Norsk Folkemusikk- og Danselag søker prosjektmedarbeidar
Norsk Folkemusikk- og Danselag søker to personar til mellom anna følgjande oppgåver: Formidling av utøvarar og tilrettelegging av program for oppdragsgjevarar, samd ivaretaking og utvikling av kontakt med potensielle arrangørar. I tillegg lysar dei og ut ei stiling som konsulent. Les meir om stillingane her.
Hardingfele-stående (148x381)

Norsk Folkemusikk- og Danselag har send oss følgjande tekst, som vi her formidlar vidare:

"Vår medarbeidar som arbeider med artistprofilering og formidling har permisjon ut året. I hans stad skal vi på timebasis engasjera ein person til mellom anna følgjande oppgåver:


Vi søker etter ein omgjengeleg, open og kontaktskapande person som er nøyaktig og initiativrik, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans og gjerne med erfaring eller kjennskap til artistformidling - enten som formidlar, arrangør eller artist. Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:

Arbeidsmengda vil variera etter mengda oppdrag, men vil i gjennomsnitt ikkje overstige 50% stilling.

Vikariatet gjeld frå 1.8. og fram t.o.m. 31.12. 2003. Tiltreding snarast etter 1.8. Løn etter avtale. Etter at vikariatet er over kan det væra aktuelt med vidare arbeid for oss på timebasis innan dette området.

Konsulent (50% stiling)

Vår medarbeidar som arbeider med vedlikehald og oppdatering av Norsk Folkemusikkatalog, og som tar seg av det generelle kontorarbeidet på NFD-kontoret, har søkt utdanning for studieåret 2003/04. I hennes stad skal vi tilsette ein vikar for eitt år i 50% stilling til mellom anna følgjande oppgåver:

Vi søker etter ein nøyaktig og omgjengeleg person som kan arbeide sjølvstendig, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans og erfaring frå tilsvarande arbeid. Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:

Vikariatet forutsett at vår konsulent får studieplass, og gjeld frå 1. august 2003 og fram t.o.m. 31. juli 2004. Tiltreding snarast etter 1. august. Løn etter avtale.


Stillingane kan kombinerast. For begge stillingane er arbeidsstad Musikkens Hus i Tollbugata 28 i Oslo.

For meir opplysning ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen, tlf 22423290 eller e-post nfd@folkogdans.no.

Søknadsfrist er 30. juni 2003.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Folk / Traditional\Norwegian, Organizations, Positions