Tvilende til bransjens angrep på fildeling
Kråkesølv mener "Piracy Kills Music"-kampanjen er et patetisk motangrep.

Kråkesølv er ei norsk gruppe, med norsk namn og norske tekstar. Som mange andre norske grupper, er dei også registrert i TONO. For omlag eit halvt år sidan freista gruppa, som består av Kristoffer Magnus Nohr Unstad, Fredrik William Olsen, Petter Waldemar Nohr Unstad og Thomas Litangen, å legge ut debutplata si, Trådnøsting, på Pirate Bay. Dette var imidlertid noko TONO reagerte kraftig på.

- Vi braut vel rett og slett ein slags musikalsk «Vær varsom plakat». Vi var ikkje forsiktige nok, og visste faktisk ikkje at det var ei potensiell sak. Vi la berre plata vår ut på Pirate Bay på grunnlag av at vi rekna med det kom til å skje før eller sidan uansett. Dette hadde vi jo også rett i, for berre ei veke etter at vi hadde trukke plata tilbake, var den på plass att. Vi er også tvilande til musikkbransjen sitt angrep på ulovleg fildeling. Piracy Kills Music er eit patetisk motangrep. Men i all hovudsak var det heile ein stor misforståelse som vi helst vil gløyme.


Norske musikarar må ut å jobbe
Gjengen i Kråkesølv trur ikkje at den ulovlege fildelinga er ein direkte trussel mot karriera som musikar. Dei meiner berre at norske musikarar må jobbe litt hardare.

- Vi fire greier i alle høve å leve av musikken, men så spelar vi jo over 100 konsertar i år og. Men om ein ynskjer å få dei økonomiske hjulene til å gå rundt utan ein jobb på si, som ein eigentleg ikkje vil ha, må ein vere medlem av TONO. Men at fildelinga øydelegg for folk som vil leve av musikk i dag, trur vi ikkje på. Det betyr rett og slett at folk må ut å jobbe, spele konsertar og levere varene sine. Det er ikkje glamorøst å vere musikar, men ein tjenar nok pengar både til husleige og til melk i kjøleskapet.

På spørsmål om dei trur musikkbransjen nokon sinne greier å stogge den ulovlege fildelinga, svarar Kråkesølv eit einstemt nei.
- Den einaste måten å stogge ulovleg fildeling på, er å gjere det lovleg.

Av Sigrun Sæbu Åland Foto/illustrasjon:
Music Industry, Debate, Genre\Popular Music, Internet, Interviews, CD Releases