Opera Nordfjord: Gjev identitet til bygda
INTERVJU: - Eg trur ikkje at fleire går på opera her i Nordfjord fordi om operaen opnar i Oslo. Men eg er viss på at Opera Nordfjord sin aktivitet har resultert i flere operagjengarar i Oslo, seier operasjef Kari Standal Pavelich til Ballade. Den minste, men av dei hurtigst veksande distriktsoperaene, er eit lysande døme på interessa for forma i distrikts-Noreg.
Opera Nordfjord08-Skisse/Foto: www.nordplan.no (360x271)

Av Ida Habbestad

Med tilhald i Eid kommune engasjerer Opera Nordfjord publikum og aktørar frå heile Nordfjord og fylket elles. Grunntanken bak operaen var nettopp dette: å finna fram til kunstnarlege eigenskapar som finst hjå folk, same kvar ein bur.

- Mange har vakse opp med handverk og kunne laga kostymer eller kulisser. Andre er musikalske og kunne ta del i kor eller orkester. Eg ville samla alle gode krefter og gjera dei synlege, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Pavelich står bak det heile, og ideen fekk ho då ho arbeidde som rektor og fiolinlærar ved kulturskulen. Fiolinisten hadde permisjon for å spela i operaorkestret i Kristiansund, og medan tonane frå ”La Bohème” smaug forbi, tenkte ho det kunne vore artig å setja opp ein opera i Eid. I heimkommunen vart ideen teken vel i mot, og då Pavelich gjekk ut i barselpermisjon vinteren 1997, fekk ho ikkje berre meir tid til prosjektet, men òg 200 000 kroner i stønad, samt – etter ein notis i lokalavisa – 40 frivillige medhjelparar.

Den første framsyninga, ”Flaggermusen” av Strauss, hadde premiere hausten 1998.

Entusiasme og velvilje

Pavelich hadde ikkje i utgangspunktet tenkt lenger enn til denne eine oppsetjinga. Men etter fire utselde framsyningar oppsto eit folkekrav om gjentaking. Trass åtvaringar om kor lett ein brenn seg ut, arbeidde dei entusiastiske bak Opera Nordfjord villig vidare. Dermed kunne ”La Traviata” setjast opp året etter, med seks framsyningar. I år 2000 var eit uoppnåeleg mål nådd; operaen fekk plass på statsbudsjettet.

I 2007 var omsetjinga på omlag 4 millionar kroner, og alt i 2008 rår ein over endå ein million i offentleg stønad. Det er dermed lett å beteikna utviklinga som ein suksesshistorie. Men bakom ligg stort innsats, presiserer operasjefen.

- Det har vore eit enormt arbeid, men me har flytt på ei bylgje av entusiasme og velvilje. Denne velvilja har vore avgjerande for at me skulle klara det; me måtte ikkje kjempa prosjektet fram gjennom mange år, men har med få unntak opplevd positiv respons frå nærmiljøet heilt frå starten.

- Når det breide lag av innbyggjarar i Nordfjord har engasjert seg, har operaen blitt med på å gje identitet til bygda, seier Pavelich,.

Satsing på kvalitet

Det har vore ei jamn auke i løyvingane gjennom dei ti åra. Korleis har det hatt betydning for produksjonane?

- Haldninga blant dei som er med, er jo at kvar framsyning er den beste til no, svarer Pavelich.

- Men heile vegen, frå 1998 har me satsa på kvalitet; gjennom eit profesjonelt orkester med distriktsmusikarane i fylket som stamme, gjennom profesjonelle solistar, og med profesjonelle gruppeleiarar på kostyme, sminke og scenografi.

- Derfor ligg nok den største skilnaden i det ytre. Det første året hadde me til dømes berre 5000 kroner til bruk på kulisser. Då er det ikkje mykje materiale du har å byggja av!

Sjølvhjelpen

Auka løyvingar tyder òg at antalet framsyningar har kunna veksa. Stadig held dei seg til éin hovudproduksjon per år, men annakvart år sidan 2002 har dei arrangert operagallaturné om våren, med tre konsertar i distriktet.

I tillegg har dei gjennom dei siste tre åra hatt overskot til å arrangera ein internasjonal workshop med Elizabeth Nordberg Schultz som kunstnarleg leiar. Omlag 15 studentar finn vegen til Eid, for å arbeida med henne og anerkjende europeiske pianistar, og det er lagt vekt på at operaworkshopen skal driva seg sjølv økonomisk.

For det å vera sjølvhjelpen og uavhengig er viktig, meiner operasjefen, som fortel at eit samarbeid med Den Norske Opera Turné førebels ikkje har vore aktuelt:

- For andre miljø utan eit lokalt produksjonsapparat er eit samarbeid med Den Norske Operaen det einaste naturlege og heilt naudsynt for å få ein operaproduksjon sceneklar. Men me har etterkvart fått andre føresetnader, og derfor lagt vekt på kunstnarleg sjølvstyre. Førebels har det ikkje vore aktuelt å stilla dugnadsapparatet til rådes for ei fiks ferdig framsyning utanfrå. Du får eit større eigarforhold når du produserer alt lokalt, seier Pavelich.

Det eksperimentelle høyrer heime i storbyen

Heilt uavhengige er ein likevel ikkje. Eit publikum må ein ha, og korvidt framsyninga vil selja er eit viktig kritierium for repertoarvalet. Så langt har operaen konsentrert seg om klassikarar som ”Tosca”, ”Figaros bryllup” og ”Den glade enke”. Men Pavelich understrekar at dei gjerne eksperimenterer innafor rammene sine. Mellom anna er årets hovudproduksjon ”Die Herzogin von Chicago” av Kálmán frå 1928 ikkje tidlegare framført i Norden. Librettoen har dei dessutan omsett til nynorsk.

- Eg er samd i at me har eit ansvar for å få moderne opera ut til folket, men me er rett og slett ikkje i posisjon til det no, seier operasjefen. - Enn så lenge høyrer dei eksperimentelle verka heime i storbyen, der ein har breiare tilbod.

- Men ikkje alle klassikarane me har gjort er like kjende. Me har spelt ”Jegerbruden”, som ikkje har vore i Den Norske Opera, og me har vore i kontakt med ein librettist og ein komponist om eit mogleg bestillingsverk om nokre år. Og så har me lukta litt på andre norske operaer frå tidleg på 1900-talet.

Vinn-vinn situasjon

Kva vert den viktigaste utfordringa vidare?

- Det må vera å halda entusiasmen oppe. Stadig får me velmeinande åtvaringar om at velvilja frå amatørane kan forsvinna. Til dømes gjekk ein ekspert ut i lokalavisa og sa at me ville møta ei sjuårskrise, for det gjer alle. Men no held me på i vårt 11. år, og det har ikkje vore noka krise, seier Pavelich.

- Det er sjølvsagt viktig å ta vare på folk, og skapa eit så godt miljø som mogleg. Me har som prinsipp er at ingen amatørar skal få pengar for innsatsen – for det må vera andre grunnar til at dei deltar. Me prøver å gje dei ei stadfesting som er viktig for sjølvkjensla. Og eg trur mange tykkjer det er spanande å få jobba med kjende utøvarar. Det er betalinga eg kan tilby.

Amatørane har blitt verande, og gjennom åra er det opparbeida stor ein kompetanse hjå dei frivillige gruppene. Parallelt er ein medvitne om at rekruttering er viktig, og ein fokuserer på å nå ut til unge, gjennom repertoaret, men òg gjennom å inkludera dei i produksjonar.

Til dømes har Opera Nordfjord gjennom dei tre siste åra samarbeida med Interiør- og utstillingsdesign-linja på Eid vidaregåande skule om produksjonen av kulisser. Operaens innhyrde scenograf vert gratis arbeidskraft og kompetanse for skulen, og som takk får dei ferdige kulissar frå elevane.

- Det er ein vinn-vinn situasjon, seier Pavelich, som fortel at samarbeidet med skulen òg har hatt andre gode resultat.

Mellom anna då almennfagavdelinga og yrkesfagavdelinga ved Eid vidaregåande skule skulle samlokaliserast med folke- og skulebiblioteket i kommunen – og rektor og ordførar fann ut at bygget òg kunne romma eit nytt kulturhus. Operaen vart tidleg invitert inn, for å sikra ei tilretteleggjing for dei i ein ny kultursal – som behovet for orkestergrav og scenetårn. Og etter litt om og men, fekk kulturhuset namn: Operahuset Nordfjord.

- Namnet vart diskutert, og her merka me nok bygdedyret – folk likte ikkje heilt at me skulle få så mykje merksemd. Samstundes var ein redde for at operanamnet ville ekskludera andre brukarar. Men det gjer det sjølvsagt ikkje, seier ein nøgd Pavelich.

Fotfeste blant allslags folk

Med ei operainteresse som alt er i vinden, kunne dermed OperaNorge-konferansen sitt tema virka noko overflødig. ”Hvordan skal man møte den forventede nasjonale operainteresse etter åpningssesongen i Bjørvika?” var spørsmålet dei stilde i vinter.

Trur du opninga har noko å seia for interessa for Opera Nordfjord?

- Eg trur ikkje at fleire går på opera her i Nordfjord fordi om operaen opnar i Oslo. Men eg er viss på at Opera Nordfjord sin aktivitet har resultert i flere operagjengarar i Oslo, svarer Pavelich.

- For med så mange engasjerte lokalt, har opera fått fotfeste blant allslags folk. Når folk reiser til Oslo eller til utlandet trur eg dei har lettare for å oppsøkja operahusa dit dei kjem. Med Operahuset Nordfjord har me markert eit standpunkt. Det er mange kulturhus i landet – men nesten ingen operahus. – Det er på eit vis Bjørvika og oss!

Fakta:
Eid kommune ligg i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Kommunen er mellom anna kjend for fjordhesten som er avbilda på kommunevåpenet, Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og som regionsenter i Nordfjord. Kommunen har om lag 5800 innbyggjarar.

Opera Nordfjord hadde si først framsyning i 1998.
I 2007 var omsetjinga på omlag 4 mill. kr. Dei mottok 2 624 195 frå det offentlege (1. 334 000,- frå staten, 400 000,- frå fylkeskommunen og 100 000,- frå kommunen). Salsinntektene var på 1442 018,-, medan sponsorinntektene var omlag 500 000,-.

Kjelder: Wikipedia, eidkommune.no og operanordfjord.no

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Opera / Stage Music, Interviews