Arrangørane sitt ansvar?
INNLEGG: Dersom Borealis og administrasjonen i Bergen Filharmoniske Orkester verkeleg ivra for Jenssen sitt ”Shhocstavoski”, burde dei ha lagt til rettes for eit betre samarbeid mellom komponist og dirigent, skriv Ida Habbestad i denne artikkelen.
Ida Habbestad (330x308)

Av Ida Habbestad

Sidan påske har me debattert eit nytt stykke musikk her på Ballade. Geir Jenssen sitt ”Shhocstavoski” har fått ei rekkje aktørar til å ytra seg engasjert om samtidsmusikken i ein skala som er sjeldan i det offentlege rommet.

Debatten er i utgangspunktet interessant, og kan langt på veg kreditterast arrangørane. Bergen Filharmoniske Orkester sin konsert på Borealis utgjer truleg den einaste i sesongen der BFO utelukkande fremfører nyare norske verk. At dei finn plass til vidt ulike estetiske uttrykk, frå det tradisjonalistiske til det eksperimenterande, er dermed prisverdig i seg.


Uforløyst dynamikk
Men mykje tyder på at Borealis og orkestret ikkje har teke det mest risikable prosjektet – tingingsverket frå ein person med bakgrunn frå ein annan sjanger – på alvor.

Tidlegare festivalleiar, Nicholas Møllerhaug, var initiativtakar, og har forklart om motivasjonen bak prosjektet her. Ideen hans var å la Geir Jenssen, elektronikaartisten med formfornemminga som sitt varemerke, arbeida med orkestret sin lyd for å sjå kva eit slikt møte kunne innebera.

Når verket i ettertid har fått negative attendemeldingar, har Møllerhaug vist til den autodidakte Sciarrino. Også hans musikk har forarga dirigentar, kritikarar og musikarar. Møllerhaug har minna oss om at mang eit godt verk ikkje har vorte godt motteke i si eiga samtid.

Òg den noverande festivalleiaren, Alwynne Pritchard, har vore inne på dette. I ein kommentar peikar ho på at notasjonen – eller musikken sitt møte med orkestret – ofte kan vera problematisk, også når der er meir erfarne komponistar i biletet.

Slik viser begge leiarane at dei er kjende med den stadig uforløyste dynamikken mellom komponistar og orkestre. Stadig finn me døme på at komponistar ytrar ynskje om større høve for utforsking innan orkestermediet – noko som mellom anna fordrar lenger prøvetid. Orkestra har på si side begrensingar av praktiske, økonomiske, somme gonger òg visjonære årsaker.

Ikkje minst kjenner orkestret, BFO, sin eigen kvardag. Dei burde, når dei aksepterte å gå inn i prosjektet, vera dei første til å leggja til rettes for at resultatet skulle bli så bra som mogleg. Når ein kjenner til at møtet mellom komponist og orkester kan vera ublide, virkar det nokså dumdristig å forventa at den som ikkje har noka røynsle innan mediet i det heile skal kunna levera eit materiale som alle er nøgde med.

Det er enkelt å sjå føre seg ulike løysingar som kunne ”mjukna” dette møtet. Tilretteleggjinga for eit godt – og tidleg – samarbeid mellom dirigent og komponist burde vera det første på dagsordnen. Vidare ei lengre prøvetid, kanskje ein workshop med orkestret; det heile virkar vera eit spørsmål om prioritering.

I røynda fekk dirigenten overlevert notematerialet tre veker før framføring. Når ingen undervegs har sikra at handverket er godt – og den aktuelle dirigenten finn det uhandterleg – er det kanskje ikkje rart at der oppstår konfliktar, og at dei vert personlege.


Ytringa viktig
Debatten mellom komponist og dirigent gjev ei unik innsikt i utfordringane i slike prosjekt, og mellom interessante kulturskilnader. Kven som har rett – og om verket faktisk held mål (det kan jo stadig bearbeidast og tolkast på nytt) – vil kanskje berre ettertida visa.

Mange skulle nok ynskt seg at debatten hadde nådd eit høgare fagleg nivå. Men den overordna problemstillinga er viktig. For, som ein av kommentatorane ytrar: Det må vera lov å uttala seg om kvaliteten på eit stykke, utan at ein vert omtalt som ukollegial. Og det må vera lov til å ynskja å sjå bak overflata, for å finna ut om eit verk består av sand eller gullkorn.

NRK P2 tek debatten vidare i "Musikk i brennpunktet" i morgon kl 21.00. Her kan ein òg høyra det omdiskuterte verket, samt kritikkar av Nina Krohn og Svein Terje Torvik. Meir om programmet her.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals