Bob Dylan vert universitetsfag
Er du interessert i korleis Bob Dylan har påverka kulturen? Eller berre ein frelst Dylan-tilhengjar? Då er det på tide å børste støvet av studentblokka.

Studieemnet i Bob Dylan vil gi bachelor – og masterstudentar 10 studiepoeng og masse kunnskap om Dylans musikk, tekstar og inspirasjonskjelder når studiet startar opp 24. januar, skriv Uniforum.

- Alle som tar ein bachelorgrad i idéhistorie, samfunnsvitskap, religion, litteratur og musikk vil få nyttig kunnskap gjennom emnet om Bob Dylan. Det vil også vera mogleg for masterstudentar å leggja det inn i studieplanen sin. Utdanningsforbundet har synt stor interesse, og me håper at det skal bli aktuelt for nokre lærarar å få plass på emnet, kanskje som eit ledd i etterutdanning, seier initiativtakar og professor ved institutt for filosofi, idé – og kunsthistorie og klassiske språk, Reidar Aasgaard til Uniforum.

Av Sigrun Sæbø Åland Foto/illustrasjon:
Genre\Popular Music, Courses / Masterclasses / Workshops