Eksplosivt og vart
KONSERTANMELDELSE: Julian Rachlin, Janine Jansen, Maxim Rysanov, Torleif Thedéen, Itmar Golan – og nykomaren Anders Nilsson, framførte heile tre strykekvartettar i Logen torsdag. Med stort engasjementet i kombinasjon med musikalsk teft og overveldande tekniske evner, låg det meste til rette for ei overveldande konsertoppleving, skriver Ballades Ida Habbestad her.
Janine Jansen (Foto: janinejansen.com) (268x448)

Av Ida Habbestad

Dei første dagane etter ankomst til årets festspel vart for meg prega av ei noka ubestemmeleg rastløyse. I mitt utval av konsertar tyktest prikken over i-en mangla, og gjennom fleire dagar tenkte eg: dette er fint, men keisamt.

Som til dømes under Trio Mediæval sin konsert med Tord Gustavsen trio, der to i utgangspunktet fantastiske ensemble møttest. Møtet resulterte i fine samklangar – men inntrykket mitt i etterkant var at dette møtet ikkje medførte noko meir enn det. Dei to ensembla utfordra aldri det alt etablerte, utnytta ikkje dei mange høve kva gjeld besetning og sjangrar, men tyktest snarare virka reduserande på kvarandre.

Eg venta på den ’perfekte’ konserten: på å bli utforda, overvelda, bergteken – men gjennom veka var det stadig noko som mangla, anten i framføring og formidling eller i det musikalske materialet.

Dei gode venene

Torsdag vart eit vendepunkt, og baud på den så langt mest positive opplevinga.

At det skulle vera Julian Rachlin, Janine Jansen, Maxim Rysanov, Torleif Thedéen, Itmar Golan – og nykomaren Anders Nilsson som sto for den, er kanskje inga overrasking – og etter alle lovord som alt er øst ut over dette stjernespekka ensemblet, er det ikkje mange å leggja til. Heller kan ein stadfesta lovorda – og formidla at utøvarne nok ein gong tilfredsstilte den nokså høge forventninga i alle fall eg kom med. Det er imponerande i seg sjølv.

Også i fjor var Julian Rachlin og hans vener til stade under festspela, og dei mange gode kritikkane dei hausta då førte til replikken "Etterspill om engasjement" på Ballade. I denne artikkelen stilte meldar i BT, Knut Hellbekkmo, spørsmål om ikkje det kan bli for mykje ”musikalitet” i ei framføring; og om kva grad av fridom den enkelte utøvar kan tilleta seg.

”Selv hadde jeg følelsen av at enkelte tolkninger hadde overdrevent preg av show med store kroppsbevegelser, flagrende hårmanker og sjenerøs personlig profilering”, skreiv Hellbekkmo.

Det kan godt henda han har rett i det. Eg innrømmer gjerne at eg sakna Janine Jansen si tilstadeversle, då konserten opna med Brahms’ ”Klaverkvintett nr 2 i A-dur”. Dei fem mennene framførte det gigantiske verket med stor overtyding, og framføringa utgjorde sjølvsagt ei oppleving i seg sjølv. Men gnisten som vakna til liv då Jansen tok plass med dei andre på podiet i Sjostakovitsj sin ”Strykekvartett nr 7 i fiss-moll” var overveldande.

Både eksplosive og vare kvalitetar i verket vart ivareteke; det rå og det varme gjekk over i kvarandre med slik intensitet at tilskodarane ikkje hadde noko anna val enn å la seg overtyda, og trekkjast med inn i musikken.

Engasjement og musikalsk teft

Illustrasjonsbildet til denne artikkelen sier det meste. Det er lekkert, det er show, det er flagrande hårmanker, store rørsler – ein kjem ikkje unna det. Samstundes meiner eg at det som gjorde konserten så vellukka nettopp var engasjementet – i kombinasjonen med den musikalske teften og dei tekniske evnene utøvarane tykkjest ha.

Så framt den musikalske kvaliteten er til stades, vil eg mykje heller enn å rynka på nasa over for mykje show, og før eg tolkar engasjement og rørsler som eit spel for galleriet, peika på det positive ved at musikarane tek sjanser og kompromisslaust byd på seg sjølve og på musikk dei brenner for.

Det er den same kompromissløysa som finst i festspeldirektør Per Boye Hansen sin ambisjon for festspela; at dei skal vera ein premissleverandør for den offentlege debatten kring kunsten og samfunnet. Kanskje kunne ein etterlysa noko av dette engasjementet hjå enkelte av årets utøvarar og hjå programutvalet til enkelte konsertar under årets festspel.


Konsert:
Julian Rachlin og venner:
Julian Rachlin (fiolin), Janine Jansen (fiolin), Anders Nilsson (fiolin), Maxim Rysanov (bratsj), Torleif Thedéen (cello), Itmar Golan (klaver)
- Brahms: Klaverkvartett nr 2 i A-dur
- Sjostakovitsj: Strykekvartett nr 7 i fiss-moll
- Dvorak: Klaverkvintett nr 2 i A-dur

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Genre\Classical\Classical