NM i janitsjar
I Trondheim denne helgen.

89 korps frå heile landet møtest til dyst i sju ulike divisjonar i Trondheim fredag 8. og lørdag 9. april.

Nytt i år er Lottodivisjonen, eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Her er underhaldningsverdien viktigast. Ti av korpsa er med her.

Konkurransen på laurdag og festkonserten med premieutdeling vert sendt direkte på korps.tv.

- Vi ønskjer at så mange som mogeleg skal få med seg NM-helga, også dei som ikkje reiser til Trondheim. Det vert heile 18 timar med direkte nett-tv, og i tillegg til korpsa som spelar i 1. divisjon og Elitedivisjonen, skal vi ha eit eige NM-studio med gjestar, fortel kommunikasjonssjef Stig Ryland i Norges Musikkorps Forbund i ei pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Competitions