Ein kompleks og vakker overflod
Kvifor forsøka å skildra musikk i det heile? Årets festivalkomponist på Borealis er skeptisk til journalistens ynskje om å forstå musikken. - Eg ville føretrekkja at folk lytta til ein kvar form for musikk nokså uskuldig, utan å bekymra seg for korleis dei skulle skildra den, seier Michael Finnissy.

Av Ida Habbestad

Michael Finnissy er eit hovudnamn under Borealis 2009. Den britiske komponisten vert behørig presentert av det ein kanskje kan kalla Finnissy-ambassadørane asamisimasa, vidare av 20-årsjubilanten BIT20, av Bergen Domkantori samt fleire av Borealis’ artistar.

I denne samtalen fortel komponisten om ideen bak enkelte av verka – men byd òg på krassare utsegn om akademikarar, populærkultur og om det å lytta til musikk.

Ida Habbestad: Då eg førebudde dette intervjuet, kom eg over ei setning om deg på Wikipedia . Der sto det at du ofte vert rekna som eit hovudmedlem av den sokalla ny-komplekse skulen, men at du ikkje likar omgrepet.

Å gje nokon ein merkelapp er kanskje lettvint. På andre sida er det lett å forstå at ein enkelt tyr til omgrepet ny-kompleks for å skildra musikken din – som ein knagg å henga den på. Kvifor mislikar du uttrykket?

Michael Finnissy: Vel, kvifor ynskjer ein seg den enklaste måten å skildra musikken min på? Kvifor forsøka å skildra musikk i det heile? Og kvifor putta ting i ein bås – ville du lika om du sjølv, eller noko du verkeleg likte vart hengt på ein knagg?

På midten av 1970-talet promoterte WDR (tysk rikskringkasting red. anm.) ein serie konsertar under tittelen ”The New Simplicity”. Walter Zimmermann sitt verk, ”Beginner's Mind”, vart framført, og i tillegg spelte dei musikk av komponistar som då vart plasserte i båsar som '”prosess-” eller ”system-” eller ”nytonal”-musikk. I dag vert denne gruppa oftare, men mindre nøyaktig, kalla ”minimalistar”. I 1977 vart det halde ein konferanse om dette fenomenet – Neue Einfachheit – i Berlin. Einkvan; kanskje var det Harry Halbreich, kanskje var det Richard Toop, bestemte seg for å laga ein motsett fraksjon, og gav den namnet ”the New Complexity”. Dette virkar nokså latterleg for meg, som eitt Davidsbund mot eitt anna, eller som gjengar i amerikanske byar.

Men sidan eg likevel sit fast med denne dumme merkelappen, kan eg gjerne fortelja deg kva eg forstår med den: Mange komplekse fenomen eksisterer i universet, og ingen, utanom vitskapsmennene er særleg begeistra for dei. Mengder på mengder av musikk er kompleks og, sjølv historisk, virkar det som om dette uroar folk. På 1400-talet klaga paven på den tids Ars Nova, representert gjennom mellom andre de Vitry og sidan komponistane av Ars Subtilior. Adelen i Leipzig klaga over at Bach sine koralharmoniseringar vandra omkring for mykje; og at dei soleis vart uforståelege. Mozart var fortalt – av ein eller annan konge eller keisar – at han skreiv ”for mange noter”. Slik kan ein halda fram.

Der eg bur og tek mine daglege turar – på landet – eksisterer planter og blomar i ein kompleks overflod. Alle er samanvasa i dette ville, og dei gjev ly til mange formar for dyr og fuglar. I klårt sollys er effekten av denne varierte og mangefarga verda spektakulær og vakker. Sjølvsagt ynskjer eg ein slik form for kompleksitet i musikken min!

På eit djupare plan må eg jo medgje at tankeprosessane mine er komplekse. Eg anerkjenner òg at ein del av det å komponera ”effektivt” er å destillera essensar av noko. Og personleg likar eg ikkje det trivielle og banale ved populære TV-program eller tabloidpressa; eg ville ikkje nytta dei som modellar for det å komponera. Men eg ville føretrekkja at folk lytta til ein kvar form for musikk nokså uskuldig, utan å bekymra seg for korleis dei skulle skildra den. Etter at du lyttar til Beethoven; ville du då seia: ”Dette var eit nokså godt døme på midt-klassisk, post Sturm-und-Drang, musikk?” Ikkje? I så fall – kvifor ville du finna det interessant å karakterisera musikken min som ny-kompleks?

IH: Nettopp! Men der er jo – heldigvis, nær sagt – ikkje berre denne ny-komplekse merkelappen ein kan festa ved deg. Felles for mange av verka denne festivalen er at du gjerne refererer til komponistar og musikalske uttrykk i komposisjonane dine. Eitt av døma er “Après-midi dada”, framført onsdag, som gjennom tittelen refererer både til dadaistane og til Debussy sitt kjende “Faunens ettermiddag”?

I kva grad er desse linjene du til tidlegare komponistar og uttrykk viktige for musikken din?

MF: Eg likar å byggja bruer til referansepunkt som publikum truleg kan identifisera på ein eller annan måte. Det er ein ”innleiiande strategi”. Musikken eg skriv siterer vanlegvis ikkje, og den forsøker ikkje å parodiera kjeldene. I staden transformerer den kjeldene, og kanskje ”forstyrrar” den dei. Opplevinga er meint ”faktisk”, ikkje som ei skildring. Det faktiske er rikt i substans, tekstur og i det tvetydige.

IH: Både med denne samanblandinga, og med titlar som den ovanfor nemnde, “Uncharacteristic Marches” og “Wild Flowers” – opplever eg at du gjev oss mykje informasjon. Der er rike, nokså visuelle titlar. Ynskjer du å gje lyttarane bilete gjennom musikken din – eller korleis tenkjer du kring namngjevinga av verka dine?

MF: Eg ynskjer ikkje å kontrollera lyttararane eller å gje dei bilete. Eg gjev dei musikk!

Eg ville føretrekkja om dei som lytta opna sinna sine, og kanskje utførte eit lite stykke tenkjing. Men eigentleg held eg berre døra open for ei eller anna form for oppleving. Det er ikkje til å unngå at med suggestive titlar, vil lyttarane komma til å leika med assosiasjonar. Somme av desse assosiasjonane er kanskje nokså fjerne frå kva eg hadde sett for meg då eg skreiv verka – om eg då i det heile fokuserte på noko anna enn lyden av det eg festa til papir.

Mi forteikning når eg skriv partituret begrensar responsen frå både utøvar og publikum, eg forsøkjer hardt å finna titlar som legg til det magiske. Bass-stemma i ”Uncharacteristic Marches” er faktisk ein referanse til Schubert sine ”Marches Characteristiques Op.121”. I tillegg er ikkje marsjering særleg karakteristisk for meg. Eg har aldri gjort militærteneste, så tittelen er slik sett fullstendig ”sann”. ”Wild Flowers” refererer til eit dikt av William Blake ”to see eternity in a grain of sand and heaven in a wild flower”. Eg likar ville blomar framfor drivhus-produserte orkidéar.

IH: Noko av det første du nemner i biografen din er at far din arbeidde med å dokumentera øydeleggjingane av London under 2. verdskrig. Du er sjølv òg oppteken av dokumentasjon?

MF: Eitt av hovudprosjekta mine er å ”samla og forsona” ulike former for musikk. Kan henda er det for å skapa eit slags altomfattande kompendium for alle musikksjangrar; eit ”kabinett av kuriositetar”? Slik sett kan arbeidet kanskje sjåast som ei form for dokumentasjon. På den andre sida er det truleg tilfeldig at arbeidet mitt på nokon som helst måte liknar arbeidet til far min. Kanskje har genetikarar eit anna syn. Men far min såg på musikk som ein ”utrygg” profesjon. Hans ynskje var at eg skulle bli lærar. Eg trur nok han hadde blitt glad om eg hadde søkt tilflukt ved Universitetet, og hadde undervisninga som profesjon framfor verksemda som komponist.

IH: Festivalleiar Alwynne Pritchard skriv om musikken din at den er særs politisk og offisiell. Kva politiske emne er det så du ser dei mest viktige?

MF: Eg tenkjer mest på menneskelege tema. Politikarane eg har møtt er openbart hungrande etter makt, og er fundamentalt uærlege og uansvarlege i måten dei møter og handsamar andre menneske.

IH: Men når ”Kritik der Urteilskraft” vert framført laurdag; er dette kanskje endå ein innfallsvinkel på komposisjonane dine: Kva handlar stykket om?

MF: Tittelen refererer til Kants idéar om estetikk, og på eitt nivå presenterer den heilt enkelt tre ulike måtar å komponera den same musikken på. Den første er den mest emosjonelle, på randen til det sentimentale. Den andre er den mest abstrakte, på randen til det mekaniske. Den tredje er ei form for ideell syntese.


Michael Finnissy sin musikk er å høyra gjennom veka i Bergen. Som utøvar tek han del ved tre konsertar; i duett med Mark Knoop, med Adam de la Cour og som del av ein transkripsjonen av ”Spem in Alium” (Thomas Tallis). For fullstendig informasjon sjå Borealis’ heimesider.

Av Ida Habbestad Foto/illustrasjon:
Festivals, Genre\Classical\Classical, Genre\Classical\Contemporary