Debatten om cool
I Klassekampen verserte det i sommer og høst en debatt om cool-musikkens betydning. Kjell Håve skriver her en oppsummering av debatten, som nå er avsluttet. Han går her særlig til rette med synspunktene til Ole-Martin Ihle, som han mener har kastet seg inn i "i ein ivrig polemikk mot sannsynlegvis avdøde amerikanske plateforleggarar, konsertarrangørar og kritikarar".
Charlie Parker (350x390)

Ballade/Musikkinformasjonssenteret er nytt for meg, og eg er lite klar over kva som blir tatt inn av debatt, men ein kunne tru at plassomsyn var mindre naudsynte enn i ei avis. Om mitt innlegg, som Klassekampen ikkje ville ha avdi debatten blir rekna som avslutta, må det seiast at det har ein viss relevans for NRKs dekking av jazz i og med at debatten i Klassekampen vart følgd opp i NRK. Primært er innlegget min reaksjon på eit par hårreisande angrep på sentrale jazzpersonlegdomar, og førehandsknusing av ein kommande jazzkonsert i Oslo, dette av Ole-Martin Ihle, i nemnte avis. Debatten omkring dette gjekk mens sommaren gjekk over i haust, eg la ikkje merke til desse artiklane og vart for sein. Skiten hadde treft vifta. (Klassekampen med sin bakgrunn burde vere interessert i gjendriving av mekanisk lineær historieframstilling og avspeglingsteoriar, men…) Musikaren Njål Ølnes foretok eit roleg og sivilisert drap, men det var inga merksemd i offentlegheita ellers, spying på offentleg plass eller i offentleg rom er vel uinteressant så nummen som den kulturelle tilstanden er blitt her i landet. Ein måte å få merksemd på kunne kanskje vere å framstille det som om ”jazzpoliti” eller ”museumsstyrarar” rørte på seg – eg kan frivillig tilby min artikkel som åte. (I tida etter at eg skreiv har eg til og med skjønt at eitt av mine poeng, tilhøvet mellom Miles Davis og namngitte ”coolmusikarar”, lærar-elev-tiløve, kanskje kan styrke Ihles, min motparts, argumentasjon, får så vere.) I desse budsjettider håpar eg at eg kan få plass til nokre forsiktige betraktningar sjølv om desse ikkje dreier seg om pengar eller andre kvantitetar. Eg håpar eg kan få på dette, inkludert dette førehandsskrivet.

Trondheim 10. november 2005
Håpefullast
Kjell Håve

Øyras betydning i samtidskulturen


Ole-Martin Ihle har kasta seg inn i ein ivrig polemikk mot sannsynlegvis avdøde amerikanske plateforleggarar, konsertarrangørar og kritikarar. Sia desse no har nokså mykje tid på handa, les dei nok Klassekampen. Ihle er óg innom norsk jazzrøynd som han finn introvert og innforstått – her har han ingen døme, men sannsynlegvis er det Bodil Niska, Solveig Slettahjell og Karin Krog som virrar rundt i hulene.

Ihles publikum veit no at han mislikar ein del namngitte amerikanske jazzmusikar, eg trur iallfall hans omgangskrins er takknemleg for slike opplysningar (som dei for så vidt kunne ha fått munnleg). Kriteriet for samanlikninga mellom Gillespie og Baker minnar om det Haldor Kiljan Laxness i sin parodiske sagalitteratur fortel om grunngjevinga Olav Haraldsson hadde for å kristne Norge: han hadde sett eit kors i Frankrike, og denne gjenstanden var lengre enn tilsvarande stavar som sto i hedenske gudehov.

Ihle foretrekker vel Jon Faddis. Chet Baker såg på folk som Parker, Gillespie, Navarro og Davis som noko nær guddommelege, det gjorde óg folk som Stan, Kai, Dave, Lee, Gerry og Lennie. Dette er fornamna på jazzmusikarar som var berømte på femtitalet, som vart oppfatta som coole, som kom frå etniske minoritetar med lys hudfarge, og som er nemnde slik her fordi Miles Davis i sin sjølvbiografi gjorde det og da sikta til medarbeidarar som hadde kopiert han. Det var Miles Davis som skapte cool-jazzen. Forgjengarar var Lester Young og Charlie Christian.

Det gleder ikkje Ihle, men Getz og Allen Eager spelte på førti- og femtitalet fortare enn Lester Young, nokre musikarar meiner at dei spelte betre. Miles Davis fekk aldri noko særleg til med Dizzy-stilen, Davis vart eit geni til å bruke pauser. Innafor dikotomien hot-cool (dikotomiar gjer livet enklare) vil eg foreslå at Davis kunne få eit ord som ”isbrann”, ein og annan motsetnad kan faktisk opphevast. I nokre plater frå midt på femtitalet ligg Davis mykje nærare Baker-idealet (som altså han, altså Davis, opphavleg hadde utforma) enn Dizzy-idealet. Ja, sjølv Davis-soloen på ”Walkin’” er cool, plata liknar lite på eigentleg hardbop.

(Dei kvitt drivne og redigerte jazzblada på førtitalet eller før pleide forresten å ha separate (for ikkje å bruke eit meir belasta adjektiv på s) hot og cool-avrøystingslister over musikarar).

Da ein livredd bondegut frå Oklahoma sto på ein kalifornisk scene og skulle spele saman med Parker ein gong omkring 1950 hadde han iallfall med seg oppmuntringa frå førebiletet Fats Navarro som hadde kome bak scenen og sagt at dette greier du, Chet!

Charlie Parker var glad og takknemleg for at Lee Konitz for one! ikkje kopierte han, men utforma sin eigen altsaksofonstil.

Om Parker og Sartre: Det er greit at ein neger frå Midtvesten ikkje hadde høyrd om verdsberømte franske filosofar, han blir liksom meir neger på det viset. Knut Borge meiner ellers at Sartre ikkje hadde peiling på jazz, det kan jo hende Sartre ville helse på Parker for å vise sin respekt (etter mange år med rasistisk diktatur i Frankrike). (Meiner Ihle forresten at S skulle ha kalt seg Gene Paul?)

Honnør til Ølnes som eigentleg har gjort unna oppgjeret med Ihles mekanistiske historieoppfatning, eg trur Ølnes er samd i at Tristano, Mulligan, Cohn/Sims ikkje konstituerer ein eigentleg stil. Når Ølnes skriv ”ulike sjangrar”, forstår Ihle ganske enkelt ikkje kva som ligg i uttrykket – han er for opptatt av spøkelsa frå femtitalet, på bekostning av faktisk musikk frå den tida. (Ihle bruker trickset med å la den marginale og til dels fortent utskjelte Third Stream ta posisjonen som hovuddøme på cool. I haldninga til europeisk kunstmusikk fell Ihle saman med waspen John Hammond og hans kritikk av Ellingtons suiter, negrar skal vere negrar! Den mest europeisk interesserte var vel forresten John Lewis, med George Russell på slep, det europeiske er uansett noko marginalt. Dreiv ikkje forresten ”Miles” på og spelte på ein spansk gitarkonsert?)

Stakkars den skvisa kaliforniske bondeguten Dave Brubeck, som i fleire tiår berre har villa spele litt utradisjonelt inndelt og rytmisert swingjazz for det store publikum, og som er blitt avskydd som den mest typiske jazznerdinternatbuaren, og samstundes forakta av mange kollegar som ein dårleg musikar.

Alle desse til dels litt for spreidde, og beklageleg kjensleladde, setningar over her og fram til hit for å vise at Ihle sviktar empirisk, i den grad han ikkje kjempar mot spøkelse.

Ihle baserer seg på utygde tankar – uten at vi usamde dermed kan peike på ein grand theory som han kan identifisere som ikkje sin, einskildteoriar har folk hatt i tusenvis av år utan at dei har nedfelt seg i klassifikasjonsskjema. Håpet er at han kan setje på ei plate, for eksempel ”Blue Serge” med Chaloff. Sistnemnde (som var mindre av ein cool-musikar enn ein Bird på baryton) er ikkje gløymd. Kvar gong Bodil Niska står på scenen, blir folk minna om kva Zoot Sims gjorde. Konitz har hatt stor betydning for norsk jazzliv (til dels utafor Oslo, unnskyld).

Ellers har Ihle med sin setning om Lee Konitz, der han, Ihle, fortel at han kan høyre inn i framtida, øydelagd alle sine forsøk på resonnement – nettopp med å vise at han ikkje forstår nokon samanheng mellom musikk og øyre.

Den som lyttar godt til Eldridge, Gillespie og Armstrong! vil høyre mykje coolness. Stoltheita til afrikanskamerikanarane, trass i det dei gjennomlevde, var eit fenomen som kunne høyrast, og så kunne stimulere til liknande oppbrot – musikalsk og kulturelt – i andre etniske grupper. Nokre jazzskribentar og andre sjølvoppnemnde sidelinefolk gjorde sitt beste for å sterilisere jazzlivet og føre det inn i kolonnar i jazzleksikon, tidsskrift og aviser. Men kolonnene har gleda ein del folk som liker å lese og studere.



Kjell Håve

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Genre\Jazz, Media