "A P)reference to other things".


Kontrabassen sin folkemusikk
Dei speleteknikkane Thelin har lagt størst vekt på i prosjektet sitt er flageolettar, multiphonics og enkelte perkussive effektar. Flageolettar er lyse tonar som oppstår når ein lett kviler fingeren på strengen i staden for å trykke ned, og multiphonics er overtonefleirklangar. Tysdag 14. juni spelar Thelin solokonsert i Lindemansalen på NMH. Her vert desse teknikkane demonstrert for publikum.

- Eg har teke utgangspunkt i musikken til den italienske bassisten Stefano Scodanibbio og den franske komponisten Philippe Boivin. På konserten på tysdag vil eg spele musikk frå både Scodanibbio og Bovin samt eit eigenkomponert verk der dei teknikkane eg har arbeida med vert nytta. Det er desse nye spelestilane eg har valt å kalle kontrabassen sin folkemusikk. Det er rett og slett typisk musikk for kontrabassen, og den kunne eigentleg ikkje vore spelt på andre instrument.

- Trur du andre kontrabassistar lett vil kunne nytte desse teknikkane i sin eigen musikk?

- Ja, det trur eg, ler Thelin.

- Men dei må vere innstilt på å terpe mykje. Som med alt anna er det ikkje mogleg å lære desse teknikkane over natta.


Les også: Om å øve in ti forskjellige knirkelyder


Både tradisjonelt og utradisjonelt
Konserten på tysdag skal markere slutten på Thelin sitt stipendiatprosjekt. I tillegg vert også plata «Light» lansert. På konserten skal Thelin sitt verk «Glasperlenspiel» urframførast. Verket som er skrive for kontrabass og vokal finnast også på «Light».

- Korleis representerer «Light» forskingsarbeidet ditt?

- Det er vel litt både òg, men dei teknikkane eg har arbeida med finnast i musikken heile tida. Samstundes kan «Light» seiast å vere eit produkt av den musikaren eg er vorten. Her spelar ikkje berre forskinga men også musikalsk erfaring inn.

- Har du måtta bryte nokre tradisjonelle kunstmusikalske normer i samband med dette prosjektet?

- Alt eg gjer byggjer på den klassiske teknikken, så det er faktisk ganske tradisjonelt samstundes som det også er utradisjonelt. Eg synast eigentleg ikkje at eg bryt med så mange konvensjonar. Teknikkane er ei forlenging av den gamle måten å spele på, ingen motsetnad. Med andre ord bryt eg ikkje med det tradisjonelle, eg berre vidareutviklar. Ein må nok også ha den klassiske bakgrunnen for å spele dette repertoaret. Det krev mykje målretta øving.


Tysdag 14. juni kl 19.30 spelar Håkon Thelin sluttkonserten for stipendiatprosjektet sitt i Lindemansalen ved NMH. Her vert også plata «Light» lansert.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon: