Gromme grooves og lydgraut
Laurdag vert det støy og stille, akustikk og elektronikk på Avgarde.
Avgarde (plakat, 2007) (330x311)

Lydkulisser, bunnsolide groovar, filmmusikk, graut og dj-støy er noko av det Avgarde kan presentere laurdag 13 oktober i Sardinen på USF Verftet i Bergen.

Det er den unge komponisten Ruben Gjertsen sitt verk ”Lied” for song og preparert piano som opnar kvelden, før Mari Kvien Brunvoll eksperimenterer med stemme og loop-effektar og tek
med tilhøyrarane inn i si eiga rytmiske og melodiske verd.

Perkusjonsgruppa ”Bergensbatteristane” består av 4 av Bergens mest brukte og mest ulike trommeslagarar, som med eit arsenal av slagverksinstrument lagar klangar, lydar, bråk, stille, dansbare rytmar, solide groovar og skjøre melodiar i samarbeid med DJ Barabass.

Kvelden byr også på bratsjmusikk av Eilert Tøsse: ”Et in Terra” - ei bøn for jorda, framført av Frøydis Tøsse.

”Samtids-støy-breakcore-gratiné” i form av Porridge n’Bass blir det når AUTOMAT.PISS.TOOL får høve til å sleppa tøffe og steintunge beats frå scenen i Sardinen. Gruppa er eit prosjekt basert på kokkegalskap, livet, døden og kjærleiken – blant anna uttrykt gjennom kokkeknivar og radio i tillegg til meir tradisjonelle instrument som kontrabass og trommer.

Gruppa The Science Fair med Oded Ben-Horin byr på jazza filmmusikk før det blir utagerande herjing med akustiske lydkjelder frå fire av Bergens mest markante dj og lydkunstnarar, deriblant Bjørn Torske og Jørgen Træen.

Kvelden roar seg til slutt med Ei ny vandring i Norges Fjell, framført av komponisten Solveig Sørheim sjølv på piano i samspel med Erlend Furuseth Jensen på saxofon.

Sjå ellers www.avgarde.no for meir info.

Konferansier: Morten Eide Perderson.

Det er Avgarde som melder dette.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Classical, Genre\Classical\Contemporary, Genre\Popular Music, Concerts