Folket er i utakt med radiomusikken
- Verda er slett ikkje slik som dei gjennomformaterte radiokanalane våre vil ha oss til å tru. 800.000 av oss vil gjerne høyre jazz, og 650.000 vil helst høyre folkemusikk og gammaldansmusikk når dei slår på radioen , skriv Nynorsk Pressekontor, etter å henta inn ferske lyttertall i ei stor lytterundersøkelse. - Det som først og fremst slår ein er at folk tydelegvis har ein svært variert smak når det gjeld musikk. Kronargumentet for den dominerande popmusikken i alle formaterte radiokanalar er jo nettopp at ein må spele den musikken folk vil ha, og at ”smale” sjangrar må vike plassen. Det er grunn til å spørje kva smale sjangrar er for noko? Musikk som samlar oppslutning frå 500-800.000 nordmenn kan vel neppe kallast særleg smale? skriv Arne Sigurd Haugen i Nynorsk Pressekontor, som meiner at "ein del musikksjefar rundt bør knipe seg i armen og tenkje seg om."

Av Arne Sigurd Haugen, redaktør, Nynorsk Pressekontor

- 800.000 av oss vil gjerne høyre jazz, og 650.000 vil helst høyre folkemusikk og gammaldansmusikk når dei slår på radioen. Verda er slett ikkje slik som dei gjennomformaterte radiokanalane våre vil ha oss til å tru.
Faktisk er smaken minst like variert og avstanden til radiomusikken like stor i dag som for fem år sidan.

Tala er henta frå ei undersøking som Sentio har laga for Nynorsk Pressekontor. Vi spurte: ”Kva slags musikk vil du helst høyre i radio?”

Undersøkinga vart gjennomført i slutten av januar. Tala er ekstra interessante fordi ein har ei identisk måling frå november 2000 å samanlikne med, og det er difor mogleg å sjå om musikksmaken blant folk har endra seg i perioden.

Fleire svar mogleg

Eit representativt utval på 1.000 spurte kunne velje mellom dei vanlege kategoriane pop, klassisk, rock (inkl. hardrock og gammalrock), folkemusikk og gammaldans, jazz/funk, danseband/svensktopp, house/rave/techno og hiphop/rap, og sjølvsagt kategorien ”anna”.

I målinga har det vore høve til å gi fleire enn eitt svar, altså kan ein svare både klassisk og popmusikk dersom ein meiner det. I alt er det gjeve 2.071 svar på spørsmålet. Dei fleste likar oftast fleire typar musikk, og dette har det altså vore høve til å gi uttrykk for i målinga. Derfor kan ein heller ikkje leggje saman prosenttala og få til saman 100. Men prosenttala gjev truleg eit ganske godt innbyrdes bilete av musikksmaken blant det store fleirtalet av radiolydarar.

”Smale” sjangrar – kva er det?

Det som først og fremst slår ein er at folk tydelegvis har ein svært variert smak når det gjeld musikk. Kronargumentet for den dominerande popmusikken i alle formaterte radiokanalar er jo nettopp at ein må spele den musikken folk vil ha, og at ”smale” sjangrar må vike plassen.

Det er grunn til å spørje kva smale sjangrar er for noko? Musikk som samlar oppslutning frå 500-800.000 nordmenn kan vel neppe kallast særleg smale?

Skal ein tru den ferske målinga til Nynorsk Pressekontor, er det ein del musikksjefar rundt om som bør knipe seg i armen og tenkje seg om.

Tala er som følgjer:


Ei tilsvarande måling utført av Sentio i november 2000 gav eit temmeleg likt innbyrdes resultat. Største skilnaden er at prosenttala for alle sjangrar var litt lågare fordi det vart gjeve færre svar, 1.514, medan talet på spurte var det same.

Både jazz/funk og folkemusikk/gammaldans har i realiteten styrkt stillinga si. Dette er verd å merke seg. Bortsett frå nokre spesialprogram er denne musikken nesten fråverande i norsk radio, både i NRK og framfor alt i dei kommersielle kanalane.

Framgang har det også vore for hip hop/rap.

At prosenttalet som vil ha pop og rock ligg høgast er neppe nokon bombe. Men det er interessant at oppslutninga om klassisk musikk er så høg.

Skilnad mellom kjønna

Det er til dels stor skilnad på kvinner og menn når det gjeld musikksmak. Menn er mykje gladare i rock enn det kvinner er (52,7 og 34,6) og er også meir begeistra for hip hop og house-musikk. Kvinner scorar høgare i alle andre sjangrar, klassisk (38,00 og 22,9), pop (46,4 og 43,5), danseband (13,7 og 10,1) folkemusikk (16,3 og 11,4) og jazz (18,0 og 16,1).

Musikksmak og alder

Musikksmaken endrar seg med alderen, ikkje heilt uventa. Dei under er meir opptekne av rock (59,8) og hip hop (25,1) enn dansebandmusikk (2,9). Både pop og rock er ganske jamt fordelt på aldersgruppene under 50 år, med godt over 50 og opp i 60 prosentpoeng. Medan smaken på både klassisk, danseband, folkemusikk og jazz aukar sterkt med alderen, og særleg etter passerte 40 år. Blant dei over 50 er det framleis mange som vil ha popmusikk (30,2), medan klassisk scorar 48,7 pst, folkemusikk og rock endar begge på 24,1 og jazz/funk og danseband begge scorar over 20 pst. Interessa blant dei eldre årgangane for hip hop og house-musikk er minimal, om lag 1,5 pst.

Få Oslofolk dansar swing

Kvar du er busett i landet ser ikkje ut til å ha særleg mykje å seie for kva slags musikk du likar. Rock, pop og klassisk har jamt høg oppslutnad i alle delar av landet. Det same gjeld folkemusikk og jazz.

Men det kan sjå ut til at folk i Oslo og Akershus ikkje er særleg begeistra for dansebandmusikk (6,7 pst) og at sørlendingane kan styre seg både for hip hop og house. Ikkje er dei så overvettes begeistra for rock og pop heller. Derimot har dei svært høg score i kategorien ”anna”, noko som tyder på at det kan vere ein sjanger eller to dei saknar i målinga.

NRK-musikken fordelt på sjanger
Nye tal for 2005 ligg ikkje føre enno, difor må vi nøye oss 2004-tala frå NRK. Dei ser slik ut:

NRK P1: I alt 972 timar musikk, i prosent (timetal i parentes)

NRK P2: I alt 2152 timar musikk, i prosent (timetal i parentes)

NRK P3: I alt 4272 timar musikk, i prosent (timetal i parentes)


Artikkelen er skrevet av Nynorsk Pressekontor, og er bragt videre med velvillig tillatelse. Hjemmesidene til Nynorsk Pressekontor finner du på denne lenken.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Debate, Media, Organizations, Politics, Press