Mårenbiennalen 2007
Mårenbiennalen er ein tverrkunstnerisk møtestad der ein dyrkar dei perspektiv, dimensjonar og uttrykk som opnar seg når ulike fag-retningar innanfor musikk, litteratur, billedkunst og anna handverk samarbeidar.
Nils Økland 2007 (240x240)

Einar Førde opna biennalen i 2003 og samanlikna tiltaket med "Heraklion der dei ni musene bur.”

”Denne veglause grenda som strir for si nåtid og framtid er eit lærestykke i debatten om kulturlandskap. Vi veit litt om kva verdiar som går tapt om ei slik grend døyr”, sa Førde i 2003.

Litterær- og politisk fridomskamp var Mårenbiennalen 2007 sitt tema før det 29. juni vart avgjort at Måren i namnet til ”småkraftverk basert på ein miljøvennlig utnytting” skulle overlatast til vestlandet sin rikaste kraftutbyggar.


“Denne utbygginga gir eit godt bidrag til kraftoppdekkinga og sørgjer for verdiskaping og næringsutvikling i distrikta, sa olje- og energiminister Odd Roger Enoksen da.

I røyndomen vil utbyggaren tene 12 millionar i året på vidaresal av Måren sine vassressursar, medan same sa prompte nei til å støtte Mårenbiennalen.

Grenda sitt einaste verdiskapande tiltak dei siste decennium; Kulturhagen i Måren har tapt ein ti års lang kamp for å få til dialog med kapitalmakta.

Vi vender det andre kinnet til og kan med eit budsjett på vel hundreogfemtitusen ynskje velkommen.

Anne Viken opnar og talar maktmisbruk og uniformering midt imot.

Andre deltakarar er:


Mårenbiennalen starter med gratiskonsert i Høyanger kyrke torsdag 26. juli. Biennalen fortsetter fram 29. juli. Mer detlajert program kommer senere.

Dette i følge en pressemelding.

Av - Red. Foto/illustrasjon:
Genre\Folk / Traditional, Genre\Classical